Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Havariet som opptok ein heil nasjon
Kontrasten mellom å feira julebord, til å få beskjed om at det pågjekk ein kaotisk redningsaksjon på sjøen ute ved Ryvarden, var ufatteleg stor. Ulukka skjedde i uvêr og mørke, 26. november 1999, litt etter klokka 19. Den moderne katamaranen «Sleipner» gjekk på skjeret Store Bloksen i Bømlafjorden og sokk i løpet av ein halv time. 16 menneske mista livet.Saka var på trykk i Adventsutgåva 21. november 2019,i forbindelse med 20 års markeringa for Sleipner-ulukka.
OLAV HAUGEN HADDE vore ordførar i knappe to månader då meldinga kom. Det var fredag kveld, og Sveio kommune hadde sitt årlege juleselskap på hotell Maritim i Haugesund. Ingen kunne tenkja seg at noko tragisk skulle henda.
Ordførar Haugen sat ved bordet då han fekk ein lapp i neven. Der stod det at snøggbåten Sleipner var grunnstøytt og hadde gått ned utanføre Ryvarden. Ulukka var blitt omtalt på Dagsrevyen, men omfanget var det ingen som kjente til.
Selskapet blei raskt oppløyst og det var berre å koma seg heim for å vera med på hjelpearbeidet. Sidan gjekk det slag i slag.
DET BLEI LITE eller ingen søvn for mange den natta. Då Haugen og dåverande rådmann, Odd Henry Dahle, kom ut til Ryvarden, fekk dei visseleg merka naturkreftene; vêret var ruskete, med sterk vind frå sørvest, nattehimmelen mørk. Ute på havet ser dei lys frå fartøy som er med i redningsarbeidet.
– Me måtte finna vår plass, vår rolle. Det viktigaste for oss var å leggja til rette, og vera medmenneske, blant anna sørgja for at alle som var med i arbeidet på eit eller anna nivå fekk den oppbakking og hjelp det var mogleg å gi, seier Haugen.
Eit eige kriseteam beståande av prest, lege og sosiologar blei oppretta. Sveio kommune tok også på seg ansvaret for å servera gratis mat til dei mange hundre som var med i arbeidet. På kommunehuset var folk frå administrasjonen oppe heile laurdagsnatta for blant anna å teikna kart til hjelp i rednings- og hjelpearbeidet.
– Sleipner-havariet gjorde eit sterkt inntrykk på folk. Etter ulukka vart det mykje meir fokus på dette med kriseteam, bekreftar den tidlegare ordføraren i Sveio.
MÅNDAGEN ETTER ULUKKA hadde alle skulane i Sveio ei minnemarkering, og seinare i veka var det minnegudsteneste både i Haugesund og Bergen. Ved begge stader var kong Harald og statsminister Kjell Magne Bondevik til stades. Sveio kommune var representert ved ordførar og rådmann.
– Når ei slik uventa hending skjer må ein hiva seg rundt og gjera sitt beste, samstundes som ein må forsøka å ta hand om dei daglege gjeremåla på kommunehuset. For meg betydde det at eg i den eine augneblinken skulle forholda meg til ei stor ulukke, samstundes som eg i neste augneblikk sat og diskuterte budsjett. Eg måtte tenkja fram og tilbake heile tida, og det vart ei utfordring, fordi tankane ville oftast vera der det var verst, minnast Haugen.
MINNESMERKET MED NAMNA på alle dei 16 som mista livet blei avduka av nærings- og handelsminister Grete Knutsen like ved Ryvarden fyr den 26. november 2000. Det skjedde på eittårsdagen for ulukka.
Berre fire dagar før blei 16 år gamle Arne Halvor Aasbø funnen av KNM «Tyr» på 194 meters djupne, kring tre kilometer frå staden der «Sleipner» gjekk ned. Den siste omkomne var funne.
– I lange tider tykte eg det var grusamt å tenkja på at denne eine familien ikkje hadde funne guten sin. Då meldinga kom at han var funnen følte eg ei stor takksemd, i den forstand at ingen skulle bli liggjande der ute, og at familien fekk ei grav å gå til, kommenterer Haugen stille.
SLEIPNER-KAPTEIN SVERRE J. Hagland måtte tola hard kritikk for sin handlemåte under ferda frå Haugesund og nordover til grunnstøytinga ved Store Bloksen. Gulating lagmannsrett dømde han til seks månadar fengsel utan vilkår. Reiarlaget Hardanger Sunnhordland Dampskipsselskap (HSD) gjekk fri.
– Kva tenkjer du om skuldspørsmålet?
– Som menneske må me ta ein del hurtige avgjersler, og me vil alltid ta dei avgjerslene me meiner er rett der og då. Og så kan det i ettertid visa seg at me burde tatt eit anna val, men då er det etterpåklokskap. Men det verste er ikkje å gjera noko. Eg er heilt overtydd om at kapteinen Hagland gjorde det han meinte var rett, og noko meir kan eg ikkje svara. På generelt grunnlag meiner eg det er grusamt vondt når menneske som har gjort sitt beste plutseleg eitt år etter, meir eller mindre blir sitjande igjen som syndebukk, avsluttar Olav Haugen.
Frå 1993 til 2014 hadde han arbeidsplassen sin i Sveio kommune, etter det gjekk han over i pensjonistane sine rekkjer.