frå papirarkivet

Turberkulosen viste ingen nåde

«– Eg vil ikkje snakka om det, elles får eg ikkje sova i natt», sa mor alltid når me kom inn på gamle dagar. Det som fortida gøymde låg tungt på henne i alle år, fortel Sigfrid Grøsvik. Rett etter fødselen kom ho og tvillingsøstera Aslaug på barneheim, seinare til pleieforeldre.Saka var på trykk i Vestavind 1. april 2015.

Publisert Sist oppdatert

TUBERKULOSE

  • Oppstår oftast i lungene. Skuldast mykobakterien Mycobacterium tuber- culosis.

  • Smittar med luftsmitte eller erndråpesmitte.

  • Kring 1900 døydde 6 000–7 000 menneske årleg av TB i Noreg. På denne tida kom kvart femte dødsfall i landet vårt av sjukdommen, og om lag 60 prosent av dei døde var under 30 år.

  • I 1940-åra oppdaga forskarar dei første av eire medisinar som kunne behandle TB.

  • I dag er kring 400 000 menneske i Noreg smitta av tuberkulose. Dei este vart smitta før 1950. 1,7 milliardar menneske er smitta på verdsbasis, og kring 2 millionar menneske dør av TB kvart år.

Det var i dei harde 30-åra. Gravid med tvillingar og smitta av tuberkulose måtte mor hennar, 25 år gamle Brynhild Serine Vestvik, reisa til Lyster sanatorium. Heime i Valestrand blei mannen åleine med tre små born.

Heile familien tok ansvar. Minstejenta Johanna Emilie fekk bu hos bestemor Karina Vihovde, dei to eldste, Konstanse og Ida Cecilie, tok farmor og farfar, Anna og Simon Vestvik i Valo seg av.

Fødselen gjekk som normalt, men Brynhild fekk aldri ha tvillingane. Ho måtte tilbake til Lyster. Dei nyfødde kom til Mobergslien barnehjem på Os ved Bergen, der dei var i to år.

Sigfrid og søster Esther på Mobergslien barnehjem.

– Mor blei frisk og kom heim. Men distriktslegen og lensmannen bestemte at dei tre minste borna ikkje kunne bli hos henne. Det var bittert, etter to år på barneheimen måtte det betalast for at me blei verande der. Dette hadde ikkje far råd til, fortel Sigfrid Grøsvik. På Sola helsar ho oss velkommen med eit varmt smil og ein klem. Det er 65 år sidan ho flytta sørover til Stavanger, men valestrands-dialekten held ho hardnakka på.

Sigfrid og Ottar Grøsvik bur i Sola kommune. Dei to har vore gifte i 61 år.

I 2006 flytta ho ogektefellen inn i ny og moderne leilegheit, alt på eitt golv. No flommar vårlyset innover parketten. Ekteparet går i sitt 85. år, men er framleis ved god helse. No ser dei fram til ein ny og varm sommar, lik den i fjor.

Siggjo har fått plass på stoveveggen, saman med familiebilder, maleri og musikkinstrument. Ottar har sete pal i TV-stolen dei siste dagene. Ikkje utan grunn, får me vita.

– To gullmedaljar og to bronse i går; Bjørgen og Johaug er fantastiske, smiler han entusiastisk. Han er trubaduren i familien, i meir enn 30 år spela han mandolin i Hafrsfjordkameratene, men no er musikken mest til husbruk.

Også Sigfrid har lidenskapar; lesa spennande bøker og TV-serien «Med hjartet på rette staden», og kryssord. I alle år har ho strikka, hekla og sydd til sine nærmaste.

KJÆRT MINNE: Eit smykke forma som ein kross, fekk Sigfrid i gåve ved avreise frå barneheimen i 1933.

Vestavind har med ei videohelsing til Sigfrid. Helsinga kjem frå Margit Vihovde i Førde, det set solabuen pris på. No går tankane nordover til Sveio, og tilbake i tid. Sigfrid finn fram kaffikoppar, og hentar fram gamle album. Ho blar, peikar og fortel. Minna er mange gjennom eit langt liv.

Ho fiskar opp eit svart kvitt bilde frå ein konvolutt. Det viser to småjenter i ei korg, henne sjølv og søstera Aslaug på barneheimen. På eit anna bilde er søster Esther med.

Sigfrid og Aslaug, enno for små til å forstå kva som har skjedd i famillien.
1933: Sigfrid t.v. og Aslaug saman med søster Esther på Mobergslien barnehjem like før tvillingsøstrene blir ytta til pleieforeldre i Valestrand. Jentene er iført nye kjolar som dei skal ha på reisa.

Tvillingane har blitt to år og er reiseklare i nye kjolar. Borna skulle omplasserast. Sigfrid fortel:
– Mor hadde to onklar som «sat godt i det», og som sa seg villige til å ta til seg kvar si jente. Eg kom til Haugland, til Anna og Andreas Haugland. Søster mi Aslaug, kom til Førde – til Sigrid og Bernt Haugland.

NY HEIM: Sigfrid kom til Anna og Andreas Haugland som dreiv butikk på Haugland.Søstera Aslaug kom til Førde – til Sigrid og Bernt Haugland.

«Mor har nok felt mange tårer. Det var nok vondt, ja det blei det heile livet»

Sommaren 1933 kom me med rutebåten frå Bergen til kaien Valevåg. Me var kledde i fine kjolar, raude fløyelskåper og luer med skinnkant. Søster Esther var med på reisa.

I ettertid har mor fortalt meg at ho stod på avstand, eit stykke opp frå kaien då me ankom, men ho gjekk ikkje ned og kontakta oss, stod berre og såg at følgjet fór av garde.

Mor har nok felt mange tårer. Det var nok vondt, ja det blei det heile livet. Ho slutta aldri å vera redd for smitten. Ho hadde det i seg alltid, klemde og kosa ikkje med borna, det var liksom som om ho signaliserte med heile seg, du må ikkje koma nær meg. Kan tru ho hadde lyst, sukkar Sigfrid som no er einaste attlevande av søskena sine.

På den tida tok tuberkulosen mange i bygda. Aslaug blei sjuk, og døydde dagen før 9-årsdagen sin. Søstera Johanna Emilie fekk også tuberkulose og døydde 14 år gamal. – Også familien min på Haugland blei ramma. Pleiesøster mi, Brynhild, døydde 19 år gamal. Dermed blei eg einebarn, fortel Sigfrid.

SMITTEN LIGG PÅ LUR: Då Sigfrid var 7 år døydde pleiesøstera Brynhild (til venstre) av turberkulose, 19 år gamal. Pleiemor Anna til høgre.

Heilt frå starten av var tvillingsøstrene informerte om at dei hadde foreldre i Valo. Då Sigfrid hadde lært seg å sykla besøkte ho dei biologiske foreldra sine.

Faren, Kristen Vestvik, hadde alltid mykje å fortelja, blant anna historier frå då han var til sjøs i ungdomen. På eldre dagar fekk han interesse for lokalhistorie, noko som resulterte i blant anna bidrag til Gards- og ættesoga for Sveio, og heftet «I farne tider».

MOR OG FAR: Sigfrid Grøsvik sine biologiske foreldre, Brynhild Serine og Kristen Vestvik. Bildet er teke på mora sin 80-årsdag. Ho blei 95 år gamal.

– Begge kom i konfirmasjonen min, men far var ikkje i bryllaupet mitt. Han var litt spesiell og hadde eigne meiningar. Hadde han bestemt seg for noko nytta det ikkje å overtala han, nikkar Sigrid.

Pleieforeldra hennar på Haugland var strenge. Dei sa ja til Sjømannsmisjonen sin basar og losjen. Kleivo ungdomshus var derimot synd og skam. Bygdekinoen måtte først godkjennast av læraren. Ein ny spennande epoke kom då ho som 16-åring fekk reisa på folkehøgskule på Halsnøy.

– Pleieforeldra mine dreiv landhandel fram til 1953, så eg var «butikkrotta» til eg flytta til Stavanger 19 år gamal – eit Gudsord frå landet, smiler Sigfrid. Ho minnest ungdomane samlast ofte borti eine hjørnet av butikken. Det var alltid mykje folk, på den tida var det vanleg å handla på krita.

Som 19-åring skaffa Sigfrid seg husposti Stavanger.

I Stavanger fekk ho huspost. Sommaren 1952 trefte ho Ottar frå Osterøy, han blei med til Haugland, og blei vel motteken. To år seinare gifta dei seg i Stavanger. I løpet av dei neste 10 åra kom tre gutar og to jenter til verda. Eldstemann døydde i 1989, det var eit hardt slag. Men stor er gleda over å ha fått 10 barnebarn og 11 oldebarn.

Sigfrid og Ottar Grøsvik.

– Då borna våre kom, den eine etter den andre, blei dei mottekne som kjære barnebarn på Haugland. Det blei ikkje så god kontakt med dei «ekte» besteforeldra, synest eg.

Du veit dei følte seg sikkert små i forhold til dei onklane som var rike og hadde pengar. Far min rodde frå Valevåg til Bergen for å selja poteter, og fekk 50 øre sekken. Då var jutesekken inkludert.

Ein gong skulda han 20 kroner i skatt og fekk besøk av lensmannen. Då sa far at «du kan gjera med meg kva du vil, setja meg i fengsel om så er, men eg eig ikkje pengar». Det var vel kanskje godt at dei ikkje hadde tre ungar i tillegg til dei to dei alt hadde heime, medgir Sigfrid.

– Mor Brynhild var eit godtmenneske, og Ottar si mor, Marta, blei eg like glad i. Og ungane våre var kjære for henne. Ho var til stor hjelp for meg då eg var så mykje åleine når Ottar måtte bort på jobb, og ungane var ofte sjuke.

Det var meslingar, skarlagensfeber, og blindtarmbetennelse, men alt gjekk bra til slutt.
– Etter at eg blei vaksen var eg heime mykje, og etter at pleieforeldra mine døydde reiste me alltid nord til Valevåg og var der i ferien. Turen gjekk oftast på eigen kjøl. Den første snekka var berre 21 fot, men hadde overbygg og var innreia med benker. Me låg som sardiner, sju stykke. Turen tok 12 timar, og då var det nordavindskuling, humrar Ottar.

– Ja, det har gått slag i slag, og det meste har enda godt. Me kan ikkje klaga, sjølv om starten på livet var dramatisk nok, seier den utflytta valestrendingen.


Powered by Labrador CMS