Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Verdig minnehøgtid 100 år etter
Sjøen låg roleg utanfor Lyngholmen laurdag. Det var vanskeleg å sjå for seg at berre to av 41 menneske kunne reddast då DS «Thor» gjekk ned nesten i fjøresteinane for 100 år sidan.Saka var på trykk i Vestavind 9. mars 2006.
Den gongen var det sterk storm, og isete berg gjorde det umogleg å ta seg opp på land. Innbyggjarar på Lyngholm og mannskap på dei andre båtane såg kva som hende, men kunne lite gjera for å hjelpa.
Fleire hundre personar, mange av dei etterkommarar etter omkomne og overlevande, møtte fram til ei fin minnestund og avduking av monumentet over forliset. Utanfor merka ei raud blåse av staden der vraket framleis ligg.
Initiativtakar Anker Gravdal frå Stord fortalde om arbeidet for å få sett opp minneplata med namneliste og relieff av båten. Han har arbeidd med saka saman med Arne Horneland, som diverre døydde sist sommar og ikkje fekk oppleva at prosjektet blei realisert.
Per German Almås avduka minnesmerket. Han er barnebarn til ein av dei to overlevande frå forliset. Etterpå la Astrid Sundfør Riddervold ned ein blomekrans. Riddervold er barneban til skipsreiar H.O. Sundfør i Haugesund, som åtte «Thor». Også for reiaren og familien var forliset ein stor tragedie. H.O. Sundfør miste både familiemedlemer og arbeidsfolk i tillegg til skipet.
Over all forventning
Rundt 250 frammøtte under avdukinga var langt meir enn det arangørane hadde forventa.
– Dette var over all forventning. Og me har fått veldig gode tilbakemeldingar. Dei som var til stades tykkjer det var eit flott, verdig arrangement, seier kulturkonsulent Marit P. Liknes i Sveio kommune.
I underkant av 200 av dei følgte med til Sambrukshuset etterpå, der kommunen serverte mat, det var høve til å høyra meir av historia om forliset, og mannskoret Havdur song.
Støtte til minnesmerket
Det er mange som har vore med og bidratt til at monumentet kunne bli reist. Sjølve steinen er ei gåve frå Bergenskunstnaren Bård Breivik, som Arne Horneland kjende godt. Relieffet er det Anker Gravdal som har laga. Olaussen metallstøperi har støypt platene og sett bokstavane på gamlemåten. Alle kommunane som hadde omkomne etter forliset, har vore med og bidratt økonomisk. Det har òg Hordaland fylkeskommune, Sparebanken Vest, Haugesund sjømanns- og skipperforening og Jan Sundfør, som er tippoldebarnet til reiar H.O. Sundfør. Det er Sveio kommune som har organisert arbeidet med minnestøtta og hundreårsmarkeringa.
