frå papirarkivet

Konsulflyktningar i paradis

Medan tyskarane var i hælane på den britiske visekonsul Thomas Spence, hadde yngstesonen Thomas sommaren i sitt liv – på flukt. Ein av gøymestadane var på Flatnes ved Ålfjorden, der familien blei verande i 39 dagar.Saka var på trykk i Haustvind 2016.

Publisert Sist oppdatert

Flatnes/Ålfjorden: Varsel om tyske soldatar jaga mange på flukt, ikkje utan grunn. Familien Spence var ikkje noko unntak. Far i heimen, Thomas Spence var den britiske visekonsulen i Stavanger, og eit opplagt bytte for okkupasjonsmakta.

To gonger skal konsulen ha vore farleg nær tyske soldatar, før han kom seg ut av byen 10. april 1940. Truslane sa at alle utlendingar måtte melda seg for tyskarane, og det var kunngjort dødsstraff for dei som skjulte flyktningar. På denne tida var det ingen som visste korleis krigen ville bli, få var truleg klar over kor mykje dei ofra når dei skjulte flyktningar.

Målet var Shetland, her kom dei fram 7. juli. Siste stopp før Rubbestadneset var Flatnes, der familien var frå 25. mai til 2. juli 1940. Arnfinn Haga har skrive mange bøker om krigsåra. I «Fristed for fredløse» har han tatt føre seg Spence-familien si flukt. Historia er rik på detaljar, henta frå dagboka til yngste dottera i familien, Erna Margareth.

På Flatnes fekk dei utfalda seg fritt; bada, plukka blomar, leika med kattungar og kvalpar. Dei tok og del i daglegdagse gjeremål, og var med på oppvask og golvvask, henta kyr om kvelden og mjølking. Surmjølk fekk dei smaka for første gong – det gav meirsmak. Sjølv om dei unge koste seg, hadde ikkje konsulen roen. Han var stadig i oppe i haugane, tankefull med ein kikkert. Lyden av motorar gjorde han uroleg.

Petter Spence og Jon Spence.

I følgje «Fristed for fredløse» er historia til Thomas Spence og hans folk opptakten til illegalt arbeid for folk både i Haugesund, Jøsenfjorden og på Bremnes. Boka er bygd vidare på ein rapport av Bernhard Håvardsholm, skriven i London, 1940.

Sekretæren til konsulen, Miss Cragg og marineoffiser Franc Platt var og med på flukta, og kom seg frå Flatnes til Shetland 7. juni.

Powered by Labrador CMS