frå papirarkivet

3. - 5. klasse på Lid markerer ventetida før jul med sin eigen vri på adventskalendaren, - ein aktivitetskalendar. Foto: Kari Haukås
3. - 5. klasse på Lid markerer ventetida før jul med sin eigen vri på adventskalendaren, - ein aktivitetskalendar.

Siste advent på Lid skule

Saka var på trykk i Vestavind 19. desember 2013.Vebjørn Hjelmeseter (9) blei den utvalde trekkjaren under opninga av aktivitetskalenderen. Til neste år flyttar han og klassevennene til Sveio skule.

Publisert Sist oppdatert

Elevane i 3. – 5. klasse ved Lid skule følgjer spent med på dagens trekking då Vestavind kjem på besøk. Vebjørn Hjelmeseter har fått oppdraget med å finna fram konvolutten som skal avgjera kva dei skal finna på i tredje time.

– Dataspel, utropar trekkjaren.

5. desember var det Vebjørn Hjelmeseter sin tur til å opna konvolutten og lesa høgt kva aktivitet klassen skulle få i dag. Emil Våga t.h. står spent avventande.

Kalenderen er sett saman av elevane og læraren Arne Tveit Katla. Sistnemnde har jobba ved barneskulen sidan 2000.

– Det er litt vemodig at me skal leggja ned. Ein blir godt kjend med elevane på denne skulen.

Etter 13 år på same stad ser han også fram til nye utfordringar.

– No er det kanskje på tide å flytta litt på seg.

I klassa er det delte meiningar om skulebytet. Maryon Victoria Leirvik (8 1/2) trivs godt på Lid og ville gjerna ha fortsett på skulen.

– Det er ikkje så gøy at me skal byta.

Agnete Flatnes Skarveland viser fram noko av dei kunstnarlege uttrykka ho har vore med å laga no i adventstida.

Agnete Flatnes Skarveland (10) derimot ser fram til å gå i større klasse.

– Eg kjenner mange på Sveio skule, og så har eg nokre slektningar som går der.

Rektor Bjørn Tore Enerstvedt meiner elevane har teke meldinga om skulenedlegginga med godt mot. Ifølgje rektor har skulen har vore i drift sidan 1955 med skule frå 1. til 4. klasse, og med 1. – 7. klasse sidan nybygget kom på plass i 1987.

– Eg trur elevane var klar over at det kunne gå den vegen. Det er fleire som synes det er trist, men dei er førebudde på at det blir Sveio skule til neste år, seier Enerstvedt.

Maryon Victoria Leirvik og sitt kunstverk.

Skulen har i dag 34 elevar fordelt på trinna 1. – 7.klasse. No er det spenning knytt til klassefordelinga på Sveio.

– Det er litt usikkert kven dei kjem i klasse med når dei kjem til Sveio. Det er noko enkelte lurar mykje på.

Siste skuledag før juleferien er fredag 20. desember.

Powered by Labrador CMS