Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Helten Jørgen:
Hindra brann med to koppar vatn
Saka var på trykk i Vestavind 22. desember 2011.Natt til laurdag 17. desember tok det nesten fyr i Jørgen Haldin Vallestad (7) si dyne medan han sov. Den snartenkte guten kasta dyna av seg, sprang inn på badet og fylte ein med kopp vatn, som han helte over gneistrane. Dette gjorde han to gonger, og dermed redda seg sjølv og resten av familien.
– Mamma. Mamma, det brenn pittelitt i dyna mi, var beskjeden mamma Camilla Haldin Vallestad roleg fekk kviskra i øyra av sonen klokka 02.15. Ho og mannen Simon Haldin Vallestad gjekk forfjamsa opp på rommet til Jørgen. Det som møtte dei då dei kom opp, var eit totalt røyklagt rom, der det ikkje gjekk an å sjå inn.
– Ein kunne ikkje sjå om lyset var av eller på i rommet, det var utruleg tjukk røyk, fortel mor til Jørgen.
– Pappa heldt på å svima av grunna stanka. Det gjekk ikkje an å pusta, så han gjekk for å henta ei gassmaske, fortel sjuåringen. Faren fekk kasta ut dyna og madrassa, som det òg var begynt å ulma i. Jørgen og storesystera Julie fekk fortsetja søvnen vidare i underetasjen. Minstemann Andreas sov gjennom heile natta. Foreldra fekk lufta ut røyken etter kvart, som hadde spreidd seg til heile huset.
Vaskast eller kastast
Rommet til Jørgen er per i dag heilt ubrukeleg. Det ser heilt fint ut, men sterk svilukt sit i tak, veggar og alt av inventar. Store deler av leikene til guten er gått i bosset. Bamsar, klær og Lego må vaskast. Bøkene kan kanskje bli kvitt lukta etter kvart. Ein liten pris å betala trass alt.
– Tenk viss ikkje Jørgen hadde vakna? Nei, eg vil ikkje tenkja på det ein gong, seier mora bestemt. Ho er utruleg stolt av sonen sin som ordna opp.
Jørgen virkar heilt upåverka av episoden, som kunne sett ein god støkk i nokon kvar.
– Er det noko som praktisk kan ordnast opp i, blir han ikkje påverka. Det var nok heller me foreldra som fekk oss eit sjokk, seier Haldin Vallestad.
Bamsane slapp unna
Brannsløkkjing er ikkje kvardagsleg for Jørgen, som tilbring mykje tid med pappa Simon, og lærer korleis ting skal handterast. Sjølv liker han å byggja på hytta si og anna jobbing.
– Eg var ikkje akkurat redd då det brann, men eg var redd for at bjørnen min, Bjørni hadde teke fyr. Men det hadde han ikkje, og heller ikkje løva. Dagen etterpå fann mamma og tante att Tore igjen på golvet. Han og Bjørni fekk eg då eg var baby, dei er sju år gamle, som meg. No er dei i vaskemaskina. Eg fann ein fin stad mellom den andre vasken og la dei der, smiler den sjarmerande 2. klassingen, som er elev ved Vikse skule.
– Eg og Simon ville gi Jørgen ei belønning for at han var så flink. Han ynskja seg ei ny seng, så det får han så klart, med tilbehør, smiler trebarnsmora. Ho er glad for at det gjekk som det gjekk, og ser fram til å feira jul heime saman med familien på Kvednaneset.
Besøk frå brannvesenet
Kjetil Staveland og Leif Haaversen frå Sveio brann- og redningsvesen rykka søndag kveld ut til familien for å slå av ein prat med den unge helten, som får skamros for sine handlingar.
– Jørgen har gjort alt heilt perfekt. Eg er veldig glad for at han vakna, og det gjekk så bra som det gjekk. Det å tenkja så langt at han gjekk for å henta vatn, står det stor ære av, skryt Staveland, som óg er glad for at den unge guten ikkje har tatt skrekken av hendinga. Etter det familien har gjengitt, kan det tyde på at ei lampe, festa i kanten på nattbordet er årsaka til hendinga.
– Eg trur at brytaren har kome i klem mellom senga og kommoden, og at Jørgen har kome borti brytaren i søvne. Den var avskrudd då eg og mannen min gjekk og la oss. Vidare må dyna til Jørgen ha kome i kontakt med lampa, fortel Camilla Haldin Vallestad.
– Her er det fleire tilfeldigheitar, og ingen har gjort noko gale. Få tankane bort, og ikkje tenk meir på det, er oppmodinga til varabrannsjefen.
Fleire tilfeldigheitar
Trass i den enorme røykutviklinga, blei aldri røykvarslaren like utanfor barnerommet utløyst. Familien skifta batteri og sjekka røykvarslaren 1. desember, heilt etter boka.
– Ein har ingen garanti for at ein røykvarslar verkar, og det er vanskeleg å finna ut kvifor røykvarslaren ikkje løyste ut i dette tilfellet, seier varabrannsjef ved Sveio brann- og redningsvesen, Kjetil Staveland.
– Det kan vera fordi mesteparten av røyken befant seg i rommet, seier Staveland. Han vil oppmode om at alle lampar må vera fastskrudde der barn og kjæledyr skal ferdast.