frå papirarkivet
Hekta på tennis
Så snart vårsola kjem tek sveibuane Anders Tendeland, Joachim Grasdal Larsen og Magnus Hovda Bergersen med seg racketane til Bua.Saka var på trykk i Sommarvind 2014.
Ballen går høgt opp i lufta. Det gjeld å slå hardt for å setja serven rett i det venstre hjørnet på motsett side av tennisbana der Joachim Grasdal Larsen ventar. Ein sving frå Anders Tendeland, og spelet er i gang.
– Me starta med å spela tennis for to år sidan, seier Larsen.
Fleire gongar i veka kan ein finne dei tre kameratane ved kaien i Buavåg. Her øver dei på hobbyen som har blitt ein av favorittsportane å halda på med om sommaren.
– Me er eigentleg fotballspelarar heile gjengen, seier idrettsutøvarane som er aktive i Sveio IL og Djerv 1919.
I starten av mai naut dei sommartemperaturar medan dei spelte i ballbingen på kaien.
– I år starta me så snart det kom fint ver. Rundt slutten av mars, seier Tendeland.
– Kven er best?
– Det må du aldri spørja om, smilar Larsen.
– Det er ganske jamt, seier Bergersen.
I profesjonelle tenniskampar er det vanleg å spela eit sett fordelt på seks games. Den første som vinn to sett har vunne kampen. Ettersom slike kampar kan dra ut i fleire timar har gutane kutta ned speletida.
– Me brukar å spela tre games. Om me skulle spelt heile sett ville me brukt heile dagen.
– Kva er det som gjer at de brukar så mykje tid på det?
– Det er knall gøy. Og så har me lyst til å bli litt gode, seier Larsen.