frå papirarkivet

Gravferd på Kvalvåg. Det er truleg kista til Anna Olsdatter Bøe f. 1886 (bestemor til Olav Bøe) som her er fotografert i kyrkja.
Gravferd på Kvalvåg. Det er truleg kista til Anna Olsdatter Bøe f. 1886 (bestemor til Olav Bøe) som her er fotografert i kyrkja.

I dei tider – om gravferder før i tida

Denne artikkelen blei første gong presentert i Vestavind i februar 2008.

Eg vil prøva å fortelja korleis ei gravferd gjekk føre seg i min ungdom, frå midten av 30-talet til slutten av 40-talet.

Mykje har forandra seg etter den tid, alt har blitt so mykje enklare. I dag døyr 90 prosent av folk på sjukehus eller pleieheim. Pårørande kontaktar eit gravferdsbyrå som tek seg av alt som skal ordnast på ein verdig måte. Alt føregår frå kyrkja. Det var ikkje tilfellet i dei tider eg vil fortelja om. Då var det omvendt.

Sjukeheim og sjukehus var det få som blei lagt inn på. Gravferdsbyrå var det ikkje snakk om. Dei nærmaste måtte ta seg av gravferda på beste måte.

Det første dei måtte gjera var å spenna hesten for sleden og kjøra til Sveio etter kiste. Det vesle kistelageret stod i nærleiken av der Rimi (Coop Extra, red. anm.) er i dag. Når kista var komen på plass måtte avdøydde stellast og iførast findress eller kjole ettersom. Den jobben hadde dei som oftast hjelp frå utanforståande. Når det var ordna blei kista sett ut på låven eller eit anna hus i påvente av gravferdsdagen.

Ei nabokåna blei kontakta. Ho fekk i oppdrag å gå frå hus til hus og be til gravferd. Det blei gjort innan ein viss krins. Til vår krins høyrde Dynjo, Kvalvåg, Kvalvågnes, Lervik, Fjon og Lyngbakken. Ingen gjekk i gravferd utan først å vera høgtidsamt beden.

So var det til å setta i gong med baking og steiking for det skulle alltid vera mat når dei kom tilbake frå kyrkjegarden på Bjelland. Alt måtte lagast heima. Det var ingen catering eller bakar du kunne bestilla smørbrød og kaker hos slik som i dag. Var vêret brukbart på gravferdsdagen blei kista plassert på tunet. Var vêret dårleg, blei ho teke inn i stova.

Det blei sunge ein salme eller to. Og einkvan som var litt inne på «skriften» sa nokre ord. So blei kista plassert på sleden, og hesten blei spent føre. Eg har sjølv vore kusk på eit par slike turar. Turen til Bjelland kyrkjegard var sju-åtte kilometer, og tok cirka halvannan time. Framfor sleden køyrde ei finare vogn med tre mann. Ein styrte hesten, dei to andre hadde som oppgåve å syngja salmar etter vegen. Eg hugsar namnet på to som blei brukt til den jobben; det var Lars Holmen frå Våga og Johan Lyngbakken.

Etter sleden gjekk dei som var bedne. Ikkje alle var like bra til beins og kunne difor ikkje ta den lange spaserturen til Bjelland. Men det var ein skikk å følgja til utegårsle å sjå følgjet vel av garde. Dei som var spreke nok var med heilt fram. Flag på halv stang såg ein ikkje, då det var ingen som hadde flagstang. Men i staden for flag blei det pynta med grønt ved avkøyrslane etter vegen. Det var granbar eller anna grønt strødd som ein firkant eller forma som ein kross. Ein pen skikk.

Framme på Bjelland stod presten og venta. Han hadde sykla frå Førde for anledningen, og når presten hadde gjort sitt, var det same vegen tilbake. Der venta dei med maten som sikkert smakte godt etter turen.

Eg vil også nemna ei gravferd utanom det vanlege: Det skjedde på Fjon. Eg hugsar ikkje årstal, men det var i byrjinga av 40-åra. Fjon var då utan veg – veg kom først i 1956 – so alt måtte i båt.

Dagen kom med stiv kuling slik at planen om å ro til Kvalvåg i robåtar, ikkje var mogleg. Det blei snakk om å utsetta gravferda til neste dag eller til kulingen gav seg. Då var det at to ungdomar sa seg villige til å ta turen. Dei plasserte kista ombord i ein litt større robåt, ein som blei brukt som notabåt, og heiste segl. Begge var sjøvande, men det var ein seilas som verken dei eller folk som såg det, seint gløymde.

Dei klarte turen, men det var ikkje mykje som var tørt verken på mannskap eller last. Men dagen vart berga. Dei som var bedne gjekk gjennom utemarka til Kvalvåg og fortsette turen til Bjelland.

Olav Bøe (1925-2009)

Powered by Labrador CMS