Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Til minne om dei som fall i 2. verdskrig
Minnesteinen i Sveio
Saka var på trykk i Haustvind 2016.
Reist av Bygdefolket i Sveio, 28. juli 1946.Innskrift:For Noreg 1940-45
Det var i møte 1. september 1945 at Sveio redningslag gjorde opptak til at det vart valt ei nemnd frå skulekrinsane Bua, Rød, Lid, Eilerås, Vikse, Vandaskog og Sveio som skulle arbeida for å reisa ei minnestøtte over dei falne under krigen 1940-45 frå Sveio. Avdukinga av minnesteinen var 28. juli 1946. Steinen vart då gjeven til ordføraren, «som lova at den skulle vernast om og minna folket om desse menn som hadde gjeve livet sitt for fridomen.»
Kjelder: Arkivkatalog for Sveio kommune 1851-1963, digitaltmuseum.no
Avdukinga av minnesteinen i Sveio vart ei gripande høgtid
Omlag 1500 menneskje samla ved kyrkja.
«Det såg ut til å verta dårleg ver sundag morgon då minnesteinen over falne sjøfolk frå Sveio skulle avdukas, men då det leid ut mot den tida då folk byrja å samla seg ved kyrkja braut sola igjenom, og seinare var det strålande ver heile dagen.
Høgtida tok til med gudsteneste der res. Kap. Hovda som tidlegare har vore sokneprest i Sveio, forretta. Der var komne folk frå dei ymse bygder i nærleiken og saman med bygdefolket fyllte dei den store kyrkja til siste plass. Presis klokka 11 kom ei tropp marinesoldatar inn og tok plass oppe i koret. Desse soldatane var komne frå Bergen og skulle så æresvakt under avdukinga av minnesmerket.
Hovda tala varmt og gripande over skriftorda frå Lukas 19. kap. 37.-40. vers. Gudstenesta vart kringkasta over riksnettet. Det er fyrste gong der har våre kringkasta frå den kyrkja og det var ei sjeldan høgtidsstund. Til slutt tona den herlege songen: Fagert er landet du oss gav, friskt og klingende under den høge kvelven.
Etter gudstenesta samla den store lyden seg utfor kyrkja der minnesmerket var plassera og no stod dekka av norske flagg. Ellers blakkra flagga på halv stong rundt om i heile bygda. Marinesoldatane tok oppstilling rundt minnesmerket, og formannen i festnemnda, Sigurd Tveit helsa folk vel møtt og gav ordet til Olav Tveit som las ein manande og velskriven prolog, og etter andakt av J. Enerstvedt heldt Olav Tveit avdukingstala. Tala var sterk og fengjande og han slutta med orda: «Lat so Gud signe minne om desse menn». Soldatane stod i giv akt og to offiserar som hadde teke plass ved sida av steinen lot duken falla.
Steinen er om lag tre meter høg, og der er hogd inn som motiv, ein sokkel med ein brennande fakkel. Vidare er hogd inn namna på dei tolv sjømenn og under står orda: For Norge – 1940-45. Reist av bygdefolket. Utkastet til steinen er gjort av arkitekt Parr, Haugesund og arbeidet er utført av Olav Aalmo. Det solide fundamentet som steinen er reist på er laga av Johs. Emberland, og Osmund Rossehaug.
Formannen i minnesteinnemnda, handelsmann G. Aase, gav so steinen til ordføraren, lærar Hjellum som takka på kommuna sine vegne og lova at den skulle vernas om og minna folket om desse menn som hadde gjeve livet sitt for fridomen.
Der vart lagd ned fleire kransar, millom anna la marinekaptein Nøkleby ned ein vakker krans frå Sjøforsvarets overkommando Vest. Forretningsførar Henriksen i Haugesundsavdelingen av Norsk Sjømannsforbund la ned ein krans, sett saman av blomar i flaggfargane, og foreningens fane vart senka over steinen. Vidare la lensmann Fjørtoft ned ein krans frå Haugesunds Rederiforening og Hans Haukås frå skipsredar Trygve Eriksen. Denne kransen var tileigna Hans Tveitastøl. Marineprest Guldbransen som var tilstades heldt ein kort tale og Sveio mannskor og Sveio Blanda kor song fleire vakre songar som og gjorde sitt til den høgtidsstemninga som rådde heile tida. Tilslutt takka Sigurd Tveit for frammøte og ein slutta med songen, Gud signe vårt dyre fedreland.
Seinare var der fest for dei falnes etterlatet og andre innbudne i skulehuset. Her var der festtale av lærar Reidar Reidarson og song av songkora. Vidare var der tale for sjømannen av Fjærtoft og for bygda av J. Aase. Ellers var der korte taler av Hovda, Apeland, ordf. Bua o. fl. Ingebrigt Rossehaug takka på vegne av dei falne sine pårørande for den medkjensle som var vist dei. Dr. Kristensen avslutta den heilt igjenom vellukka minnefesten.
I det heile var det ein stor dag for Sveio, og nemnda som har stade i spissen for det store arrangementet kan vera byrge av sitt arbeid.»
Avskrift frå Haugesunds Avis,måndag 29. juli 1946.