frå papirarkivet

Det var sommaren 1946 at to Amerika-brev, adressert til bestemor Mette Tyrine (Tyri), kom i posten. Eg (Dagny Storstein) var den som fekk gleda av å overrekka breva, og gjett om ho vart glad! Illustrasjon: Erling Vallestad.
Det var sommaren 1946 at to Amerika-brev, adressert til bestemor Mette Tyrine (Tyri), kom i posten. Eg (Dagny Storstein) var den som fekk gleda av å overrekka breva, og gjett om ho vart glad! Illustrasjon: Erling Vallestad.

Historia om bestemor

Saka var på trykk i Vestavind 12. april 2017.

Publisert Sist oppdatert

Mette Tyrine (Tyri)var yngst av ein søskenflokk på åtte. Ho var fødd 17. juli 1869 i Krokane. I oppveksten budde dei i Krokane, ein utplass ytst i Viksefjorden. Der var ikkje veg dit, berre sjøveg, så det vart i båt kvar dei skulle. I den tida var det omgangskule. Då måtte borna ta seg over myrar og fjellklovar for å koma seg til skule på Viksegardane. Bestemor mi fortalde meg ein gong at dei hadde berre tresko å ha på føtene, og dei datt ofte av så dei var vanskelege å gå i når der var glatt. Foreldra hennar var Andor Olsen Straumsvoll (1824-1897) og Gunvor Søndrevågnes som var 11 år yngre. Andor og Gunvor kjøpte Høgestøl, men nytta ikkje jorda sidan han arbeidde som snikkar.

Etter det eg kjenner tilreiste alle Tyri sine søsken til Amerika. Sjølv vart ho verande heime, og tok over Høgestøl etter foreldra. Ho fekk dottera Thea Marie 4. mai 1903, som blei mor mi. Barnefaren heitte Sevrinson, men Tyri vart gift med Jørgen Mikal Grindheim frå Etne. Han døydde tidleg og dei var barnlause. Etter det vart ho oppattgift med Lars Martinussen Strømmen f. 1877. (Lars var bror til Akselina Strømmen). I 1908 vart Tyri og Lars foreldre til Gunvald Martin.

Tyri og Lars bygde nytt hus på Høgestøl. Men det var ei vanskeleg tid å få arbeid, Lars reiste difor til Amerika for å prøva lykka der. Då sonen Gunvald var 16 år, reiste han til far sin som etter det eg har høyrt, dreiv ein hønsefarm i Alaska. Gunvald stoppa ikkje der, men kom seg til Brooklyn. Der arbeidde han som maskinist på «lystyachtar» i mange år, heilt til han blei alvorleg sjuk.

Ein gong fekk han sjå mora og halv-syster si, Thea Marie igjen. Då var han på ein båt som gjekk innom ein plass nord i Noreg, og han fekk fri til å reisa heim til Sveio nokre dagar. Lars derimot, høyrde dei lite til, så det var bestemor og mor som dreiv den vesle garden med to kyr, nokre sauer og høns.

Dei overlevde på eit vis, men alt var tungvindt i dei tider. Høyet bar dei inn på «børalag» og  vasskjelda var i bekken. Mor var litt på arbeid, ho stelte «barselkoner» og nyfødde, og var svært godt likt overalt. I 1936 gifta ho seg med far min, Sigvald. Dei blei buande på Høgestøl saman med bestemor.

Mor Thea Marie giftaseg med Sigvald Birkeland i april 1936. Eg (Dagny) kom til verda i mai 1937. Då eg var nesten 4 år, 17. april 1941 fekk dei tvillingar, Tordis og Trygve Sigvald. Men mor døydde samme dag av blødning, så det var jo ein tragedie. Mor blei gravlagd og tvillingane døypt på same dag, ei veke etterpå. Dette sit ennå i minnet mitt.

Eg forstod jo ikkje så mykje av det heile, men det var svært tungt for bestemor. Det var inga trygd eller hjelp å få, og far måtte jo jobba. Det blei til at tvillingane vaks opp hos kvar sin onkel og tante, eg blei verande på Høgestøl med far og bestemor. Det blei bestemor som overtok morsrolla for meg.

Bestemor var svært snill og veldig triveleg. Hun slo seg på knea og lo når noko var kjekt. Dei fødde to kyr og ein del sauer på stykket her, og høner, hund og katt. Høyet bar far inn på «børatau». Bestemor hadde hest, men då ho høyrde at tyskarane berre tok hestar frå folk til seg sjølv, leverte ho hesten til slakt. Tyskarane skulle ikkje få trena med hennar hest! Ho hadde ein hund ho kalla «Spøran», det var jo eit rart navn. «Spøran» var så feit og gamal at ho måtte bæra han ut så han fekk «gjera frå seg». Det var litt problem at bestemor var heilt døv, men ho las på munnen og forstod alt me sa.

I krigsåra var det lite eller ingenting å få kjøpa, ei husmor måtte vera tusenkunstnar med kler og mat. Alle gamle kler blei snudd og sydd om att. Bestemor var ein meister til å strikka. Først måtte ulla «grøypast» altså grovkardast, så måtte ho laga «tullar» som det heitte, det var å karda ulla i rullar som ho spann til tynn tråd. Så måtte to tynne trådar spinnast saman og etterpå lagast til hesplar som ho då laga nøster av. Det var kvite eller svarte sauer, så det var ikkje så varierande fargar. Men eg hugsar me leita i utemarka etter ein spesiell mose som bestemor blanda i eitt eller anna, og då blei det ein fin blåfarge. Nesten alle kleda eg hadde var strikka, ja hennar eigne og far sine også. Berre tenk å strikka alt det undertøyet, hjelpe meg!

Etter middag og oppvask var det til å spinna, og om kveldane sat bestemor i gyngestolen og strikka i lampelys, av og til sovna ho. Kvar ettermiddag  var det noko dei kalla skumringstime, det var då det byrja å bli mørkt ute, og dei vaksne tok seg ei middagskvil ein times tid før parafinslampa blei tent. Då satt bestemor i gyngestolen og sov, og far låg på benken. Det var stille i huset, og berre lys frå omnsdøra. Eg tykte det var så koseleg. Då la eg meg ved sida av far og fekk han til å fortelja frå han var liten, eller han måtte læra meg å rekna. Så det blei nok ikkje alltid kvile for han.

Kvar vekedag stod spinnerokken i stova og filleryene blei sopte. Det blei mykje bos etter all den ureine ulla. Men kvar laurdag blei rokken og ulla boren ut på kammerset og då vart kobbarkjelane pussa, vindauge vaska og golva fekk ein skikkeleg omgang med grønnsåpevatn. Då var det helg.

Kosthaldet var vel litt betre hos oss eller hos dei som ingenting kunne dyrka. Me hadde mjølk, korn, som blei mole til grovt mjøl og far sådde poteter, gulerøter, kålrot og sukkererter. Det siste var godteriet mitt. Frukt og sjokolade var ikkje handelsvare på butikken verken i krigen eller ei god stund etter.

Bestemor kinna smør av fløyten på mjølka (når den var litt sur). Det var ikkje så mange som hadde smør. Dei fleste hadde grynmjølsgraut på brødskiva. Pålegg var ikkje å få tak i, men bestemor laga ein slags prim og den var god. Middagen var det salt sild og havresuppe så å seia kvar dag hos alle. Eg fekk lov til å eta varm potet med smør på, fordi eg klarte ikkje å eta den salte silda. Om søndagene var det saltkjøt, det var jo ikkje fryseboks den gongen. Brødrasjonen var visst svært liten, så eit par dagar i veka kokte bestemor ei stor gryte poteter som ho malte i ei kvern. Då steikte ho potetkaker av havremjøl som me hadde fått malt på mølla. Eg hugsar dei var litt beiske på smak.

Under trappa hadde me spiskammer med mjølkefat, mjøl, prim, smør, egg og beksvart sirup som smaka litt av malt. Potetmjøl og kaffierstatning laga bestemor sjølv. Det lukta alltid godt i spiskammerset vårt.

Klesvasken blei ikkje teke så ofte, men vaskedagen var nok svært travel. Då var alle kler lagt i bløyt dagen før og den store jerngryta blei fyrt under i gruva i eldhuset. Tanta Akselina og Marie på Straumen var alltid og hjelpte til. Far bar vatn frå brønnen nede ved vegen. Han hadde vassele over skuldrene og bar vatn heile dagen.

Eit anna storarbeid som blei gjort om våren var torvberging i utemarka. Torv blei brukt til oppvarming og til å fyra i komfyren på kjøkkenet. For oss som var born var alltid kjekt å vera med i torvmyra. Far spadde torv og Marie Straumen var alltid hos oss og bar torv. Då blei store firkantar spadde opp og lagt på bakken til tørk. Krakking av torva vart gjort etter at torvstykka hadde tørka utover marka i nokre dagar. To stykke vart sette opp mot einannan, deretter to på kvar side og eitt stykke vart lagt på toppen. Torva stod og tørka slik i nokre veker. Til sist vart torvstykka stabla i ein spesiell pyramide for å verta heilt tørre.

Middagen åt me heime fordi torvmyra var rett uti utemarka. Men til mellommat kom bestemor med mat og kaffikjelen til oss. Då hadde ho laga pannekaker eller liknande, og brødskiver, – smør, sukker og prim. Så var det alltid kokte egg pakka inn i kvitt kjøkkenhandkle. Og mjølkeflaske til meg. Aldri smaka maten så godt som i torvmyra! Når ein torvsjer var tomt blei det ein svær og djup firkant som blei fylt av vatn. Ein gong datt eg uti ei slik torvhåla. Marie var snar å få meg opp, men kommenterte at det var nett til pass til meg slik som eg var i vegen. Men det var bestemor som byta kleda mine, vaska dei og tørka dei, – jammen hadde ho nok å ta seg til! Det var ikkje straum eller innlagt vatn på den tida.

Eg har mange gonger tenkt på korleis i all verda ho klarte det. Ho var nok sliten mange gonger, men aldri hugsa eg at ho klaga seg. Men at ho aldri høyrde frå dei to som var i Amerika, det tok nok på. Den eine etter den andre kom heim etter krigen var slutt, men bestemor høyrde ingenting. Ho visste berre frå andre at sonen budde i Brooklyn, og hadde ikkje fått noko dødsbodskap om mannen Lars heller. Så håpet om Amerikabrev var der.

Ein fin sommardag då bestemor Tyri sat ved rokken på loftet, kom eg springande opp trappa med to Amerika-brev; eitt frå Alaska og eitt frå Brooklyn. Stakkars bestemor, verken før eller seinare såg eg henne så oppglødd. Ho tok eitt brev i kvar hand, klaska seg på knea og utbraut: «Jøye meg!», alt mens ho lo og grein om kvarandre. Det var på ein måte heilt uverkeleg, – ho hadde venta så lenge på brev, og no fekk ho frå begge på ein og same gong!

Eg hadde og eit veldig sterkt ønske om at bestemor måtte få sjå dei att, men slik vart det aldri. Onkel Gunvald kom heim ein gong rundt 20 år etter at ho døydde. Han hadde alltid lengta etter å koma, men det hadde aldri blitt noko av. Men for ein lagnad! Alle forsvann; mann, to barn og to barnebarn som sjeldan eller kanskje aldri ho såg igjen.

Det var vel aldri at tvillingane Tordis eller Trygve Sigvald var her på besøk, eg kan ikkje hugsa det i alle fall. Men så var det ikkje berre til å setja seg inn i ein bil og køyra heller.

Det einaste biletet me hadde av bestemor fekk antakeleg Gunvald med seg til Amerika. Det angrar eg veldig på.

Bestemor var ikkje så høg av vekst, lubben og rundlett, med tynt hår samla i ein knute i nakken. Om kveldane når ho satt i gyngestolen og strikka så pleide eg å sitja oppå kanten av stolen og leika frisør med henne. Ho var ein fantastisk person som i mange år mens mor og Gunvald var små, klarte å skaffa leveveg for seg og sine på dette vesle, tungdrivne bruket. Eg følar sjela hennar ligg igjen her på Høgestøl, som nok var hennar paradis.

Powered by Labrador CMS