Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Skrinet til Signi
Året er 1850, ei 24 år gamal jente står reiseklar med ferdaskrinet sitt.Saka var på trykk i Haustvind 2015.
VESTRE VIKSE:Signi Clementsdatter Smørsund. Kva veit me om henne?
Ho blei fødd 1826 i Krokane under vestre Vikse, som nummer fire i ein søskenflokk på sju. Foreldra var Ingebrigta Jørgensdatter Storasund Vikse (1788-1861) og Clement Hansson Vikse f. 1793. Mor hennar gjekk under namnet Smørsundkjerringa, og var kjent over eit stort distrikt for sine spesielle evner som klarsynt.
Den unge Signi giftar seg med Elias Eliasson Skastad. Det første barnet, av i alt 13, kjem til verda i 1851. Fire år seinare flyttar dei til Rabben under Byrkjeland og ho blir gardskjerring. Fem av borna døyr før fylte sju år.
Dagny Storstein stryk fingrane over det glatte treverket. Skuffa er vanskeleg å få opp, men med ein strikkepinne klarar ho det til sist. Skrinet til Signi har Dagny arva. Det har stått på loftet heime på Vikse så lenge ho kan hugsa. 78-åringen kjenner berre små bitar av historia, fortalt av farfaren i Vågedalen.
– Andor Olsen Straumsvoll (1828-1897) og Gunvor Andersdatter Søndrevågnes f. 1835, søre Våge, var oldeforeldra mine. Han blei kalla Andor Krokane, var snikkar og budde i Krokane. Der vaks bestemor mi opp like i sjøkanten. Den sagnomsuste Smørsundkjerringa budde like i nærleiken. Ho var mor til Signi som ferdaskrinet blei laga til for 165 år sidan.
Plassen Krokane lever opp til namnet sitt.
Dagny er godt kjent på Krokane som ligg ved utløpet til Viksefjorden. Her har familien i alle år reist ut med båt for å feira St. Hans og bada på fine sommardagar. Her er framleis spor etter gamle husgrunnar.
– Bestemor mi (Mette Tyrine Andorsdatter Høgestøl) fortalde at når ho gjekk på skulen gjekk dei i tresko og måtte klora seg opp gjennom fjellet for å koma seg inn til Vikse der omgangsskulen var.
Andor Krokane kjøpte eine halvparten av garden Høgestølen under austre Vikse. Han dreiv ikkje jordbruk, men livnæra seg som snikkar. Huset og plassen blei seinare overteke av dottera, Dagny si bestemor.
– Om kista har stått her, eller far min eller bestefar min har kjøpt ho på auksjon på Rabben, det veit eg ikkje. Far min var frå Vågedalen, som låg nær opp til garden Rabben. Bestefar min mintes gutane på Rabben, og fortalde at Signi gjekk under namnet «Rabbakåna». Ho var ikkje nådig når gutane ikkje oppførte seg som ho ville.
Dagny Storstein mista mor si då ho var fire, og bestemor si då ho var 9. Saman med faren flytta ho til Vågedalen, der bestefaren budde. Garden Rabben låg like i nærleiken, for å koma dit gjekk dei stien gjennom utemarka.
Dagny lengta alltid tilbake til Vikse, så då dei fekk sjansen flytta ho og ektefellen Harald tilbake.