Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Livet med HOT ROD i Sveio
Grom nostalgi
Alt er skrudd i fillebitar og bygd opp igjen. Større motor, betre bremser og betre køyreeigenskapar – i det opphavlege skalet. Høg motorlyd og breie dekk kjenneteiknar dei ombygde rodane.Saka var på trykk i Vestavind 23. april 2015.
Dei har nett fått kome ut av garasjen, hot rodane til Jan Borge Miland, Lars Berner Mjånes og Kristoffer Øygarden. Vinterlagring er på sin plass når ein har eit unikt eksemplar som ikkje treng å besudlast med vegsalt og slaps. Jan Borge er ein av primus motorane i Sveio, og held til i Vågedalen. Det er her dei møtest i dag.
Oppleving å køyra
– Nye bilar er ikkje så kjekke, dei gir deg jo ingenting, seier Jan Borge. Hot rodane gir ei oppleving, ingen bilar er finare og tøffare, meiner entusiasten. Det var Bjørn Gerhard Huseby som bygde den første roden i Sveio. Arbeidet tok til på slutten av 90-talet, og tok ti år.
– Det er førstegenerasjonsbilar. Det susar, bles og trekk i kupeen, fortel Kristoffer. Sjølv pakkar han øyro inn med høyrslevern med musikk når han er ute på luftetur.
Og dei blir lagt merke til. Å stoppa for ein softis på Haukås er det same som å setja bilen på utstilling. Mange er interesserte i farkostane, som har eit historisk sus over seg.
– Spesielt eldre folk gir oss ein tommel opp, fortel Jan Borge.
– Dei kjenner seg att, supplerar Lars Berner, som synest det er kjekt med merksemd.
Nyttar nettet mykje
Deleprisane er ikkje så vonde, skal me tru dei erfarne hobbymekanikarane, men det har sin pris å byggja likevel, om ein skal rekna timar. Mykje kjem frå eBay, men Jan Borge tok og med seg kona og yngsteguten med til Nevada, USA for å erstatta ein knust girkasse. Til trass for åtvaringar mot klapparslangar og skorpionar, leita dei på ein bilkyrkjegard i ørkenen – og fann akkurat det rette, som nå er fungerande i den svarte pickupen.
Rundt 500 på landsbasis
I Sveio er det fem familiar som har hot rod som hobby, så miljøet er relativt stort, når ein tenkjer på at det er om lag 500 entusiastar i heile landet.
Lars Berner sin kvite «Ghost» har i si tid gått som hot rod i Sverige på 80-talet. Før den tid er det ikkje kjend kor vegane har gått, men den blei produsert i 1930.
– Me reiv ut alt til det berre var eit skal igjen, og rehabiliterte han, fortel Lars Berner, som bur ved Sveio sentrum.
Eksemplaret Kristoffer Øygarden har, var ny i 1928. Pickupen er ombygd i hot rod-tida i USA og var ferdig i 1965. Den originale hot roden kallast nostalgia rod.
Vrak i Vestfold
Den kvite og raude A-Forden stod eit skogsvrak i Vestfold, men fekk nytt liv i hendene til Huseby, som seinare selde til familien Våge Miland.
– På eit treff utanfor Tønsberg kjende ein 75 år gammal mann att bilen, han hadde eigd han på 60-talet. Han var interessert i å kjøpa den tilbake, men eg lova han heller ein tur, seier Jan Borge med glimt i auga.
Dei bilinteresserte kameratane synest at det er givande med eit miljø. Resten av gjengen held til i Førde, der det er fleire prosjekt på gong.
West Rodders er ein hot rod-klubb for Vestlandet, der 16 par er medlemmer, 10 av dei frå Sveio. Miland håpar at miljøet veks seg større med tida.