frå papirarkivet

Peko-eventyret

Ei 17 år lang brushistorie enda på Krossleite i 1985. Peko blei bygd opp av Endre Emil Knutsen frå Skjold. Fabrikken i Sveio var ein topp moderne fabrikk, men produksjonen av brus og saft blei ikkje lukrativ på sikt. I 1975 blei Knutsen og selskapet i beit for pengar, og vende seg til Kristian og Lauritz Eidesvik med førespurnad om dei ville overta heilt eller delvis. Brørne frå Bømlo kjøpte heile verksemda.Saka var på trykk i Vestavind 23. mars 2016.

Publisert Sist oppdatert

Fakta

Peko Mineralvannfabrikk AS, tidlegare Peko leskedrikkfabrikk og Dalens produksjon a/s.

Etablerar: Endre Emil Knutsen

Toppår produksjon: 1 million brusflasker, 500.000 liter leskedrikk.

Slagord: «Peko er for ganen hva høna er for hanen», og «Peko brus i alle hus gir den beste sus».

Distribusjon: Brus: Heile Noreg. Leskedrikk: Noreg og delar av Sverige.

1968/69: Etablerar leskedrikkproduksjon i Førre, Tysvær.

1969: Flyttar til Risøy i Haugesund i større lokale (2.500 kvm). Brusproduksjonen går strålande, 25-30 personar går døgnskift.

4. september 1971: Storbrann, fabrikk og produksjonsutstyr blir lagt i ruinar. Utstor for over ein million gjekk tapt.

1972/73: Bygging og oppstart av ny fabrikk (1300 kvm) på Krossleite i Sveio. 7-8 fast tilsette, pluss fleire deltid.

November 1975: Peko får betalingsproblem og må innstilla drifta.

Februar 1976: Peko startar opp igjen, men går konkurs i april same året.

1977: Startar opp på nytt.

1985: Peko legg ned for godt.

Noverande eigar av bygget:
Sameiet Olaflaten, Caiano.

Me møter Endre Knutsen (84) i Lahammarvegen ved Karmsundet der han nyt det gode liv saman med kona Anne Gurine (83), hunden Peggy og katten Pelle. Den romslege leilegheita har alle dei moderne- fasilitetane ein kan drøyma om, og innafor moloen ligg båten Endre brukar når han dreg opp fisk til middag. Livet er ikkje lenger så travelt som det ein gong var, men i kvilemodus er ekteparet så visst ikkje.

Me møter Endre Knutsen (84) i Lahammarvegen ved Karmsundet der han nyt det gode liv saman med kona Anne Gurine (83), hunden Peggy og katten Pelle.

Endre Knutsen er kjentfor sine mange idear og føretak, ofte med stort hell, og alltid med kona ved si side. Det mest inntektsgivande prosjektet hans heiter Sagi Knut. Hesten som hadde kjendisstatus langt utover hestemiljøet, har sprunge inn over tre millionar kroner og var ein pokalsankar av dei sjeldne. Endre var både eigar og trenar. Men dette er ei heilt anna historie enn det me har kome for å snakka om.

– Tok me ikkje bildene med oss då me flytta frå Skjold? spør Endre henvendt til kona.

Anne Gurine er i ferd med å baka bollar og steika vaflar, men tek hintet, lett på foten fer ho ut i gangen, rotar litt i eit skap, og kjem tilbake med ein album. Tidsperioden er på plass, men ingenting om Peko.

Men så finst det noko likevel, – ei gamal gulna avis, Haugesunds Dagblad, datert lørdag 22. november 1969, som på førstesida kjem med denne nyheita: «Ny giv på Risøy. Endre Knutsen brøyter ny rydning i leskedrikk-industrien». To entusiastiske karar smiler mot oss, dei to er Endre Emil Knutsen, titulert som disponent, og Odd M. Andreassen, produksjonssjef.

– Salet gjekk forrykande, heilt til me fekk forbod om å distribuera vara på denne måten. Me var i forkant av vår tid, alle sel slike no, det var eit slag i fleisen, fortel Endre Emil Knutsen.

– Peko-perioden var ei kjekk tid. Det blei livsstilen min, ikkje nokon åtte-timars dag, og heller ikkje helgefri, men mykje kjekke folk eg hadde med meg. Eg tregar ikkje på den tida, men sakna henne ikkje heller, seier Endre.

– Ja, det var mykje å passa på, nikkar Anne Gurine.

– Me hadde små ungar på den tida, så det var ei travel tid med hus og heim og telefonar til alle tider på døgnet.

Berre ein einaste av dei populære leskedrikkbamsane har Håkon Økland teke vare på. Den er nå fylt med smøreolje, og har sin faste plass i garasjen.

Kanskje har du leska deg med drikk frå ein rund og god bamse, som også kunne bli ei sparebøsse?

– Bamsen var eitt av dei mest populære produkta våre, fortel Endre, og legg til:

– Det var først då me hadde seld ein million av desse bamsane at det gjekk opp for meg kor ufatteleg mykje det eigentleg var. Eg tykte me hadde produsert dei bamsane i månadsvis, då kontorsjefen kom og sa at no hadde me passert ein million. Har me ikkje før? tenkte eg.

Peko står for Paul (Alfredsen), Endre Knutsen og Odd (Andreassen). Dei tre aktørane stod bak Peko leskedrikkfabrikk. Oppstarten var då Endre Knutsen dreiv kolonialbutikk i Skåredalen. Dei starta i det små med leskedrikk i plastposar. Desse blei svært populære.

Men det var potetchips Endre i utgangspunktet hadde planar om å produsera. Han hadde lokalet på hand, og hadde kjøpt inn 50 tonn poteter frå Hadeland, då Mattilsynet sette stoppar for produksjonen. Men gründaren visste råd; han averterte potetene for sal direkte frå lastebil, og så lange køar har det aldri vore på Dalens kolonial verken før eller seinare.

I Førresfjorden såg Endre muligheiter for å omsetja leskedrikk. Han fekk med seg no avdøydde Odd Andreassen, som snart fekk ord på seg for å vera flink til å komponera gode smakar.

Er du også ein av deisom har leska deg på frossen leskedrikk til 30 øre og blitt sår i munnvikane? I så fall er du ikkje åleine.

Det var aldri nei å få når skuleelevar kom og spurte om dei kunne få «pinlusa» i slangane, – feilvara som likevel måtte kastas. Men snart troppa mødrene opp og sa bestemt: «Nå må de slutta å gi vekk leskedrikk til ungane våre for nå pissar dei raudt!» Endre ler godt.

Kjellarlokalet i Førre blei snart for lite og dei byrja å sjå seg om etter noko større. Valet fall på Risøy. Knutsen slutta på Dalens kolonial for å satsa fullt og heilt på leskedrikkfabrikken. Dei starta med produksjon av leskedrikk og brus, og var dei første som byrja med 12-pakningar (á 0,33 l) i krympeplast.

Fabrikken hadde grossistar over heile landet frå nord til sør, også over svenskegrensa rann Peko-leskedrikken jamt og trutt. Omsetnaden var upåklageleg.

Haugesunds Dagblad, datert lørdag 22. november 1969, som på førstesida kjem med denne nyheita: «Ny giv på Risøy. Endre Knutsen brøyter ny rydning i leskedrikk-industrien». To entusiastiske karar smiler mot oss, dei to er Endre Emil Knutsen som er titulert disponent, og Odd M. Andreassen, produksjonssjef.

Så kom det han aldrigløymer. Endre fekk telefon midt på natta, beskjeden var vanskeleg å fatta: Fabrikken står i full fyr!

– Eg heiv meg i bilen, ved Bellevue såg eg flammehavet som lyste opp i haustnatta. Det var eit nedslåande og trist syn!

Ein trailer, lasta for Malmø kvelden før, var det einaste som blei berga.

Etter brannen i Sundgata 109 nord for Risøybrua, var det naturleg med ein tenkepause, men det varte ikkje så lenge. Motet kom snart tilbake, og eitt år etter var det igjen drift på Peko. Denne gongen i nabokommunen.

– Kvifor fall valet på Sveio?

– Godt vatn og rimelege tomter var årsaka. På Krossleite bygde eg både fabrikk og bustadhus, fortel Endre.

Det blei kjøpt inn brukt utstyr etter ein nedlagt Coca Cola-fabrikk i Vest-Tyskland. Butikken blomstra, men det hektiske livet sette sine spor.  Endre fekk helseproblem, beskjeden han fekk frå legen var at han måtte trappa ned på tempoet. Nye folk blei sett til å ta over, men etter eit par år gjekk verksemda konkurs.

Fiskebåtreiar Lauritz Eidesvik kjøpte fabrikkbygget. Endre sikra seg maskinar og inventar. Etter ei tid fekk han med seg Distriktenes utbyggingsfond og starta opp på nytt saman med Eidesvik og Jakob Carlsen. I eitt år køyrde Endre frå Skjold til Sveio, før han selde seg ut. På dette tidspunktet gjekk det bra med fabrikken.

Men då Peko blei tvungen til å slutta med dei populære 12-pakningane, førte dette til dramatisk nedgang i omsetnaden og var byrjinga på slutten for Peko.

Håkon Økland hugsarogså godt Peko-perioden, på Krossleite var han med heilt frå starten i 1972. Arbeidsforholdet hans strekte seg over to periodar.

Berre elementa og taket var på plass då Håkon byrja å innreia fabrikken. Maskinane kravde at ein hadde mekanisk innsikt, og det hadde øklandsbuen.

– Maskinane var brukte, innkjøpte frå Tyskland. Det var tunge saker, men temmeleg moderne, fortel Håkon. Då produksjonen starta kjente han alt ned til kvar minste skrue, mutter og røyr. Den teknisk avanserte maskinparken måtte heile tida justerast, finpussast og vedlikehaldast. Håkon minnast lange arbeidsdagar og ein utfordrande jobb.

– Det var mykje liv og røre på Peko. Det var ei kjekke tid, me hadde mykje skøy med kvarandre, ler Økland.

I oppstarten gav fabrikken arbeidsplassar, derav åtte var fastbuande i Sveio. Blant dei kona til Håkon, Solveig. I samband med nyopninga reklamerte verksemda for at: «De meget populære 12 pk. med ass. brus er nå i handelen igjen.»

16 år gamle Ole Andreas Ljøen i Auklandshamn har teke vare på ein av dei aller siste flaskene med Peko sin champagnebrus.

Hanne Olaug Myklebust budde i nabolaget til fabrikken på Krossleite og fekk med seg heile byggeprosessen. Ho fekk jobb først i produksjonen, deretter på kontoret.

Det var høgt tempo, men ei kjekke tid med godt samhald blant alle. Skuleklassar var alltid velkommen og dei gjekk aldri utørste derifrå.

– Borna på feltet elska å vera på fabrikken. Mange var så små at dei rakk ikkje opp til tappemaskinen, men smaka og tappa brus fekk dei likevel. Dei var utrulege folk, både Endre og Odd, dei var så glad i ungar, trur aldri dei kjefta ein einaste gong, minnast Myklebust.

Å laga brus er ein omstendeleg og interessant prosess. Først måtte vatnet frå vassverket filtrerast tre gonger, deretter skulle maskinane finstillast før ein kunne setja på automatikken.

– Men det var ikkje brus Peko starta med på Krossleite, det var leskedrikk, kan Håkon Økland fortelja.

– Arbeidet blei leia av produksjonsjef Odd Andreassen. Det mest spesielle oppdraget me hadde var då me bygde om ein maskin som hadde vore brukt til å tappa mjølkeflasker. På den maskina blei det tappa saft på dei populære Peko-bamsane.

Store trailerar frakta brusog leskedrikk lange vegar. På den tida var det lov å kalla brus for appelsinbrus sjølv om det altså var kunstig smaktilsetning. Av mineralvatn var pekola, appo, citron og champagne svært populære. I tillegg kom selters og soda, to klassikarar som Økland hadde god kontroll på.

– Dei som kjøpte selters var bestemt på at det måtte vera selters og ikkje soda. Dei som skulle ha soda var like bestemte. Men tru meg, – det var akkurat same laken. Den einaste forskjellen var at når me produserte selters hadde me kolsyra på maks trykk, men når me laga soda slakka me på trykket, og skifta etikettar. Dette var det fleire som verken ville eller kunne forstå.

På haustparten 1979 tok Økland farvel med Peko og blei nordsjøarbeidar. Etter det var det framleis drift på Krossleite i seks år. Men i 1985 var det definitivt slutt på bruseventyret på Krossleite.


Skranglefri brus

Peko kunne laga brus. Verre var det å selja denne pakningen: 12 flasker brus på eit pappbrett, med krympeplast som bind flaskene saman. Lett å stabla, lett å ta med seg.

Pekobrus med krympeplast blei ein suksess, men det var ikkje alle som likte den utviklinga. Normalt blei brusen omsett i kassar på 24, pant kr. 10. Forbrukaren føretrekte den pantfrie 12-pakninga, og omsetnaden skaut i veret. Etter eit par år kom klagene frå andre bryggeri.

Ein inspektør for toll og avgifter kom og klaga over at Peko ikkje tok igjen tomgodset sitt. Peko viste til sine ordinære mineralvannskassar som blei leverte for retur samtidig med salspakningane. Dei viste fram tal for flaskeinnkjøp i høve til retur og omsetnad, og rekna med at det var i orden.

Pålegget frå Avgiftsdirektoratet blei gitt etter at Christiansands Bryggeri, eigd av Tou Bryggeri Stavanger, hadde klaga til Finansdepartementet over Peko sine pakningar. Ifølgje CB førte desse pakningane til at dei andre bryggeria fekk i retur Peko sine tomflasker i den grad at det medførte problem.

I november 1974 fekk Peko brev frå direktoratet for toll- og særavgifter med påbod om å slutta med krympeplastpakkane, og gå over til å senda ut alle sine mineralvannflasker i kassar slik forskriftene tilsa. Påbodet blei gitt av miljøomsyn. Pålegget blei anka, men til inga nytte. Enden på visa blei at Peko måtte stansa krympeplastmaskinen dei hadde investert i. Framtida for brusfabrikken på Krossleite blei uviss.

Den skranglefrie brusen skapte overskrifter både i lokal- og riksavisene.
Powered by Labrador CMS