frå papirarkivet

Slaktaren i Vågedalen

Hilmar Theodor Jørgensen Vaage (1887-1979), dreiv med slakting av sau, gris og storfe i stor skala. Slaktehytta hans låg i Vågedalen, der han også dreiv bruk 2 og 9 på garden nordre Våge. Den mest aktive slakteperioden hadde han rundt 1920-1955.Saka var på trykk i Vestavind 12. april 2017.

Publisert Sist oppdatert

Hilmar var ein sosial, godlynt og flink arbeidskar. Særleg var han kjent for å ha eit godt lag med kniven. Slakteknivane heldt han kvasse, det var ein sjølvsagt ting, han som alltid var innstilt på å gjera ein god jobb.

Då Hans Arne Våge reiv den vesle slaktehytta til bestefaren i 2002, fann han sikker dokumentasjon på den store kundekrinsen; papirsekker fulle med gamle rusta saueklavar, dei fleste merka med namn på sauebønder frå Sveio og Valestrand, men også mange frå Skjold og Tysvær.

Brørne Birger Våge t.v. og Hans Arne Våge ved murane av slaktehytta til bestefaren. Slaktehytta til Hilmar Vaage stod først kloss i vegen, men blei rundt 1935 flytta eit lite stykke lenger opp. I 2002 blei ho riven.

– Det er imponerande korleis han kunne driva så stort i dei dårlege tidene, meiner brørne Hans Arne og Birger Våge om bestefaren. Førstnemde overtok garden i 1973. I dag er det son til Birger, Gunnar Våge, som har garden.

Då bølgeblekktaket på slaktehytta byrja å bli dårleg, og det var fare for at platene kunne blæsa inn i nabohus og gjera skade, reiv Hans Arne hytta. Bygningen bestod av ein enkel trekonstruksjon på rundt 5 x 7 meter. I taket var det bolt og ei talje, det var her dyreskrottane blei hengt opp under bjelkane. Straumforsyninga kom frå Waage Elektrisitetsverk. Straum til alle hus kom først i 1952.

Sveiobønder i byen for å sjå på sau: F.v. Hilmar Vaage, Kristian Våge, Hans Arne Våge og Møller Tveita. Personen heilt til høgre er ukjent.

Haust og vinter var det slaktesesong, og då var det rett ofte at naboar og forbipasserande kunne høyra grisehyl i Vågedalen. Alt av innmat på slaktet blei teke vare på, og heile familien var i sving. Tarmane blei brukte i pølseproduksjon og blei vaska for hand i bekken. Noko å tenkja på for dei mest kresne som snakkar om «pølseskinn» og «skinnfri» versjon i kjøledisken på butikken. Men dette var noko som folk før i tida ikkje tenkte så mykje på, ifølgje Våge-brørne.

– Skulle hatt det på film

– Eg måtte tidleg læra å vaska tarmar, minnast Hans Arne. Vaskinga føregjekk i ein bekk som rann like ved hytta, og han var ikkje meir enn fem-seks år då han byrja å vanka i slaktehytta hos bestefaren.

– Me skulle hatt det på film då du for opp til Skårevatnet og vaska på tarmar, skjemtar Birger til bror sin.

Brørne har funne fram brillene, og blar ivrig i to gamle album. Dei leitar etter eit spesielt bilde, det av bestefaren når han klyppar ein stor ver. Ja, der dukka det heldigvis opp!

– Då eg var ung var eg ikkje så interessert i slikt gamalt, difor spurde eg aldri bestefar om noko heller. Det har eg trega på i ettertid, medgir Hans Arne.

I 1951 kjøpte Kristian Våge garden (1908-1973) garden. Her saman med Reidar Vikse (far til Johannes Vikse).

Tarmskyll

Det brusar alltid godt i bekkene som renn ut i Viksefjorden om hausten, den gongen som no. Tarmen for nedover med straumen og blei både rundjult og vaska. Gutane drog tarmen opp igjen og slepte ut på nytt. Det måtte gjerast skikkeleg, for tarmar var etterspurd salsvare.

Slaktarar og kjøtbutikkar betalte 25 øre per stykk, og det var eit kjærkome tilskot i dei tider. Sveio-slaktaren drog sjølv til byen med hest og kjerre, leverte tarmar til faste kundar, og baud fram ferskt kjøt på Landmannstorget.

Kalveskrotten

Slaktehytta låg like ved bygdevegen, men slaktaren brukte aldri å låsa, han stolte på at folk var ærlege. Men så ei natt forsvann ein heil kalveskrott. Kor hadde han teke vegen? Mistanken gjekk i ei bestemt retning, og etter å ha undersøkt litt blei den skuldige konfrontert ein søndag føremiddag. Slaktaren stod i kjøkendøra medan tjuven koka på kalvekjøt. Det var ikkje til å misforstå.

Slaktaren i Vågedalen, Hilmar Theodor Jørgensen Vaage, var ikkje berre slaktar for Vikse-krinsen, folk frå heile distriktet visste å finna han og bruka han.

Hilmar var gift første gong med Akselina Nygård fødd i 1887. Dei fekk seks born. Etter at han blei enkjemann i 1950 gifta seg om att med Lovise Kathrine Berntsdtr. Dei budde på Mølstre. Hilmar blei 92 år gamal.

Høyonn på garden nordre våge.

– Det var nok bessen!

I fjor sommar hadde Hans Arne Våge seg ein tur til Nedstrand og der kom han i preik med ein eldre kar på utkiksplassen Holekleiv. Sveibuen presenterte seg, sa han kom frå Vågedalen.

– Jau, der har eg vore mange gonger! sa framandkaren. Han fortalde at han hadde køyrt for ein kreaturhandlar Maurland, og då hadde han blant anna vore hos ein slaktar i Sveio og kjøpt opp nokre dyr. Det var rett oppifrå krysset, og der hadde han fått middag.

– Signalementet passa presist på bessen, det var nok der han hadde vore, nikkar sveibuen.

Powered by Labrador CMS