Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Isfiske på Ålfjorden
– Overtru! Seier Frode Johnsen bestemt. Han har surra raud ulltråd på kroken.– Kvifor? Som ein raud tråd gjennom livet, vel…Saka var på trykk i Vestavind 25. februar 2010.
Endeleg, etter mange milde vintrar, blei det endeleg kaldt nok til at Ålfjorden fraus. Isfiskarane har gleda seg. Dei første spankulerte på isen i romjula.
I vekene utover såg du dei på lang avstand. Som små fargerike prikkar utover den kvite fjorden. Nokre er her for første gong, andre er veteranar.
Kledd for forholda
Vinden kjem frå sør-aust i dag. Dei 5 minusgradene kjennest bitande kalde ut når vinden bles 20 sekundmeter. Har du tenkt å halda på til du har fisk nok til laurdagskosen, må du ha vet nok til å kle deg skikkeleg. Frode Johnsen er kledd etter forholda.
I tillegg til ulltråden, som han påstår bringer fiskelukke, bruker han reker som agn. Ei reke blir hukka fast, og for sikkerhetsskuld, bunden fast med ein raud tråstump ho også. Raud ull.
Holet i isen er klart. Han plumpar rekekroken nedi slushen.
Skitt fiske!
Draumenom ferdatorsken
– Trygt? Klart isen er trygg!
Geir Apeland har vore her før. Han er ein av dei som har isfiske på Ålfjorden som eit flott barndomsminne. Nå er det minst ti år sidan sist han slengde snøret ned i ein frossen fjord.
– Det er lenge sidan me har hatt ein vinter som denne. Eg tippar isen er mellom 20 og 30 cm nå, det er heilt trygt. Det er vårisen du skal vera forsiktig med. Sidan isen smeltar frå undersida, kan det vera vanskeleg å sjå at han har blitt tynnare, forklarer han.
Kameraten Sjoerd Weterings er på isfiske for første gong.
– Kan ikkje driva med dette i Nederland, veit du, smiler han.
Dei har laga seg til med eit snøre som er festa i ei grein, krokar med makrellagn og blylodd som ligg på botn.
Snøret skal klara seg heilt sjølv, karane kastar eit blikk bort nå og då for å sjekka om det er teikn til liv.
Fiskestengene er klar, nå manglar berre to hol til i isen.
– Eg er glad eg var i byn og handla vindtett bukse i dag tidleg, seier Sjoerd. Kulingen nappar iskaldt i kinna. Lua er god å ha rundt øyrene. Selbuvottane hadde kanskje trengt eit vindtett fôr i dag.
Fisk til søndagsmiddagen
Geir og Sjoerd satsar på å koma heim med fisk til søndagsmiddagen, men er ikkje heilt sikre på om dei andre heime blir like glade for fisken.
– Ferdatorsken i februar er vel den me eigentleg ventar på. Før i tida var det slett ikkje uvanleg at folk fekk torsk på 10-15 kilo under isfisket på Ålfjorden. Nå til dags blir alt fiska opp i Nordsjøen og knapt ein einaste torsk kjem inn i fjorden for å gyta, seier Geir og heller kaffi i koppen.
Heile vegen frå parkeringsplassen har han kikka nøye rundt hola i isen der andre har fiska tidlegare. Blodspor er eit godt teikn. Det har ikkje vore for mange av dei.
Han hadde lagt merke til den einslege vesle knorren som låg igjengløymt 100 meter lenger sør. Ikkje ein gong måkane brydde seg, han fekk ligga i fred.
Isen lokka eit trettitals fiskarar ut på den forblåste fjorden denne lørdagen. Klokka var fem før Apeland og Weterings raska heim over isen. Dagens fangst: ein liten knorr.