frå papirarkivet

Losje Husafjell

I nesten 40 år jobba losjefolk i Valestrand for å åtvara ungdom fråeit liv med alkoholen som følgjesvenn. Men mest av alt sette deipris på å treffast og preika i lag.Saka var på trykk i Haustvind 2015.

Publisert Sist oppdatert

Høgtideleg fullmakt

Fullmakta til Losje Husafjell er ein av dei få tinga ein kjenner til eksisterer etter losjeverksemda. Den heng innrama på Kysttunet. Dei 25 første medlemene er lista opp, likeså dei høgt rangerte verva:

International Order for Good Templars Norges Storloge gjør vitterlig for alle og enhver at ha tilstaat, likesom vi herved tilstaar

Johannes B. Vihovde, Andreas E. Vihovde, Martin O. Lindaas, Olav Tvændesæter, Johan Breistig, Lars B. Tvedt, Andreas Haugland, Johannes A. Ulveraker, Elisabet A. Strømø, Marta B. Tvedt, Malene R. Vihovde, Karine J. Ulveraker, Anna M. Storhaug, Erik Kvammen, Mandius S. Strømø, Reinert A. Breistig, Johanna Kvammen, Kari S. Strømø, Anna B. Tvedt, Marta Sunnes, Theodor O. Tvedte, John Ørevik, Styrk Fjærtoft, Ole Haugland, Malene B. Vihovde.

og de, som forener sig med dem, denne fuldmagt, som berettiger dem til at stifte en loge under navn av Husafjell nr 1265 av International Order of Good Templars. Denne loge skal ha sitt sæte i Valevaag, Søndhordland i Karmsund’s distrikt.

For indeværende kvartal er følgende ombudsmænd installert:

Erik Kvammen Ø.T. (øverste templar*)

Lars B. Tvedt F.S. (Finanssekretær)

Martin Lindaas Dv (Dørvakt)

Theodor O. Tvedte V. T. (vara Templar)

Johannes B. Vihovde Skm. (Skattemester) 

Johannes Ulveråker V (Vakt)

Elisabet Strømø Sekr. (sekretær)

Malene B. Vihovde K (Kapellan)

Johan Breistig V. S. (Vara sekretær) 

Marta Sunnes M (Marskalk)

Marta Tvedt Hj. M

Styrk Fjærtoft F.Ø.T (Før øverste Templar)

Andreas Haugland L.F (Losjefullmektig)

*Kjelde til forklaring på verv: digitalmuseum.no

Fullmakta har Kystlaget tatt vare på. FOTO: Kristian Wathne

ØREVIK:Ein sund omn, glasskår, tapetrestar og to langbenkar. I ei skrivebordsskuff har eit ekorn hasselnøttdepot. Veggane er isolerte med avispapir, det eldste årstalet som er å få auge på er 1894. I mange år budde det familiar i husmannsstova. Siste okkupant var Losje Husafjell, som hadde møtene sine der frå 1949. Det einaste synlege sporet etter fråhaldsaktiviten er eit potteskår av eit tefat med losje-emblemet.

Det tydelegaste sporet etter Losje Husafjell er eit knust asjett. Det finst nokre sett kuvertar, denne står i Ørevik grendahus.

Ungdomane som har bokstavert veggane med raud spraymåling med bodskap til djevelen, har truleg heilt andre verdiar enn dei unge som i si tid sat på Plassahaugen og drøste utover søndagskveldane.

Mange ungar har vakse opp på «Plasset». Då losjen tok over i 1949, renoverte dei huset noko. På bildet til høgre viser korleis stova ser ut i dag. I Sveio Kystlag sitt årsskrift frå 2002 står det ein artikkel om Øreviktre, som er det eigentlege namnet på staden.

2. februar 1913 varstartskotet for Losje Husafjell, med 25 nyteikna medlemmer. Byggmeister Erik Kvammen, og seinare ordførar i Valestrand kommune stod oppført som øverste templar, medan Styrk Fjærtoft hadde funksjon som «før øverste templar». Møtestad var i førstninga truleg i det gamle kommunehuset på Haugland. Heilt i slutten av 1938 stod nye Ørevik skule ferdig, då var mellom anna festane her.

I følgje Tore Lande Moe ved Sunnhordland Museum, var det i tida å starta losje tidleg på 1900-ta-let og framover. Losjar er kjend for mange titlar, prosedyrar og regaliar – band til å ha over skuldrane på møtene.

Arbeidet med å innretta gode haldningar kunne ikkje starta tidleg nok. Om det var dette som var drivkrafta veit ein ikkje, men det sosiale – juletrefestar og utfluktar sette medlemene høgt. Alle som ikkje drakk alkohol kunne melda seg inn.

To unge søskenbarn skal spesielt ha vore i bresjen for å starta opp losje, noko som kan stemma med fullmakta frå 1913, der Johannes B. Vihovde og Andreas E. Vihovde står oppført først.

Helene (Vihovde) Eikeland kan og bekrefta at far hennar, Andreas var i bresjen for losjen. Mora Anna Vihovde var og engasjert i laget.

På folkemunne blir stova i dag kalla for losjehuset. Det var her medlemene møttest dei siste åra, men det var i det gamle kommunehuset på Haugland aktiviteten i hovudsak var. Då Plassastova blei fråflytta på 1930-talet hadde 1. og 2. klassingar undervisning her ei tid, då gamle Ørevik skule var for liten. I krigsåra budde to familiar frå Haugesund her. Den nye skulen skal ha stått klar like før jul i 1938, og det gamle skulehuset blei tatt ned og frakta nordover våren etter. 27. april 1949 blir eigedomen overdradd til I.O.G.T. Husafjell. No har den vesle stova bak tidlegare Ørevik bedehus stått ubrukt etter siste møte, truleg på slutten av 1950-talet eller starten på 1960-talet. Siste kasserar Johannes Lindås skal ha levert inn papir til sentralt hald nokre år etter at aktiviteten stilna. Eigedomen høyrer i utgangspunktet til jorda som Lars Ørevik eig i dag.

Gustav Vihovdevar og ein god losjemann, i følgje munnlege kjelder. Vihovde var gift med Anna Kjerpeset Vihovde, som fekk bygdeungane med seg og starta barnelosjen God Von, truleg under krigen. Eit godt stykke fram i tid, var det søstera til Helene, Marta Emilie Vihovde (f. 1920) som tok over barnearbeidet.

Andreas Vihovde var ein av dei som drog i gong Losje Husafjell. Dotter hans, Helene Eikeland hugsar godt at faren og mora var med i losjen.

– Det var opplesing, folkedans og leikar. Me var glade for tilbodet, det var i grunn ikkje anna å finna på, seier Helene Eikeland. Ho var litt med i vaksenlosjen, men reiste som mange andre ungdomar ut i verda etter konfirmasjonen. Så godt som Helene kan hugsa, var det ei gruppe på 10-12 som gjekk fast i losjen.

– Eg trur dei blei leie. Då ungdomane for ut var det ikkje godt å få nye medlemer.

Desse ungane som sit framføre Plassastova var truleg medlemer av barnelosjen. Framleis eksisterer eit trøorgel som har stått på Haugland i Losjehuset, saman med eit par melodibøker for mellom anna «barneordenen I. O. G. T.»

Sivert Ørevik er oppvaksenpå Ørevik, og er søskenbarnet til Helene. Han var med i barnelosjen frå han var skuleunge. Ofte heng ordet losje saman med hemmeleghald, men det gjeld ikkje fråhaldslosjen.

– Det var eit nokså godt rituale for kva ein skulle ha føre seg på dei saklege møta. På den andre sida hadde me opptrinn med sketsjar på festar, fortel Ørevik. Losjen gjekk òg ut på å bli kjent med litteratur og stå framføre ei forsamling på ei scene.

– Eg trur og at dei som gjekk i barnelosjen fram til konfirmasjonsalder måtte gi eit løfte om at dei ikkje skulle røyka, seier 80-åringen.

– Å veksa opp med losjen var ein nyttig ting for meg. Eg braut aldri løftet, fortel Ørevik.

Husafjellet ruvar ovanfor gardane Vihovda og Berge. Her får ein god utsikt over Ørevikkrinsen, havet og Bømlo. På toppen skal det vera ein stein som minnar om ein preikestol.

– Ikkje så rart dei valde det namnet. I overført betydning fekk ein meir utsyn til folkelivet, meiner Sivert.

På Brokanes, ikkjeså langt frå Ørevik grendahus bur det eit ektepar som har gode røter i bygda. Gerd Oline og Jakob Breistig kan fortelja litt om det som rørte seg i bygda i «gamle dar». Begge hugsar losjen.

– Det var svere greier å få losje inn her, og det var kjekt å ha noko å gå på, minnest Gerd Oline som blei med i den haldningsskapande klubben då ho var rundt åtte år.

76 år gamle Gerd Oline Breistig er godt orientert om korleis ting gjekk føre seg før i tida.

– Så var eg med til eg reiste ut i verda på eiga hand. Då var eg 14 år og konfirmert, fortel 76-åringen. Litt fekk ho vera med i vaksenlosjen, før ho flytta til Haugesund. No har det gått 68 år, og den trivelege pensjonisten med god hugs, har så godt som halde løftet ho gav som ung jente.

Sjølv om det sosiale rundt møta fenga mange, var ikkje alle bygdefolka med. Der var to typar folk – dei som drakk og ikkje drakk. I losjen var det mykje song, men fråhaldssaka var viktigast.

– Det var nedlagt i oss kor farleg alkohol var, hugsar Gerd Oline.

Klokka som høyrde til husmannsstova har Gerd Oline Breistig tatt vare på.

Theodor Fagerland varsvært aktiv i losjen. Sonen Ingvar Fagerland hugsar at faren gjekk på møte.

– I hovudsak trur eg det handla om å koma saman og prata. Det var ein samlingsstad, og sidan dei var fråhaldsfolk, var det nok greit å kalla det for losje, seier Fagerland. Med ein far som var aktiv i fråhaldslosjen skulle ein tru at den moralske peikefingaren var stor for ein ung gut, men slik var det ikkje.

– Eg vart aldri sett under noko press. Eg hadde frie tøylar til å gjera som eg ville, fortel Fagerland, som no er pensjonist.

– Kvifor tok losjen slutt, trur du?

– Eg trur interessa dalte. Folk reiste vekk og det var vanskeleg å samla folk.

Powered by Labrador CMS