Kommunevåpen:Det er Kolbjørn Ekkje som har teikna kommunevåpenet til Sveio, godkjent i 1982. Motivet byggjer på våpenet til lågadelsætta Dall, som kring 1600 budde på setegarden Sveio. Mats Jonsson, son av Jon Gautesson til Sveio, var med blant dei norske adelsmennene som sette seglet sitt under hyllingsbrevet til kongen i 1591. Seglet syner eit skjold med ei kløyvd lilje og ei stjerne i kløyvinga. Sidan kommunen har namn etter den gamle setegarden, der bygdesenteret ligg i dag, vart Jon Gautesson sitt våpen lagt til grunn for kommunevåpenet.
Utkast til kommunevåpen for Sveio anno 1948, laga av Magnus Hardeland. Det var Haugesunds Dagblad som tok initiativ til å få teikna ei rekke kommunevåpen for nokre av bygdekommunane på Haugalandet – før kommunesamanslåinga.