Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Skapte draumen frå barndommen
Bilen hadde uendeleg høg status for 11 år gamle Ivar Lae Pedersen i 1985. Nå har sveibuen eit strøkent eksemplar, sjeldan som få. Godt innelåst i garasjen, står ein velskapt BMW Alpina B7 Turbo Katalysator, med BMW sitt interne modellnamn E28. For sveibuar flest, er den kanskje ikkje meir enn ein strøken rånebil frå 80-talet. For kjennarar er den ein farkost som haustar stum begeistring.Saka var på trykk i Sommarvind 2014.
Ivar Lae Pedersen (39) har skrudd bil heile livet. Ikkje eit motorrom er ukjend for han, men det er BMW han kan, ut og inn. Han omtalar det som ei fanatisk interesse, som han ikkje kan gi slepp på.
For å gi eit genuint bilete på kor stor pasjonen er, kan det nemnast at Pedersen har hatt rundt 300 tyskarar mellom arbeidshanskane. Kjøpt, fiksa, seld.
– Men slikt gjer eg ikkje nå lengre, nå skrur eg berre for meg sjølv, seier 39-åringen. Før var fiksing av andre sine køyretøy levebrød, men etter 10 år som mekanikar og deretter som Nordsjøarbeidar, jobbar han nå til dagleg som seniorteknikar på Aibel i Haugesund. Ein kontorjobb med innslag av feltarbeid.
På heimebane er han ein familiemann, med fem barn i alderen 4 til 16 år. Åse traff han sjølvsagt då han skulle hjelpa til med bilen ho køyrde. Sambuaren møtte Ivar saman med lidenskapen hans.
– Ho visste kva ho gjekk til, men ho forstod nok ikkje at det var så gale, smiler Pedersen, som åtvara ho at han brukte over snittet mykje tid med nasen under forskjellege panser. Men det har gått bra det òg.
Nå held familien på å pakka ned huset, for å flytta til eit større og meir eigna hus på Krossleite for ein familie på sju. Han gir slepp på mange kjekke kvadrat for bilane, men heldigvis for pappa Ivar, har det andre huset også eit stort bilhus med tre garasjeportar.
Familiebil
Det seier seg sjølv at kvardagen i mange år har vore – og er ganske tettpakka med familie, jobb, hus og heim.
– Eg brukar kveldane og nettene i garasjen. Gjerne fram til klokka 02.00, så er det opp igjen klokka 05.45. Men, eg merkar det på kroppen nå, at det ikkje er bra, meiner Pedersen.
Han fortel at det sosiale som skjer i garasjen betyr mykje.
– Eg har kompisar og kjende som kjem innom for å slå av ein prat, då blir alt arbeid lagt til sides, smiler mekanikaren, som set stor pris på besøk.
– Det har vore mange kjekke kveldar, smiler Pedersen.
Tilbake til den andre kjærleiken.
Då BMW Alpina B7 Turbo Katalysator kom for sal, blei den marknadsført som verdas raskaste sedan. Av utsjånad – ein vanleg familiebil, men med spoiler og dekorstriper.
Mens andre sveiogutar samstundes drøymde om sportsbilar, til dømes Ferrari Testarossa, blei akkurat denne tyske fartsjuvelen med fire dører og slepekrok aldri gløymt av unge Ivar.
Nå har han brukt tallause timar på å byggja seg eit eksemplar, bit for bit. Del for del. Den er nå inne i sin andre sesong med skilt, og er å rekna som «ferdig».
Haustar pokalar
Bilen har han synt fram på fleire treff i lokalt, i Noreg og i utlandet. Spesielt stas var det då Alpinaen fekk stå på podiet med spotlights på seg på Oslo Motorshow i oktober 2013.
– Det er første gongen eg viser fram min eigen bil, fortel Pedersen, som med sine kunnskapar har vore dommar og medbyggjar på andre sine bilar.
Fjoråret gav sju pokalar, mellom anna for klassen for beste retro bil, beste europeiske bil, beste bil i modifisert klasse og så vidare.
Utstillingar i bilmiljøet har nettopp starta for i år.
Han har vore med på to treff i år, og har fått to skinnande pokalar – aksept for alt arbeidet han har lagt ned.
Dei yngste ungane i flokken tar del i utstillingar, om det passar slik. Då blir bakseta fylt opp med barneseter, og rett som det er, ei campingvogn på slep.
– Bilen skal kunne brukast og køyrast, og det utan å sjekka vêrmeldinga tre gonger på veg til by’n, men det skal heller ikkje leikast rundt og i bilen, medgir Pedersen.
Lang prosess
Bildelane har han hatt i 6 år, og jobba effektivt mot å få han i stand i 3-4 år.
Det heile tok fart då han var på arbeid i Kristiansand i 2008. Der kom han i snakk med ein kar som kjende ein som eigde ein Alpina, ja, den var til og med for sal! Timar seinare var Pedersen på visning. Bilen var døden nær, og det var kun motoren og eit par el-vindauge som funka. Alt av originale Alpina-detaljar var på plass. Me snakkar interiør, spesialkomponenter og dekalar. Eit svært sjeldan funn, med andre ord. Etter ein samtale med sin respektive sambuar, blei det avgjort. Denne mulegheita kunne dei ikkje gå glipp av. Konebil med 320 hestar skulle det bli då. Same kvelden hadde bilen skifta eigar, og blei frakta frå Farsund til Sveio.
Donorbil
Det viste seg at bilen var meir prega av åra, enn det som var forventa.
– Alt eg tok i, datt i frå kvarandre, minnast Ivar. Litt bittert, men likevel eit utgangspunkt. Den blå Alpinaen blei kategorisert som donorbil – og Pedersen skaffa seg ein ordinær 1987-modell BMW 518 (E28) med det som skulle vera eit betre karosseri. Også her blei han skuffa. Bilen kjøpte han usett, og seljaren lova meir enn bilen var god for. Det var ikkje noko anna å gjera enn å bretta opp ermane, og pussa på rust og tectylbehandla for alle pengane. Arbeidet med oppbygginga har tatt langt tid.
– Eg brukte over fem år på å samla inn delar. Originale Alpina-delar er sjeldne, så det har vore tidkrevjande, medgir entusiasten, som har detaljsamla skruar, klips og deksel. I BMW-miljøet skal alt vera originalt.
Med sitt breie kontaktnett verda over, har han fått skaffa alt han treng. Og det har kosta sin pris. Eit døme på begjæret, er eksospakningane til motoren. Dei venta han på i to år – til ein total kostnad av 12 000 kroner. Då var dei originale.
Ingen freistande snarvegar blei tatt, og når alt kjem til alt, har han nå ein heilt ny bil.
Framgang
Mykje av drivkrafta og motivasjonen for å halda fram med bygginga, er takka vere eit diskusjonsforum på nettet for BMW-entusiastar, bimmers.no. Der er han kjend bak nicket Pedi, og er vidt kjend for sin prosjekttråd. Der har han lagt ut alt frå A til Å om prosessen, med over 2 000 bilete. Motgang og framgang. Backup og støtte.
I skrivande stund har tråden «Pedi’s BMW E28 Alpina B7 TurboKat» 205 000 visningar og nesten 5 000 svar. Den er då nettstaden sin lengste tråd, med sine 429 sider.
Brukarane på forumet har og vore hjelpsame mot superbrukaren frå Sveio.
– Eg har fått tilsendt ting eg trong til bilen i posten, heilt gratis, fordi dei meinte at denne delen skulle eg ha, fortel Pedersen.
Gule løvetannar blømer langs vegane, og Pedersen har tenkt seg på fleire biltreff ut over vår og sommar, i inn- og utland. Diamanten skal visast fram.
Det har til og med blitt «kalenderpike» av frøken Alpina – bladet Autofil har valt bilen til Pedersen til motiv i mai.
Fleire prosjekt
Med gullbilen i boks, ventar to nye prosjekt for Pedersen. Ein haug bildeler, som kan forvekslast med vrakdelar, skal bli gjenoppliva til ein 1976-modell BMW E21 Peters cabriolet.
– Eg veit ikkje kva eg skal begynna på av den og lastebilen. Eg skal byggja opp ein 1929-modell Chevrolet Truck med BMW V12-motor òg. Ein amerikanar med BMW-hjarte og motor. Ein Ivar-bil, seier Pedersen, som trur han vil bli både hata og elska i både tysk og amerikansk leir for denne hotroden.
– Det skal bli eit bra bygg, og det er det som betyr noko. To-setaren med plan var registrert for første gong i Haugesund, og seld til Sveio 2. januar 1930. Alt han har av delar, er ei ramme og nokre 85 år gamle rusta stålplater, men ikkje minst ein idé.
Planane for denne er allereie forhåndsgodkjend av Biltilsynet, før han har begynt å skru ein einaste skrue. Pedersen har fått «nokre» køyretøy godkjende for trafikken hos dei, og er på førenamn med dei fleste tilsette der.
– Eg har prøvd å gå fram som seriøs, og hatt ein god dialog på førehand. Mange ungdommar dukkar fordomsfulle opp med ferdigbygde bilar med store motorar, og blir irriterte om bilane ikkje får skilt. Ein må greia hunden med håra, og ikkje gå bak ryggen på Biltilsynet. Dei er ikkje vrange slik mange trur, dei har eit regelverk å halda seg seg til. Ein god dialog og forståelse for regelverket er stikkordet, tipsar Pedersen.