Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Tida som forsvann
Saka stod første gong på trykk i Vestavind 2009.
Eg er begynt å dra på åra og helsa er ikkje som ho ein gong var. Eg har god tid til å tenka tilbake på tida som har gått, og lurar ofte kor ho har blitt av. I dag er eg den eldste mellom Fjon og Våga.
Ein dag fekk eg ideen å skriva ned namna på dei som har budd mellom Fjon og Våga, og som har lagt årane inn. Det er gode naboar og omgangsvenner som eg saknar. Eg brukar berre fornamn, og begynner på Lyngbakken. Der budde to ungkarar, Johan og Johannes. Alltid gjestfri og følte meg alltid velkomen der. På Fjon var det og to ungkarar. Det var Sakarias og Kristian. Dei hadde drive pelsdyrjakt i Canada i ungdomen. Sakarias tok seg tur med hagla så lenge hels tillet et. Kristian mista ein fot i ei ulukke og var hemma av det. Dei var to gjestfrie ungkarar, eg følte meg alltid velkomen når eg kom på besøk.
På Fjonahaugen er to gått bort, Erik og Olav. På andre sida av elva var gamle Matre som me sa. På Leirvik budde Ingval og Malla, dei levde av fisk. Magne dreiv fiske som faren, men likte og ta ein trall på trekkspelet. Einar bygde hus på Leirvik og var gift med Bergjot.
På Kvalvågnes budde Johannes. Der budde også to brør, Ellev og Martin. Martin var krigsseglar, og bar preg av det.
Så kjem me til Stølane. Der budde Magnus og Ingeborg. Magnus hadde reist til sjøs på seglskuter mesteparten av sitt liv. Garden blei overtatt av Sverre og Anna. Greie naboar som det ikkje var noko tull med. I nabohuset budde Ingeborg og Georg. Georg var maskinist og krigsseglar. Etter dei var det Lars og Ingeborg. Omgangsvenner og mange koselege stunder i lag. Flytta til Karmøy.
Så var det Torkel og Lillian som dreiv forretning her på Kvalvåg. Så var det Lars og Anna i Kvalvågtre. Eit roleg og gjestfritt par som ikkje gjorde nokon fortred. Dei hadde så gode eple i hagen, me var mykje der og fekk plukka.
Lenger oppi skogen budde Krusen. Han som ingen viste kor kom frå. På Våga tar eg med to, Berre og Borghild. Me hadde mange hyggelege turar saman. Tilbake til Kvalvåg, ver var helg og Hanna; ho var eit arbeidsjern, han var plaga av astma, men var i sitt ess når han fekk trekkspelet på kne.
Så var det Nils og Olga som flytta tidleg til Haugesund. Lengst borte på Kvalvåg budde Johannes og Ingeborg. Eg var arbeidskamerat med Johannes i mange år, og me kom alltid overeins. Nærmaste nabo var Jens og Sina, og sønene Erik og Gunnar.
Odd hadde hytte på vår eigedom. Me var omgangsvener og fiska nokre tusen kilo ål i saman i Vigdarvatnet.
Viss eg ikkje tar feil er det til saman 44 stykker. I dag er det ein ny generasjon som har overteke. Det er tidens tann og me får finna oss i det. Men det er vondt å sjå at gode navoar og vener forsvinn og du sit åleina, men eg har gode minne frå den tida.
Då eg begynte i arvbeid på Ålfjordvegen i 1048 var me to lag på seks mann. I dag er eg den einaste som lever av dei 12. Resten har lagt inn årane.
Olav Bøe (1925-2009)