Slik ser krossen ut frå stien. I følgje Gards og ættesoge for Sveio, band 3, var det ein Peder Torkjelson Leirvik (1808-1878) på Kvalvåg. Kan det ha vore han som gjekk rundt i bygdene med malarkosten?FOTO: Irene Flatnes Haldin
Før var det omtrent ikkje tre her, og symbolet var godt synleg for farande.FOTO: Irene Flatnes Haldin
Krossmerket treff ein på når ein har gått om lag 10 minutt frå garden til Sunnøve og Trygve Lervik.FOTO: Irene Flatnes Haldin
Krossen i fjellveggen
Berget var nok like freistande som eit tomt lerret for karen som målte inn ein kross. Truleg for rundt 130 år sidan.Saka var på trykk i Sommarvind 2015.
Ved den gamle gangstien mellom gardane Hovda, Tveit og Erve i tidlegare Vikebygd kommune, på vestsida av Ålfjorden står eit krossmerke måla inn i fjellveggen for 100 år sidan. Denne gangstien var mykje nytta i eldre tider, når folket her innafrå hadde ærend ut til bygdene i Sveio, eller folk utanfrå hadde ærend innover. Mang ei friarferd mellom bygdene for og langs denne vegen.
Ein og annan fanten med fillesekk på ryggen var og å sjå langs denne stien i farne tider.
Kva år krossen vart mala inn i fjellveggen første gongen veit ein ikkje, men etter det som gamle folk på Tveit fortalde då eg var skulegut, må det vera frå 1880-åra. Det var Peder Lervik, som den gongen budde på garden Lervik i Sveio, som sette krossen i fjellveggen ein gong han var i malararbeid på gardane inne ved Ålfjorden. Han var mykje nytta som malar, særleg når ei stove skulle pussast opp innvendig. Rosemaling kunne han og, sa dei.
Så stod då krossen der i fjellveggen i mange år. Lenge etter at malinga var borte, stod krossen der som eit lysare felt i fjellet. Det var malinga som hadde tæra bort den gråe fjellmosen. Då krossen med tida vart lite synleg, var det at ein mann frå bygda meisla krossen inn i fjellveggen. I den seinaste tidsbolken har krossen vore mala oppatt med om lag 15 års mellomrom. Dei orda som nå står kring krossen er tilførd for omlag 40 år sidan.
Sjølve krossmerke, det kristne symbol, har stande her ved den gamle gongstien og minna folket som for framom om eit ankerfeste i livet og om Guds miskun.
Notat etter Vilhelm Egge Hovda
Det kan sjå ut som eit minnesmerke, men er nok berre ei form for gatekunst frå omlag 1850-talet. For langs fjellet her gjekk det folk før – på veg til Tveit, eller på kyrkjeveg til Vikebygd. Stien er der framleis, men har ikkje vore i bruk på mange år. Det er fullt muleg å ta seg fram, turen frå Hovda til Tveitsjøen tar om lag 30 minutt utan bør og heft.
Sunnøve Lervik har vakse opp på staden, og er lommekjend i området. Far hennar kom til garden då han var 2 månadar gamal i 1914, og levde resten av livet sitt her fram til 1986.
Gardbrukarane har rydda skog framføre krossen, som er i berget om lag 10 meter frå stien. Det blir og passa på at malinga blir friska opp no og då. Før var det omtrent ikkje tre her, og symbolet var godt synleg for farande.
Annonse
Ved foten av Hovdafjellet går den gamle stien som bind saman gardane på Hovda, Erve og Tveit. Her gjekk òg folk på kyrkjeveg til Vikebygd. Krossmerket treff ein på når ein har gått om lag 10 minutt frå garden til Sunnøve og Trygve Lervik. Bildet er tatt frå Våga.FOTO: Irene Flatnes
– Det seiest at det var ein Peder Lervik frå garden Lervik på Kvalvåg som malte krossen. Han tok på seg malaroppdrag i bygdene, fortel Sunnøve.
Orda som står rundt krossen er tilført seinare, truleg på 40-talet. Vilhelm Egge Hovda, som var far til Sunnøve, skreiv fleire notat på 1980-talet, der mellom anna dette merket er nemnt.