frå papirarkivet

Faksimile Vestavind 9. desember 2004.
Faksimile Vestavind 9. desember 2004.

Nisseliv på låven

Bjørnar (15 mnd) er maskoten på nisselåven på Tjernagel. Babynissen har nisselue og nissedrakt, han puttar munnen full av kakemenn, knip igjen augene og smiler alt han kan. Han veit å trollbinda publikumet sitt.Saka var på trykk i Vestavind 9. desember 2004.

Publisert Sist oppdatert

Dei andre ungane fniser over kvar sin deigklump og kikkar på den vesle luringen.

Bjørnar (15 mnd) held seg inne på bakeloftet saman med pappa Stig medan mamma Hanne er ute og køyrer hest og kjerre. – Nissemaskoten vår, flirer far i huset. Kvar laurdag fram til jul er det førjulskos på Tjernagel Leir og Fritid.

Tore (5) svingar drevent kjevlet, trykker ut tjukke flotte juletre og småbåtar. Nysteikte kakemenn ligg i korger på bordet så ikkje deiginntaket skal bli alt for stort.

Tore (5) har taket på kjevlet. Snart er brettet fullt av flotte kakemenn.

Anniken (4) har lagt beslag på hesteforma – sjølvsagt. Små hestar på rekkje og rad har ho lagt på bakepapiret. – Ho har gått her og ridd frå før ho fylte to, seier ein stolt pappa.

Anniken (4).

– Ti hestar må du laga, foreslår han. – Er det ikkje ti hestar de har her, Hanne? Joda, og vesle Anniken kan namna på dei. Ho veit godt kven dei er. Nå ligg kopiar av Sivert, Prins, Heglar, Laila, Lucas, Didrik og Siv på bakebrettet. I lavvoen ser det eit øyeblikk ut for at både vaksne og ungar skal bli lettrøykte.

– Kaldrøykte, foreslår fyrmeisteren som strevar med å få kolet til å ta skikkelig fyr. Men så går det unna, glørne får rette fargen, røyken forsvinn opp og ut der han skal, og pinnebrøda blir gyldne og vips så var dei oppetne alle saman.

Kvar laurdag fram til jul er det førjulskos på Tjernagel Leir og Fritid. Her er det berre å møta opp til avtalt tid – og så er ikkje moroa slutt før tre timar seinare.

Denne våte desemberlaurdagen har tre grupper rullert på dei ulike aktivitetene. Gjengen som står nede i gangen og tar på seg våte kjeledressar for å tusla heim, har vore med på riding, køyretur med hest og kjerre, dei har spidda pinnebrød i lavvoen, ete graut i høyet på stall-loftet, bakt kakemenn og sett julefilm. Og ingen av dei har lyst å gå heim.

– Åh, kan me gå her i måro óg? Eg viiiiiiil!

Powered by Labrador CMS