frå papirarkivet

Luciadag med forviklingar

Saka var på trykk i Vestavind 22. desember 2016.13. desember klokka 10.30: I gangen på Sveio omsorgssenter står eit Lucia-opptog og ventar på å sleppa inn i varmen. Borna gler seg til å syngja for dei eldre, etterpå er dei lova saft og frukt. Men kvifor er det ingen som tek imot dei?

Publisert Sist oppdatert

– Dette var litt rart. Eg hadde jo verkeleg omsorgssenteret på tråden i går, og då var alt i orden, tenkjer barne- og ungdomsarbeidar Marianne Lund Lønning. Ho står der saman med gruppe Lucia-born og nokre kollegaer frå Gjermundshaugen FUS barnehage.

Samstundes, mange, mange mil vekke, ved Kautokeino omsorgssenter, står ein velkomstkomité og speidar etter Lucia-toget som er ventande. Kjem dei ikkje snart?

– Slik kan det gå når ein er litt distré i julestria, ler Lønning. Heldigvis tek ho ikkje seg sjølv så høgtideleg, det var jo eigentleg svært morosamt, seier ho i ettertid.

Tradisjon

Gjermundshaugen FUS barnehage er ofte på besøk på Sveio omsorgssenter. I november blei det avtalt at barnehagen skulle ta nærmare kontakt om Lucia-dagen, fordi dette har vore fast opplegg dei siste åra. Som sagt så gjort. Telefonnummeret til Sveio omsorgssenter ligg lagra på telefonen til Lønning. Ho ringjer, men i staden for å koma til omsorgssenteret kjem ho direkte til Sveio legekontor.

– Kva er dette for noko tull? tenkjer Lønning og slår i staden opp på nummeropplysninga 1881.

Det gjekk litt fort

– Eg las «omsorgssenter», men i farten såg eg ikkje nummeret som kom opp i displayet, det gjekk litt fort i svingane. Eg kom rett og slett ikkje på at det kunne vera feil, men eg høyrde det var ei anna dame enn ho eg pleier snakka med når eg ringjer Sveio omsorgssenter. Difor spurde eg: «Er du ny?»

Me må ha misforstått kvarandre, og snakka rundt kvarandre. Iallfall oppfatta eg eit «ja», og så spør eg om nokon kan møta oss rundt halv 11 på Lucia-dagen. Me kjem me, i morgon, la eg til.

– Det må de berre gjera, var svaret.

Marianne trudde framleis ho snakka med Sveio omsorgssenter.

– Snakkast då.

Deretter la dei begge på.

Venta på opptoget

Men på Lucia-dagen var det ingen på Sveio omsorgssenter som tok imot Luciaopptoget frå Gjermundshaugen. Dei stod og venta og venta..

– Eg blei litt irritert også, eg som hadde ringt og trudde alt var klart for oss.

– Eg ringde i går, presiserte eg til ein av dei tilsette ved senteret.

Det blei litt stress og ringing, og me stod og venta og venta, – endeleg kom ein av dei tilsette og følgde oss rundt.

Ungane har sunge mange vers av Santa Lucia då Lønning sin telefonen ringjer.

Ei kvinnestemme i andre enden spør:

– Kor blir de av?

– Kor er de? Me har gått rundt her me no, svarar Lønning og byrjar ana uråd. Kva var det ho hadde stelt i stand?

Latter i både Sveio og Kautokeino

– Eg blei så paff at eg berre la på! seier Lønning og ler.

Men etter å ha tenkt seg litt om ringjer ho tilbake. Lønning er ikkje høg i hatten, men tenkjer at det får bæra eller brista. Snart har ho Kautokeino omsorgsenter på tråden.

– Men veit du kva, dei var ikkje sinte, dei tok det heldigvis med godt humør, og det enda med at dei lo, og me lo, fortel Lønning som lova å sende ein «selfie» nordover og ønska alle ein god dag vidare.

Det var avdelingsleiar ved Kautokeino omsorgssenter, Hilde Hansen, som tok telefonen då Gjermundshaugen FUS barnehage ringte. Også i nord sit latteren laust.

Laga sitt eige Lucia-tog

– Me trudde det det var ein lokal barnehage frå Kautokeino, og hadde ordna med saft og klementinar, og informert om besøket på avdelinga. Klokka blei 11, men ingen kom. Då ringjer eg tilbake, og spør kor dei blei av. Men dei la berre på. Då eg leita opp nummeret på Internett, forstod eg at det måtte vera ei misforståing ein stad, fortel Hansen.

Dermed laga dei tilsette sitt eige Lucia-tog på huset.

– Me tok det på sparket og hadde ei kosesund. Det me hadde ordna til barnehagen, det fekk bebuarane våre. Eg forklarte at det var eg som hadde misforstått, fortel avdelingsleiaren.

I ettertid har ho studert kartet, og funne ut at det er litt vel langt å gå heilt frå Sveio til Kautokeino, iallfall for eit Lucia-tog.

Beklagar krøllet

Etter alle forviklingane denne dagen har Marianne Lund Lønning lyst å beklaga det som skjedde.

– Eg har lyst å beklaga både til Sveio omsorgssenter og til Kautokeino omsorgssenter for at eg laga krøll på Luciadagen. Sjølv hadde eg gleda meg veldig til denne dagen, eg tykkjer det er så rørande med dette opptoget, og det er alltid ei fantastisk oppleving å koma til Sveio omsorgssenter.

Powered by Labrador CMS