frå papirarkivet

Den store festen: Brureparet, Anna Sætre og Martin Haugsgjerd fremst, med sine respektive foreldre ved sida av seg. Mange av gjestene kjem frå Valestrand, med etternamn som Haugsgjerd, Helland, Kvamsøy, Bruvik, Grutle, og Frøkedal. Mange forskjellige bunadar er representerte; Hallingdal, Sognebunad, Sunnhordlandsbunad, Sunnfjordbunad, og sjølvsagt Vossabunad.
Den store festen: Brureparet, Anna Sætre og Martin Haugsgjerd fremst, med sine respektive foreldre ved sida av seg. Mange av gjestene kjem frå Valestrand, med etternamn som Haugsgjerd, Helland, Kvamsøy, Bruvik, Grutle, og Frøkedal. Mange forskjellige bunadar er representerte; Hallingdal, Sognebunad, Sunnhordlandsbunad, Sunnfjordbunad, og sjølvsagt Vossabunad.

Vossabryllaup

20. juli 1968. Denne lørdagen er det sju krunebrurer i alt på Voss. Ei av dei er 23 år gamle Anna Sætre, som ved si side har ein staut valestrending, – den nesten 10 år eldre Martin Haugsgjerd.Saka var på trykk i Sommarvind 2014.

Publisert Sist oppdatert

Bryllaupsfeiring i gamle dagar

Heilt fram til 1880-åra blei bryllaupa i Sveio feira etter gammal skikk. I visitasmeldingane får me vite at feiringa ofte varte tre dagar til ende. I 1869 slo visitasen fast at det gjekk med mellom 1/3 og ei halv tønne brennevin til eit vanleg bryllaup i Sveio, altså om lag 50 liter. I tilleg blei det drukke mellom to og tre tønner øl. Altså 300 liter.

Skjenkinga i bryllaupa starta laurdag ettermiddag, etter at gjestene var komne til gards etter vigslinga. «Kjøgemesteren» hadde ansvaret for brennevinskjenkinga, medan «Kjældermanden» hadde ansvaret for ølskjenkinga.

Første skjenk med brennevin og øl var ved framkomsten. Neste skjenk var ved kveldsmaten, og ofte blei det skjenka ein dram ved leggetid. Søndagen bar det av stad til gudsteneste i kyrkja. Då blei det skjenka ein dram når folk kom sto opp om morgonen og ein dram før ein la i veg på kyrkjevegen. Like etter gudstenesta fekk bryllaupsgjestene skjenk, og slik gjekk det slag i slag heilt til bryllaupet var over tysdag ettermiddag. Då skulle bryllaupsgjestene ha fått 14 brennevinsskjenk til faste tider. Ølskjenkinga var enda tettare, og mange stader var det sjølvbetening av øl. Når «Kjøgemesteren» gjekk rundt og skjenka morgondrammen, skulle og dei som gav gjestene husrom bli skjenka, sjølv om dei ikkje var bryllaupsgjester. Kvinner og barn skulle og skjenkast alle dei 14 gongen, men ein måtte passe på at desse ikkje fekk for mykje av det sterke.

Kjelde: «Tilbake til røtene. Livet i Sveio-bygdene på 1800-talet», forfatta av Sverre Halleraker

Vossajenta Anna kom til Ørevik som nyutdanna lærar i 1966. Med unntak av eitt år, skula ho alle åra i Ørevik fram til 1996. Sin tilkomne trefte ho på ei privat samkome i bygda.

Så langt kan dei to sjå tilbake på 46 år som lukkeleg gifte. Det er nesten like lenge som Sveio og Valestrand kommunar har vore i lag, men det er ei heilt anna historie.

Sommarbryllaupet har 95 gjester, og omtrent heile Haugsgjerd-slekta har teke turen til brura sin heimstad Voss. Den staselege Vangskyrkja i stein frå 1277, der Anna både er døypt og konfirmert, er vakkert pynta. Presten som står klar til å via dei heiter A. Østtveit. Dei seier ja til kvarandre, og blir velsigna av presten. Inntrykka er mange på ein slik dag, – noko blir sitjande i minnet for alltid, medan andre ting er meir vage.

I prosesjon til kyrkja: Først går fedrane, Lars Sætre og Reidar Haugsgjerd. Bak dei, kjøgemeister (Gudmund Mundal), og spelemann (Sigurd Kvåle). Deretter kjem brureparet Anna og Martin Haugsgjerd, brurajenta (Kikken Glimme og bruresvein Vermund Haugsgjerd som ber brurateppet (eit stort vevd teppe, med Vossarosa-motiv, som blir lagt over brurastolane i kyrkja). Deretter alle koner, alle ugifte jenter, alle gifte menn, og til sist alle ugifte menn. Langs vegen er det mange skodelystne, både fastbuande og turistar.

– Då me kom opp igjen til Voss nokre år seinare spurde Martin meg, «kan me ikkje gå inn i kyrkja, – eg har ikkje sett korleis ho såg ut?» Dette har me i ettertid ledd godt av begge to, fortel Anna.

Voss har sterke bunadskikkar. Det siste ekte Vossabryllaupet, då brurafølgjet reid til kyrkja, var i 1900. Brura var Anna si grandtante.

Festlokalet er i Dalane Fjellstova. På menyen står aspargessuppe, røykt svinekam og karamellfromasj. Spesielt fromasjen var utruleg god, minnast Anna og Martin.

Seinare blei det kaffi og mange gode kaker, blant anna spesialiteten «vossakling» som alltid høyrer med når det er vossabryllaup. Far til brura byr på heimebryggja vossaøl, som skikken er.

Nøyaktig klokka 12 skjer det noko: Då har brura kledd seg om, ho er blitt kone. Ho er iført konebunad, som består av svartsaum skjorta, grøn kant nede på stakken og skaut. Alle gjestene stiller seg opp i rekke og gratulerer Martin med kona og Anna med mannen. Brudeparet gir alle gjestene ein såkalla skautadram, og eit bitte lite kakestykke.

Brudeparet Anna Sætre Haugsgjerd og Martin Haugsgjerd. Bryllaupsstasen har dei leigd av Bondekvinnelaget på Voss. Året er 1968.

Spelemennene har vore gjennom både «Fagre Stryn», «Budeiene på Vikafjellet», og mange fleire, men har ikkje tenkt å gje seg på lenge enno. Valestrendingar og vossafolk svingar seg i valsetakt, tango, foxtrot og gamal reinlender. Til slutt er det nattmat som består av rømmegraut og spekemat. Først i dei seine nattetimar går folk til ro. Dei tilreisande blir plasserte hos naboar og slektningar.

Neste morgon samlast alle til felles frukost på garden der Anna kjem frå. No byrjar snart ein ny epoke for dei nygifte. Martin, som er eldst av sju søsken, skal ta over heimegarden. Anna har lærarposten på Ørevik skule. Dei ser framover med forventning. Deira felles framtidsdraumar ligg planta i Valestrand.

– I starten sakna eg snø og vidder, men det gjer eg ikkje lenger, for her er alt så mykje enklare, smiler Anna Sætre Haugsgjerd.

40 års bryllaupsdag.
Powered by Labrador CMS