Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Kruskontroll
Du vett du er hekta når du har 4.000 krus og 700 ølboksar i huset…Saka var på trykk i Vestavind 29. januar 2015.
Asbjørn Hammer kler tak og vegger med samleobjekta sine. Det byrja med logokrus for 35 år sidan, og så har det balla på seg med ølboksar frå heile Europa.
Alt er henvist til kjellar-etasjen heime i Moldbrekkevegen i Sveio.
– Kva krus er du mest kry av?
– Det må vera Kripos sitt. Det heng her. Eg ringde Kripos for å høyra om dei kunne avstå eit krus og det kunne dei.
Så smiler han lurt og opnar ei dør som fører inn til eit lite rom ved sida av kjellarstova, og så seier han: – Det er her inne krusa er…
Synet er overveldande, for i dette rommet er alle vegger, tak og vindaugskarm, kledd med krus. Alle hyller og krokoppheng er fullsett så langt auga rekk. Alt systematisert og fint presentert.
Berre på golvet er det fri bane.
Her finn ein politiske parti, krus med kommunevåpen, fotballklubbar i inn- og utland, lokale entreprenørar, aviser og militæret.
– Vestavind har ikkje slikt noko? spør samlaren håpefullt.
– Nei, diverre.
– Det har blitt ein mani, flirer han.
– Kva seier folk når dei ser samlinga di?
– Kva skal dei seia? Du er galen, seier dei vel! Han ler igjen.
Og som om han har lese tankane våre, legg han til: – Kona seier ingenting så lenge eg held meg klar andre rom.
Frå alle kantar
Det var på den tida han byrja å reisa på anlegg i yngre år at han kom heim med dei første krusa. Samlinga gir også i stor grad ein peikepinn på kor familien har reist og feriert opp gjennom åra. Etter at familien skaffa seg bubil har dei farta mykje rundt i heile Europa, dessutan er også borna engasjerte i å skaffa krus og boksar til far.
Heile veggen langs taket på den 45 kvadratmeter store kjellarstova er det stuvande fullt. Målet for sveibuen framover er å tynna litt i ølbokslageret sitt.
Gir vekk
Hammer har erkjent at han ikkje lenger har plass til alt, og har difor tatt eit val; han vil gje vekk alle boksar med utanlands opphav.
– Det er ikkje noko stas å samla på ting når dei ligg nedpakka i esker, meiner han.
Så dersom nokon er interessert i 13-14 kassar med 24 tome ølboksar i kvar, så kan dei koma og henta dei gratis. Samlinga kjem frå heile Europa, samla gjennom dei siste 20 åra.