frå papirarkivet
Siste generasjon telefonstolpar?
Studerer du ein telefonstolpe vil du sjå at dei er merka på ulike vis.Men kva betyr desse merka?Saka var på trykk i Haustvind 2016.
Per Aril Meling, pressekontakt Telenor Norge gir oss ei kort forklaring:
– Merkinga er for å auka tryggleiken. Rund spikar i metall er produksjonsåret for stolpen, og kvit plast, stifta i stolpen «med to tal i ei rekkje», er kontrollåret som er prega inn for det året det er gjennomført kontroll. Det skjer kvart 10. år. Kvar stolpe har i tillegg sitt eige nummer, akkurat som som husnummer. Under kontrollar blir det registrert behov for ulike tiltak på rundt 500 av telefonstolpane. Ein del blir fjerna grunna endring av teknologi, då det ikkje lenger blir ført signal i leidning.
Ifølgje Telenor Norge er det i dag registrert 3.438 telefonstolpar i Sveio kommune, men i åra som kjem blir dei stadig sjeldnare, det er det teknologien som styrer.
Ofte har det gått hardt ut over telenettet dei gongene uvêret har herja. Tidlegare då det ikkje fans mobil eller trådlaust nett, betydde det at abonnentane blei heilt utan samband dersom knekte tre la seg over linja. I slike tilfelle var det godt å ha telemontørar som rykkar ut og gir folk summetonen tilbake.