frå papirarkivet

Skulestart for 30 år sidan:

Første skuledag, og dei er alt godt i gong, elevane på Ørevik skule. Frå venstre: Anne Karine Skaug (3. kl.), Ina Therese Vestvik Vihovde (2. kl.), Ingebrigt Berge Haugland (1. kl.) og Torstein Strømøy (3. kl.).
Første skuledag, og dei er alt godt i gong, elevane på Ørevik skule. Frå venstre: Anne Karine Skaug (3. kl.), Ina Therese Vestvik Vihovde (2. kl.), Ingebrigt Berge Haugland (1. kl.) og Torstein Strømøy (3. kl.).

Skulestart på Ørevik

Førre onsdag var det klart for eit nytt skuleår. Vestavind var innom Ørevik skule og helste på nokre av elevane der. Og det var visst ikkje om å ta det med ro fyrste dagen.Saka var på trykk i Vestavind 24. august 1995.

Publisert Sist oppdatert

Oppe i andre etasje, ved sidan av sløydsalen var det full aktivitet. Der var nokre av elevane i full sving med å rydde på klossar – og dei såg jamvel ut til å trivast med det. Ein av dei var Ingebrigt Berge Haugland. Han syntest det var kjekt å byrja på skulen, men nokon nybyrjar måtte me skjøna at han ikkje var. Han hadde jo gått på førskulen, så han kunne alt eit og anna. Og tid til å stå og preike tull med ein avismann hadde han heller ikkje all verda av, her skulle det ryddast.

– Er det travelt på skulen?

– Berre når det er klossar og sløyd, kjem det gjennomtenkt frå einkvann.

Anne Karine Skaug har teke steget opp i tredje klasse. Kva synest så ho om å gå på skulen? Det er gøy med skule, meiner ho.

– Men me kunne godt hatt lenger ferie – dobbelt, seier Anne med trykk.

Men no får det vere passeleg nok, meiner han Ingebrigt.

– Anne, sit ikkje der og lat deg, no må me rydda, kjem det myndigt frå han.

Ho Anne tygg litt på denne meldinga og undrar på om ho skal taka denne spretten frå fyrste klasse på alvor. Sjølv går ho no i tredje klasse og veit nok meir om rydding og klossar enn han Ingebrigt. Men ho Anne hevar seg over det og sklir sakte ned frå benken klar til å ta fatt på klossane igjen.

Og då stikk Vestavind sin av, før han Ingebrigt set han til å rydde i klossane.

Dei er tydeligvis ikkje til å spøke med når dei har ein heil førskule å slå i bordet med.

Powered by Labrador CMS