frå papirarkivet
Juleminne fra barndomen
Faren klipte opp delane og sette tråd i nissen, slik at han fekk sprella. Og det gjer han den dag i dag, 84 år seinare. Sprellemannen med skjegg og tresko er av dei best bevarte minnene Inger Emberland har frå barndomen.Saka var på trykk i Vestavind 18. desember 2014.
Inger er fødd og oppvaksen på Tjernagel. Då ho var to-tre år fekk familien tak i ei eske det hadde vore mange stykke margarin i. Om det var dei som kjøpte alt smøret hugsar ho ikkje, men delar av smøreska har Inger tatt vare på. Ho hugsa godt at faren hang opp sprellemannen på veggen. Der hang han kvar jul. Søskenflokken vaks til å bli fire, og alle måtte vera forsiktige med han.
– Eg likte å sjå på han, minnast 86-åringen, som var eldst i søskenflokken. Den 84 år gamle nissen er framleis fin å sjå på og heil i kantane. Litt teiping har det blitt, og fargane er ikkje som dei var, men den er framleis stiv i pappen. Sprellemannen har vore på ei reis, og det heilt til Maihaugen på Lillehammer. Den var på utstilling med Husfliden, som iscenesette fleire rom frå korleis det var før i tida. Det var i 1990, og den kom heim like heil og fin.
No har nissen fast plass på eit gjesterom. På denne plassen, men ikkje i same huset, har Inger budd heile livet, med unntak av då ho hadde huspost i ein periode før ho gifta seg.
– Eg hugsar då eg var med far i skogen og henta juletre. Det var is på Hesthammartjødno, og me pleide å finna tre på Longhamro, fortel Inger. Det var og andre ungar som høyrde til garden med då faren fann tre. – Det var ekstra stas å få treet i hus. Då var me kome langt, smiler Inger. Julemåltidet var risengrynsgraut med ekstra mykje godt – kanel, sukker og rosinar. Då ungane blei eldre var det svineribbe som gjaldt.