Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Raud årgang frå havgapet
I ein mørk og kald kjellar nær Ryvarden står det fleire hundre liter vin på eikefat. Nær 1860 tomme vinflasker er klare til å fyllast med den mørkeraude drikka, produsert og tappa på Chateau Vesterled i havgapet.Saka var på trykk i Adventsutgåva 2014.
Om det er eit kortreist produkt, kan diskuterast. Druene har nemleg blitt plukka og pressa om til druejuice i sydlegare strok, og sidan frakta til Mølstrevågnes.
– Det var på denne tida i fjor me sette vinen, på plasttønner, seier vinbonden sjølv. Odd Eivind Knutsen viser veg ned til lagringslokalet.
– Pass på hovudet, seier han og dukkar sjølv, inn i mørkret. Det er ekstra lågt under taket akkurat i døropninga. Vindauga i kjellarrommet har blitt støypt igjen. Det skal vera mørkt. Eikefata som er produsert i Bulgaria ligg på rekke og rad i tre storleikar.
Tresorten skal visstnok tilføra drikka ein god, utprega smak.
Lillian Angell legg ikkje skjul på at det ligg mykje arbeid bak vinproduksjonen. No er den endeleg på eikefat, der den kan godgjera seg. På eitt år har dei bearbeida produktet minst fem gonger.
– Vinen må stikkast om, altså tappast over på eit tomt fat med hjelp av ein hevert. Slik får ein bort grums, forklarar Knutsen.
Lengre inne i kjellaren ligg fleire hundre tomme vinflasker i eit hyllesystem som skal bli lagringsplass til det ferdigtappa produktet. 1300 liter reknar paret med å få ut av produksjonen med årgang 2013. Eitt fat er tømt, og kvaliteten er produsentane godt nøgde med.
– Nokre fat skal få liggja lengre, smaken endrar seg heile tida, fortel Angell.
Ho er opphavleg frå Gjøvik, og har vore med gemalen dei siste åtte åra. I løpet av livet har dei to hatt fleire sjølvstendige næringsføretak. På kvar sin kant har begge vore i møbel- og sjømatbransjen. Knutsen har operert lokalt i 70 og 80-åra, med OK Møbelforretning og OK Marked. Sistnemnde var ein bensinstasjon på Veldetun, i kombinasjon med gatekjøken.
«Det blei eg meld til politiet for»
Odd Eivind Knutsenom hamburgarsal
– Det var her den første pølsa blei seld frå ein bensinstasjon, fortel Knutsen, som på same tida drista seg til å selja hamburgarar medan folk fylte opp tanken.
– Det blei eg meld til politiet for, men dei gjorde ikkje noko med det fekk eg vita, ler 67-åringen, som har budd i Oslo i 36 år. På 80-talet tok han over ein eksklusiv skaldyrforretning i Rådhusgata, som han kalla for OK Vollan.
– Her var det russisk kaviar, gåselever og hummar. Ein gong hadde eg filet av sei i disken. Eg hugsar godt at ein kunde fnyste av dette – det var ikkje fint nok, minnast Knutsen.
Saman med Lillian har dei to kjøpt, seld og leigt ut mange kvadrat med husvære, i inn- og utland.
Me har hatt 320 leilegheitar for utleige på Gran Canaria, men nå har me berre tre igjen, og ein av dei bruker me sjølve, fortel Odd Eivind, som pensjonerte seg tidlegare i år. Men arbeidslause er dei ikkje. Leilegheitar skaffar på førespurnad, og dei har 20 husvære for leige på Haugalandet, ein eigen leilegheit i Haugesund og denne store eigedomen i Sveio.
For tida er det hovudhuset i Mølstrevågnes som har førsteprioritet. Ei total renovering er på trappene. Heile vasstilførsla er nyleg fornya. Ein av inngangane fører rett inn i eit flislagt rom, produksjonsrommet. Det er her framtidig arbeid med vin og andre drikkevarer skal bearbeidast.
Til tross for at paret har lagt ned mykje tid og krefter i å produsera sine edle dråpar, er det på hobbybasis. Dei har ikkje løyve til verken selja eller servera flytande produkt med alkohol i. Sjølv om flaskene med eigendesigna etikett ser aldri så freistande ut.
– Tanken var å selja til restaurantar og kanskje Vinmonopolet, men der er me ikkje enda, seier Knutsen.
Den driftige duoen har ein plan om å få laga til ei smakestove i huset, der dei vil by på eigenproduserte produkt. Raudvin, fikenvin, rognebærvin, mjød, øl og snaps, for å nemna noko. Ikkje alt er prøvd ut enda, men fikenvin er allereie ein slagar. Eitt parti blei laga for 14 år sidan. Nå er det på tide å produsera meir.
Mjød har òg blitt utprøvd. Inspirasjonen til dette kom etter ein smaklaus nedtur frå eit kjøpeprodukt. Nå har dei kjøpt inn 10 kilo honning frå ein birøktar i sentrum av Sveio, og mjødurt har dei dyrka sjølv.
– Mjød er ein form for honningvin, laga av honning, humle, mjødurt og andre urtar, fortel Knutsen. Han har alltid putla på med vin, men ikkje i så stor skala. På sikt vil raudvinen kanskje bli eit kortreist produkt, om drueplantane gir avling.
Kva type meny og kundar smakestova skal ha, har dei ikkje bestemt seg for enda. Ideane er mange, og mykje må ordnast før den tid, både med hus og papirarbeid. Kan hende deira erfaring med restaurantdrift i Spania og Tyskland vil bli ein del av konseptet.
– Smakestove blir det ikkje før alle løyvingar er i orden, påpeikar Angell. Ho ser spesielt fram til sjølve interiørarbeidet i huset.
– Eg er interessert i møblar, og har jobba med å møblera heime hos folk, spesielt med tekstilar, fortel den idérike 66-åringen. Til dømes har ho møblert nokre av dei store gardane på Toten, og jobba med å få dei i tidsrett stil.