frå papirarkivet
Heimeflåten: Motstand, samarbeid eller tilpassing?
Reiste tvil om sambygding
Omstendigheitane rundt Martin Frøkedal (1913-1944) sin bortgang er ikkje lik dei andre sjømennene som kom vekk i utanriksfart. Under krigen var norskekysten styrt av okkupasjonsmakta – var heimeseglarane i tysk eller norsk teneste?Saka var på trykk i Haustvind 2016.
Denne historia startar med at foreldra til Martin Frøkedal, Vermund og Mathilde kom frå Tysnes til Valestrand, og busette seg på Strømøy og stifta familie i 1906.
Alle karane hadde sjøen som sin arbeidsplass, faren inkludert. Av ni barn levde åtte av dei opp. Søskenflokken bestod av tre jenter og fem gutar. Martin valde som så mange andre sjølivet tidleg.
15 år gamal reiste han aleine til San Francisco for å gå ombord i ein båt der faren var stuert. Han gjekk på styrmannsskule og reiste sidan som styrmann, men arbeid i handelsflåten utanriks skulle ikkje vara så lenge.
I ein episode før 1940 vart Martin skada i ryggen, og det gjekk infeksjon i såret. Han blir sjukeavmønstra i New York. Turen heim gjekk med d/s Stavangerfjord i sjukelugar, sidan vart han lagt inn på Kysthospitalet i Hagevik, Os.
I krigsåra var hansåleis mykje heime på garden, medan dei fire brørne segla ute heile krigen. Ein dag i 1944 reiser Martin til Bergen med båten frå Tittelsnes. Fleire praktiske gjeremål skulle ordnast. Mellom anna skulle vegguret til foreldra leverast inn til reparasjon, og oppgjeret frå sist reis skulle hentast.
I byen var det langt fleire tyskarar enn heime i Valestrand, det var tydeleg kven som hadde makta. Vidare er ikkje historia heilt klar på kva som skjedde, men truleg var det tyskarar som styrte kontoret der Martin skulle innom for å henta ut lønna si.
Dei trong mannskap, og unge Frøkedal sin kunnskap som styrmann og kjentmann var verdifull for tyskarane, som i mannskapslista førte han opp som styrmann på slepebåten s/s Süderpiep. Den tvungne tilsetjinga var truleg umiddelbar, men Martin fekk formidla til dei heime at dei måtte helsa til kjærasten hans.
– Dette skal vera det siste han sa, fortel Martin Haugsgjerd, som hugsar onkelen godt.
Om ettermiddagen 19. oktober 1944 er 21 britiske bombefly på tokt. Oppdraget har ikkje eit bestemt mål, men pilotane observerer og «tar» det dei måtte finna. På same tid er tre fartøy med tysk herredøme på veg nordover mot ei minesperring, midt i følgjet er Martin på slepebåten han er kommandert til.
Oppdraget er å slepa ein sjølekter til Trondheim. Denne heng i wiren etter Süderpiep, fremst går ein forpostbåt. Lekteren er lasta med 68 600 sekker sement – ei svært viktig last for tyskarane, som skal til Trondheim. Süderpiep har norsk mannskap og fører norsk flag, men er væpna med luftvernkanonar betjent av tysk kanonmannskap.
Den norske besetningapå minst tre personar, veit at dei er i farleg farvatn. Kystområda kring Bergen var viktige og relativt ufarlege jaktområde for britiske flygarar. Skipsføraren på Süderpiep heitte Andreas Johannessen og kom frå Oslo. To år tidlegare vart han beordra til tysk teneste, men nekta og forsøkte å rømma. Johannessen vart sett i tysk fangenskap i åtte månadar.
Konvoien nærmar seg Prestholmen utanfor Skjelanger då den allierte flystyrken rasar inn over Fedje og Hellesøy. Dei tre fartøya er oppdaga, kampflya dannar tre grupper. Attack, attack, attack, er ordren frå lufta. Klokka er 15.27 og Martin med fleire blir tatt ut av tida. I løpet av to minutt er alle tre fartøya skutt meir eller mindre i filler.
Det var ikkje lang tidsidan familien snakka med Martin siste gongen, etter turen til Bergen som enda så gale. Det er kveld då ein nabo frå Strømøy kjem med dødsbodskapen til Martin Haugsgjerd sine foreldre. Det er mørkt i huset, men i på kjøkenet er det lys frå parafinlampa. Sjølv var han 9 år då bror til mora kom bort.
– Far såg løyen ut, og tok mor i handa og spurde om ho ville gå å leggja seg etter å ha fått beskjeden, minnest Haugsgjerd. Ei bygd var i sorg. Martin Frøkedal var kjend som ein godlynd og omgjengeleg kar, eit sårt sakn vart det for alle som kjende han, då han fall så fort. Han var aktiv i ungdomslaget, ein populær kar som visstnok skal ha hatt eit godt jentetekke. På sykkel tok han med seg grammofonen og spelte opp til dans på ungdomshuset.
No kjem han til heimbygda i kiste med hest og kjerre. Mange ungdomar følgde i gravferda, og det var minnestund på låven til faren i Strømøyno, der far Vermund heldt han tale for sonen.
Etter krigen vart sjøfolka som segla i heimeflåten mistenkeleggjort, den nasjonale haldninga vart bestriden. Det vart stilt spørsmål i bygda, likt som elles i landet.
Skulle 31-åringen heidrast med minnestein eller ikkje? Hans død stod ikkje i stil samanlikna med dei andre som kom vekk i utanriksfart, og på bygda vart det diskusjon korvidt han vart tvinga av tyskarane eller ikkje. Makta forlangte arbeid utført og mange enkeltpersonar vart utsett for eit slikt press. Samarbeida sjømennene i heimeflåten med tyskarane, eller tilpassa dei seg tida? Spørsmålet tynga bygdefolket, og tvilen kom ikkje Martin Frøkedal til gode. Dei visste ikkje kven dei kunne stola på, og det heile blei tabu. Dette var nok ei stor sorg for dei næraste, både venner og familie, som visste at deira Martin ikkje hadde nazisympati.
Ungdomane i krinsen skal ha vore i harnisk over avgjerda. Enkelte kjelder tydar på at prosessen gjekk så langt at steinen vart funnen og gjort klar, men aldri reist. Ingen kunne fylla Martin sin plass, men i det heile var det nok ei lita trøst for familien at dei fire brørne kom velberga heim etter å ha vore vekke heile krigen. Klokka kom til gards igjen den og, omsider.