Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Meir enn mjølk og brød
Då Gerhard Aase kom til verda var han så liten at han fekk plass i ei skoøskje fylt med bomull. Det forhindra han likevel ikkje til å slå seg stort opp som handelsmann.Saka stod på trykk i Vestavind 20. september 2018.
Gerhard Aase var 33 år då han i 1937 bygde kombinert hus og butikk like i nærleiken av Sveio kyrkje. Under byggjeprosessen la han ein 10-øring under golvbelegget i alle rom, dette skulle innbringa økonomisk lykke blei det sagt.
Snart kunne han ønska dei første kundane velkomne til ny handel, her vart det stor aktivitet i 50 år. Kremmarånda fekk han inn med morsmjølka ettersom foreldra, Martha og Nils Aase, dreiv ei lita krambu, kombinert med gardsbruk på Åse. Sjølv hadde Gerhard drive handel både på Hasseløy i Haugesund, og på Oa, før han starta i eige hus saman med kona Sigrid (f. Tveita). Ekteparet sine tre søner, Nils, Knut og Sigve Gerhard, måtte hjelpa til så snart dei var store nok. Ei krambujente måtte dei også ha.
Krambua førte det meste, ikkje berre vanlege hushaldningsvarer, men også tøyvarer, parafin, kraftfôr, gjødsel, dynamitt og mykje anna. Etter kvart blei det reist to lagerbygg, eitt på kvar side av vegen.
– Eg tenkjer på kor dumt det er at me ikkje har spurt meir, men det er slik ein tenkjer i ettertid, seier Anna Aase. Ho er tilbake på gamle tomter saman med svigerinna si, Sølvi Aase. Dei to er enkjer etter kvar sin Aase-gut, – Anna var gift med Sigve Gerhard, Sølvi med Knut.
Anna (f. Børve) frå Hardanger trefte sin mann i Bergen, – den gongen visste ho knapt kor Sveio låg. Sølvi (f. Hamre) frå Fjelberg var berre 16 år då ho byrja som krambujente hos dei som skulle bli hennar svigerforeldre. Men det var det ingen som visste den gongen.
Kvardagsslit og helgefri
– Eg arbeidde der i to år, frå 1960-1962, og blei frå første stund inkludert i familien, – når dei gjekk på besøk fekk eg vera med, det var liksom ei sjølvfølge. Eg hadde eige rom på loftet, og kvar søndag kom Sigrid opp med frukost på senga til meg, minnest Sølvi.
Butikken hadde ope frå klokka 8 til 17, seks dagar i veka. Krambujenta hadde mange oppgåver, ikkje berre det å stå bak disken, ho var «altmoglegmann» som kunne løfta 50 kilos sekker når det trongst, og så var det mykje som måtte vegast og ha over i posar. Når folk skulle ha parafin var det ute i lagerbygningen.
Den sorte dame
– Frå påske og utover mot sommaren auka det på med hyttefolk som kom for å handla, og då blei det meir og meir liv og røre, minnast Sølvi som likte jobben godt.
Landhandelen var ein samlingsplass der folk gjerne stoppa for å spørja nytt og diskutera alt mellom himmel og jord. Når dei kom i raddel kunne det lett dra ut i tid, men det fanst unntak.
– Me kalla henne berre «Den sorte Dame». Namnet hadde ho nok fått fordi ho alltid gjekk i svarte kler. Når ho kom for å handla sette ho berre nettingkorga si med tomflasker og handlelapp utanfor døra på baksida. Etter stengjetid kom ho tilbake for å plukka opp varene sine som me hadde sett klar. Betaling skjedde oftast to minutt før stengetid. Så stod ho plutseleg i døra. Eg trur ikkje denne kunden og Gerhard kom så godt overeins, minnast Sølvi.
Hagemann
Handelsmann Gerhard Aase hadde interesser også utover det å driva butikk. Han var i ei årrekkje medlem av Sveio heradsstyre og formannskap, og var vararepresentant til fylkestinget frå 1976 i Hordaland. Han kom tidleg med i ungdomsarbeid og ungdomslag, og skreiv sketsjar og skodespel for lokale ungdomslag. Eitt av skodespela hadde tittelen «Dei pengane, dei pengane».
Han var også hageinteressert. På eigedomen planta han lauvtre, mange lauvtre. Desse passa han godt på, prøvde nokon seg på klatring fekk dei klar beskjed om at den slags ville han ikkje ha noko av.
Hagen vaks seg frodigare år for år. På baksida av huset vart det laga til ein koseleg rekreasjonsplass med sitjegruppe, og eit såkalla tor som fungerte som vedhus, hønsehus, – og utedo, det såkalla «torvhuset».
Kinn
Dei daglege gjeremåla blei lagt opp etter kor travelt det var på butikken. Middag klokka 11 var praktisk for butikkeigaren som alltid tok seg ein kvil etter maten. Etterpå kom Sigrid ned i butikken med kaffi og kjeks på eit brett. Når godsbilen kom var det fullt kjør igjen. Varer som skulle med godsbilen blei ofte sendt med godsruta, og for å gjera bussjåførane merksame på at dei hadde ventande transportoppdrag hos Aase, blei det hengt opp på gjerdet skilt med namnet på den aktuelle ruta det gjaldt. Det kunne til dømes vera varer som skulle til Kinn, Bua og Eltravåg.
Kjapp i hovudrekning
Handelsmann Aase hadde eit godt grep på rekneskap og tal. Det var noko folk la merke til.
– Gerhard var eit unikum i hovudrekning, han var verkeleg geni på det området, fortel svigerdøtrene.
– Teknikken han brukte var at han summerte først alle 5-arane, og alt som var over fem, deretter la han til dei mindre tala etterpå. Det var ein svært enkel måte å rekna på, og eg forsøkte, men eg blei ikkje på langt nær så flink som han, fortel Sølvi.
Lier overtek
Svanhild og Reidar Lier overtok butikken 1. januar 1970. Knapt ei sjel kjente til planane, det skulle vera hemmeleg.
– Det kom som ei overrasking på alle, men Gerhard ville ha det slik. Kontrakt blei underteikna i romjula, og lensmann Styrk Fjærtoft hjelpte oss med utforminga, fortel Svanhild.
Tippegjengen frå Bjelland
Etter eit halvt års drift la Lier om til sjølvbetjening. Dette var nytt og moderne. Landhandelen heldt fram med å vera eit samlingspunkt, og avtroppande handelsmann heldt fram med å koma dagleg ned i butikken for å slå av ein prat.
«Gerhard var løyen, han vitsa og stod i, ja, han var ein maskot»
– Gerhard var løyen, han vitsa og stod i, ja, han var ein maskot, minnast Svanhild som har mange gode minne frå den tida. Ho fortel:
– Blant anna var det nokre karar frå Bjelland som kom fast kvar veke for å tippa. Det viste seg at desse karane også likte å forveta seg på framtida, og då bladde dei opp i vekeblad og fann fram til «Hva sier stjernene». Deretter blei horoskopet for den komande veka lese høgt for alle og einkvar som hadde lyst å høyra, og det var mange. Av dette blei det mykje lått og løye. Korleis det gjekk med tippinga er ikkje kjent, men det høyrer med til historia at ein av Bjellands-karane hadde eit fast uttrykk kvar gong han kom på butikken: «Hadde eg tippa slik eg tenkte, hadde eg hatt tolv rette. Men det gjorde eg ikkje, og då blei det ingenting!»
Nye tider
3. desember 1982 flytta ekteparet butikken over i nye lokale i Sveio senter.
– Omsetninga på opningsdagen var på eventyrlege 96.000 kroner, det var ein sensasjon! fortel Reidar Lier. I 26 år, frå 1970-1996, dreiv han og kona butikk i Sveio.
Ved innføring av gatenamn fekk «Aasehuset» adresse Sveiogata 93. Huseigar sidan 1996 har vore Oskar Johan Revheim. Då perioden som kolonial var over, blei kjellarlokala ei tid leigd ut til malarbutikk, og deretter nokre år til Tveit regnskap. Og til sist ei kort tid, massasjelokale.