John Anders Semb var leiar i Sveio Røde Kors då Sleipner forliste. Her studerer han eit avisoppslag i Vestavind, datert 9. desember 1999, der han finn seg sjølv som 24-åring på det største biletet. I artikkelen under tittelen, «Kveld til ettertanke», kjem det fram at meir enn 300 personar var samla på Førde samfunnshus denne kvelden. Det var tid for omtanke, tid for å setja ord på tankar, tid for å takka, tid for å dela opplevingar, tid for stille samvær. Med Sleipner sitt forlis som tema.Foto: Kari Nilsdotter Haukås
frå papirarkivet
Tok fri frå jobb i to veker for å leita
Varslingsrutinane til den lokale raude krossen hadde forbetringspotensiale den kvelden «Sleipner» gjekk ned.Saka var på trykk i Adventsutgåva 21. november 2019,i forbindelse med 20 års markeringa for Sleipner-ulukka.
26. november 1999, klokken 18.47:
«Sleipner» forlet Haugesund. Neste stopp er Mosterhamn, der båten skal gå frå kai klokka 19.25.
Klokka 19.08:
«Sleipner» går på grunn like nord for Ryvarden fyr. Mannskapet gir melding til Rogaland Radio om at situasjonen er kritisk og at de trenger øyeblikkelig hjelp.
Klokka 19.15:
Bulkbåten «Askita», bilfergen «Strandebarm» og supplyskipet «Edda Frende» melder til HRS om at dei er på veg mot ulukkesstaden.
Klokka 19.23:
AMK i Stavanger er varsla. Luftambulansen gir tilbakemelding om at den ikkje kan gå opp på grunn av det dårlege vêret.
Klokka 19.28:
Politiet i Haugesund blir varsla. Mottaksapparatet førebur seg. Politiet varslar AMK-sentralen på sjukehuset.
Klokka 19.34:
Rogaland Radio får melding frå «Sleipner»: Me har drive av Litlabloksa og driv innover fjorden utan baug, med dårleg flyteevne.
Klokka 19.39:
Søsterskipet «Draupner» melder seg til HRS. Båten er ti minuttar unna havaristen, og mannskapet seier dei har augnekontakt med «Sleipner».
Klokka 19.50:
«Askita» melder via Rogaland Radio at «Sleipner» har gått ned.
Cirka klokka 20.00 til 20.45:
Containerbåten «Akershus» blir kontaktfartøy for HRS. «Strandebarm» tek opp to personar, «Espeværekspressen» 21 personar og «Askita» 20 personar.
Klokka 20.07:
Mølstrevåg blir mottaksstad for passasjerar og mannskap.
Klokka 20.15:
Eit Sea King-redningshelikopter kjem til staden. 20 minuttar seinare er 13 personar plukka opp og sett av i Mølstrevåg. På neste tur hentar helikopteret opp to personar som er omkomne.
Klokka 20.25:
«Edda Frende» kjem til og plukkar opp sju personar. Seks av desse er døde.
Klokka 20.30:
Fiskebåten «Elisabeth» kjem til staden og plukkar opp ei død kvinne frå sjøen.
Klokka 21.18:
Strandsøk langs land blir sett i gong.
Klokka 21.35:
Den hurtiggåande rutebåten «Sjøfart» kjem til Langevåg med 13 overlevande i to flåtar.
Klokka 21.45:
15 ambulansar og fleire minibussar går i skytteltrafikk mellom Mølstrevåg og Haugesund.
Klokka 21.48:
De ti første passasjerene kjem til sjukehuset i Haugesund.
Lørdag, klokka 18.00:
HRS avsluttar redningsaksjonen. Alt håp om å finna overlevande er no ute. Søndag kveld hentar ein miniubåt frå «Geofjord» to av dei omkomne opp frå «Sleipner».
Utdrag frå loggen til Hovudredningssentralen (HRS) på Sola.
– DET VAR GANSKE spesielt. Eg stod på Haukås og fylte bensin på bilen min då det plutseleg var telefon til meg inne på stasjonen. Det var Thor Kinn, bensinstasjonseigaren, som ringte og spurde om eg hadde høyrd nyheitene om at «Sleipner» var gått ned, fortel John Andres Semb som på den tida var 24 år og leiar i Sveio Røde Kors.
Kort tid etter denne telefonsamtalen låg sveibuen på hjul mot Mølstrevåg, der politiet hadde oppretta mottak.
– Den første eg møtte var Geir Birger Haug frå Sveio lensmannskontor. Det spesielle var at dei kommunetilsette hadde julebord denne kvelden, slik at få var heime, men snart strøymde det på med folk og det blei ganske kaotisk. Eg hugsar at dei første ambulansane hadde problem med å finna fram.
Vestavind 9. desember 1999: KVELD TIL ETTERTANKE, PÅ FØRDE SAMFUNNSHUSOver 300 personar var samla på Førde samfunnshus. Fleire kom langvegs frå. Initiativtakar var Lars Nervik. Det var tid for omtanke, tid for å setja ord på tankar, tid for å takka, tid for å dela opplevingar, tid for stille samvær. Med Sleipner sitt forlis som tema.
RØDE-KORS MEDLEMMENE VAR frå første stund med på rednings- og leiteaksjonen. Dei opplevde nokre tøffe dagar. Ulukka kravde sitt, både av heltemot, innsats, vilje og tru.
Annonse
– Sjølve ulukkeskvelden var vêret så dårleg at det var uråd å søkja ved Ryvarden. Vår jobb blei å ta dei skadde inn i varmen i produksjonslokalet til Ølen betong som blei teken i bruk som mottak. For redningsmannskapa og for dei forulukka var det ein kamp for livet, fortel Semb og utdjupar:
–Dei som var henta opp frå sjøen var våte og kalde, men me prøvde så godt me kunne å massera varmen i folk. Eg minnast at ein person døydde mellom hendene våre.
Ein annan ting som har brent seg fast hos sveibuen var då ein av redningsmennene frå eit Sea King redningshelikopter kom inn på mottaket ekstremt utmatta, etter å ha vore opp og ned i sjøen og henta opp folk. Han måtte ha hjelp for å få av seg overlevingsdrakta.
Det vakre minnesmerket – laga av kunstnaren Arne Mæland frå Os, står like til høgre før me kjem til fyret. Det er godt synleg med sjøen som bakgrunn, og på minneplata i nærleiken står namna på dei 16 som mista livet i «Sleipner»-forliset 26. November 1999.Foto: Irene Flatnes Haldin
DET VAR IKKJE mykje kvile. Det gjekk i eitt med redningsaksjonen, også etter at den var offisielt avslutta. Semb som på den tida var lastebilsjåfør hos Lars Staupe as, spurde seg fri og jobba i staden fjorten dagar som frivillig. Han var ikkje åleine.
Annonse
Forutan Sveio kom det frivillige frå Tysvær, Haugesund, Bømlo og Stord, og lenger vekke som Os og Stavanger. I Buavåg blei det oppretta base for Røde Kors-leiarane.
SOM MEDMENNESKE VAR dei alle opptekne med av å bidra med det dei kunne, så lenge som mogleg. Men å kalla søkinga langs land «langs kysten i Sveio», var misvisande. Det er slett ikkje strender folk har gått langs, men tvert om glatte, livsfarlege svaberg og mykje ulendt terreng.
– Eg har alltid likt å hjelpa og støtta opp om andre, det er ein god leveregel, fastslår John Anders Semb, som til dagleg er å finna som oppsynsmann i drift og vedlikehaldsavdelinga i Sveio kommune.
Etter «Sleipner» byta han ut Røde Kors med Sveio brann- og redningsvesen, der han framleis er den dag i dag.