Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Kjødnabakken – ein smak av levande fortid
På husmannsplassen Kjødnabakken er det meste smått både av bygningar og jord, men dei som budde her visste å utnytta ressursane maksimalt. Som det å laga klesknaggar av trådsneller og spikar, eller skøyta på ein velbrukt hoggestabbe.Saka var på trykk i 2014.
Kjødnabakken var plass under bnr. 1 på Straumøy, og blei rydda av Lars Ingebriktson Straumøy i 1858. Han hadde stova med seg frå Håmannestøa som ligg litt lengre sør på Straumøygarden. I dag består tunet av ytterlegare sju hus; løe, sauehus, jordkjellar, naust, mølle, hønsehus og utedo. Plassen består av 10 mål innmark i tillegg til litt skog.
Svein Strømøy, oldebarnet til den første husmannen, har eigd grunnen og bygningane sidan 1995. Den siste som budde her var onkelen hans Lars Ingvald Straumøy, 1911-2000. Lars hadde tre søstre: Alette Dorthea, som budde heime til ho døydde ugift i 1970, Laura Theodora (f. 1904) og Elise Gunhild (f. 1908). Sistnemnde er mor til Svein. Som gutunge var han ofte på besøk hos onkelen og tanta si på Kjødnabakken. Etter kvart som han har blitt eldre har han blitt meir og meir interessert i gamal historie.
Kulturarv
Bygningane og garden dokumenterer korleis folk har levd og arbeida. Våningshuset har ikkje vore i bruk på 15-20 år, men det meste er som før.
Når inngangsdøra går opp slår ein rå eim imot oss. Straumen er kobla frå, det er kaldt, det vesle vindauget på kjøkenet slepp inn minimalt med lys no midt i desember. Rett innafor døra stod alltid bøtta med drikkevatn og vassausa. Vedomnen har blitt skifta ut med elektrisk komfyr, men elles er det lite som minner om moderne tid. Gamle koppar og kar dukkar opp etter kvart som skapdørene blir opna. Huseigaren dreg ut ei skuff i kjøkenbenken og konstaterer smilande at i dag er det tomt for brød.
Evig ungkar
Men slik har det ikkje alltid vore. Kom du hit ein dag Alette var i sving med bakstehella kunne det vanka både kaffi og nysteike potetkaker på dei som stakk innom.
Middagsmaten kom hovudsakleg frå havet. På den tida var det bra med fisk å få på Straumøyvågane. Den gode tørrfisken hans var berykta langt utover bygda. Lars var ein allsidig kar, i tillegg til gardsdrifta jobba han også i periodar på fiskeri og sildoljefabrikk. Glimt i auga hadde han, og begeistra for damer, men korleis det enn hadde seg, Lars blei verande ungkar livet ut.
Nøkternt
Dagslyset er minimalt inne i den husmannsstova, og endå litt mørkare blir det når ein kraftig haglskur plutseleg melder seg. Før 1952, då straumen kom til bygda, var det parafinlamper i kvart eit hus.
– Det var hardføre folk som budde her, konstaterer Svein, som no har tatt plass i stolen ved det einaste vindauget som finst i stova.
Lite har endra seg her sidan onkelen hans si tid. Inventaret har ikkje eit einaste spor av jåleri, berre det nødvendigaste; ein slagbenk, eit kroskap, eit bord og nokre stolar med hekleteppe på. Alt gamalt og slitt. Men den kvitmåla døra av solid plank, står framleis rakrygga på hengslene. Malingslitt, javel, men nydeleg som eit smykke.
Tømra er kledd med papp. På eine veggen heng eit bilde av Valestrand kyrkje, eit religiøst trykk, og under der igjen eit portrettfoto av Anna, Svein si bestemor.
Godt under taket
Loftstrappa er merka av år etter år med føter opp og ned. På loftet var det godt for slitne husmannsryggar å gå til ro. Søvnen kom lett under dei breie sutaksborda med trenaglar, og over blinka stjernene ned på den vesle stova den gongen som no.
Frå loftsvindauget er det utsikt ned til Peratjødna, der ein gråhegre akkurat lettar frå vasskanten.
På tørre somrar var det knapt med vatn på Straumøy, både fastbuande og feriefolk gjekk difor til Peratjødna for å vaska og koka kler.
– Peratjødna er kjent for å ha mjukt vatn, noko som betyr at såpa skrauar godt, kan Strømøy fortelja.
Tjødna fraus tidleg til, og det var mykje aktivitet på isen om vinteren. Lars sjekka isen om det var sikkert å gå utpå.
Smått
På husmannsplassen hadde dei i Lars si tid ei ku og nokre sauer. I fjøset er det knappe halvanna meter under taket, og rommet var ikkje meir enn rundt sju kvadratmeter. I dag er det vanskeleg å førestilla seg korleis ei ku kunne koma inn den vesle fjøsdøra. Men som kjent var kyrne mykje mindre den gongen.
– Det kom aldri traktor til Kjødnabakken, heller ikkje hest, alt som skulle flyttast på blei gjort med handemakt, fortel Strømøy. Etter at han tok over plassen har han fiksa vegen, malt bygningane og skoga. Den fingernemme valestrendingen likar å ta vare på gamle hus. Han har også restaurert barndomsheimen på Straumøy frå topp til tå.
– Dersom nokon skulle finna på å busetja seg her i framtida må det nok bli eit bygg på sida av og ha småhusa som ein rarietet, fortel Svein som er gift med Wenche, saman har dei fire born.
– I mange år feira Lars julaftan heime hos oss. Han var nok litt spesiell på sitt vis, fortel Wenche Strømøy og legg til:
– Lars hefta seg ikkje med å opna pakkar, iallefall låg dei veldig lenge i papiret. Han klemde litt på dei og la dei til sides. Men det ville ikkje ungane våre ha noko av, dei sette seg nærmast på skuldarane hans og forlangte at no får du versågod pakka opp! Og då måtte ungkaren Lars gje seg.