Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
kultur
Å, for ei fantastisk teateroppleving!
Tre utselde forestillingar, «action» frå start til slutt i over to timar, mykje latter og velfortent applaus. «Å, for en elsker» blei ei uforgløymeleg oppleving.
«Å for en elsker» av Arnold & Bach er ein forviklingsfarse med lett og morosam handling. Far i familien Siebel (Rune Hjelmeseter) har eit ynskje om å gifta bort dotter si til kompanjongen Max Stieglitz (Bjarte T. Olsen). Dottera Gerda (Sara VIkse9 er ikkje særleg interessert, men dei to karane bestemmer seg for å gjera Max til ein interessant kvinnebedårar. Noko som i utgangspunktet ikkje ser ut til å vera ei enkel oppgåve.
Forviklingar og misforståingar,
I følgje TeARTig si presentasjon av «Å for en elsker», er forestillinga ein klassisk komedie full av misforståingar, forviklingar og humoristiske situasjonar. Det var mildt sagt «action» frå start til slutt, med mellom anna ein heftig samtale ved frukostbordet då mannen i huset skulle gje svar på kvifor ei lita dameveske følgde med han heim frå eit møte med ein forretningsforbindelse.
Dei 11 amatørskodespelarane og instruktør Marco Thomas fekk velfortent mykje applaus og ros frå publikum som verkeleg kosa seg i over to timar.
Må opplevast
Ei slik teaterforestilling er vanskeleg å beskriva med ord. Den må opplevast. Det var inga tvil om at instruktør og amatørskodespelarane hadde øvd lenge og godt før framføringa, og dei fortener verkeleg eit stort publikum. Og publikum må følgja med heile vegen for å få med seg alt.
Dei tre forestillingane i helga var utseld allereie før premierekvelden fredag. Marco Thomas, som i 2016 grunnla teatergruppa TeARTig, var svært nøgd med den store interessa for teaterforestillinga. Han er til dagleg teaterpedagog i kulturskulen i Bømlo kommune, og er på fritida styreleiar og instruktør i TeARTig.
Fleire born sytte for at folk kunne få kjøpa fersk og god heimebakst, kaffi og brus før forestillinga og i løpet av ein kort pause.
Vakre Ria Ray sin søte hemn
Historia var eigentleg ikkje over med at den vakre og kjende artisten Ria Ray (Therese Nes) si søte hemn vart vellukka Men berre alle skodespelarane, medhjelparane samt publikum veit korleis det heile enda.
Teatergruppa har intensjon om å setja stykket opp igjen etter sommarferien. Då er det berre å sikra seg billettar for å få ei morosam og uforgløymeleg oppleving i Øresvik grendahus!