frå papirarkivet
Ull verdt
Vestavind har besøkt barnehagane på Ekrene og Bråtveit, for å finna ut om strikketradisjonane framleis lever. På kort varsel stilte så og seia alle, både store og små i Bråtveit natur- og kulturbarnehage i strikkagenserar. I stiv kuling blir minusgradane enda kaldare, og dei heimelaga plagga er ull verdt i kulda.Saka var på trykk i Vestavind 23. februar 2012.
Dei fleste ungane er godt underretta om kven som har laga genserane dei har på seg. Som oftast er det farmor, bestemor eller mormor som får æra når namn skal nemnast. Nokre mammaer er òg flinke med pinnane.
Mange timar med masker, både rette og vrange – ligg bak dei flotte verka, som gjerne blir laga litt større enn dei treng, for at dei kan brukast så lenge som muleg. Ofte er dei første klesplagg ein nyfødd baby har, i nettopp ull. Laga av stolte besteforeldre, eller andre i slekta. Det lune klesplagget føl barna i oppveksten, og sørgjer for ein jamn kroppstemperatur, og isolerer mot både varme og kulde. Eit heilårsplagg.
Visste du at ull kan absorbera opp til 40 prosent av si eiga vekt, utan at det kjennes fuktig? Nokon kan påstå at ein ullgenser klør, men det ser ut til det motsette i barnehagen på Bråtveit. Ungane Vestavind snakka med, hadde alle sin desiderte favorittgenser på seg. Men, kva trengs for å strikka? Forslaga kjem kjapt, og ungane blir fort einige om at det som trengs er: Pinnar, ein ull og strikkegarn.
– Eg trur det er mormor som har strikka genseren min. Altså mammen til mamma, som hadde genseren då ho var lita, seier Maia.
Andre strikkekyndige som blir nemnd, er mormor, besta, oldemor, mamma, farmor og Olaug.
– Eg kan strikka med «strikkering», der kan eg strikka luer, seier Arne Martin Helland. Mormora har strikka den blå genseren han har på seg. Han har ein til heime óg.
– Reven spiste opp Ingrid Andrea sin kanin! Og me har ein katt som snik seg inn i skapet etter strikketøyet. Den vil leika med det! fortel Anja ivrig. Det er lett å spora av når ein pratar om noko så keisamt som det å strikka. For ungane er det kanskje ein sjølvfølgje med strikka klede, men kor mange av dagens mødre kan eigentleg kunsten i å lesa mønster, handtera ein rundpinne og fella masker?