frå papirarkivet

Sveio dampbakeri:

Godt bakverk i 40 år

Mange bilsjuke byungar såg det som eit kjærkome avbrekk og få gå innom bakaren i Sveio når dei skulle på hytta. Særleg høgt i kurs stod Glette sine jødekaker.Saka har stått på trykk i Vestavind 22. november 2018.

Publisert Sist oppdatert

Martin Glette var bakarmeister i Sveio frå 1937-1976, men sjølve bakerihistoria byrja nokre år før. Sveio dampbakeri blei bygd tidleg våren 1934 av Kristen Kristenson Nissestad, Avaldsnes. Han starta opp bakeriet saman med Magne Clausen og Magne Fjellheim (som truleg var hans tilkomne svigersøner), men alt etter tre års drift gjekk verksemda konkurs. 

Sveio dampbakeri låg ikkje tilbake når det gjaldt stil. Legg merke til den byprega reklamen på husveggen (som stod til huset blei ombygd i 1954), køyredoningane som bringa ut brødvarene, og tilsette som stod parat til å ta hand om kundane. Biletet er frå rundt 1935, to år før Martin Glette tok over bakeriet. Til venstre ser me litt av losjehuset «Vigdar».

Martin Glette (1909-2004) var opphavleg frå Haugesund, og gjekk i lære hjå Hauge & Lindaas. Då sjansen baud seg, tok han over bakeriet, 27 år gamal. 

Den 17 år gamle Sveio-jenta, Oline Frønsdal (1920-2004) blei tilsett same året. Tre år seinare var ho blitt fru bakar og hadde fødd deira førstefødde, dottera Malene. I 1943 fekk dei sonen Kåre.

Glette bakeri

Bakeriet vart snart eit knutepunkt og samlingsstad i bygda. Det var her folk drog når dei skulle ha rykande ferske bakarvarer. Det blei baka 10 ulike sortar brød, i tillegg til kaker av mange slag. Oline var trippelarbeidande, ho var husmor, butikkdame og bakeriarbeidar. Det blei ein livsstil med lange dagar for ekteparet. 

Før straumen kom var det kolfyrt omn og petroleumslamper til å lysa opp baksten. Glette hadde ikkje bil det første året, og køyrde varene ut på sykkel. 

– Martin er klok, eg er praktisk. Me passar godt saman, skal Oline ha sagt til ein journalist ein gong. Sjølv var ho kjent for sitt gode humør: «Eg går innom butikken berre for å snakka med Oline», sa gjerne folk. 

Martin og Oline Glette fotografert i den frodige hagen sin i Sveio sentrum. I bildekanten oppe til venstre skimtar ein litt av den eldste delen av kommunehuset. Biletet til høgre er frå 2018: Her er det sonen og dottera, Kåre Glette og Malene Steinnes, som er tilbake på gamle tomter. Me kan ikkje unngå å sjå familielikskap.

Sonen Kåre Glette er i dag busett i Tønsberg. Han er dr.philos og pensjonert førsteamanuensis ved HSN (tidl. Høgskulen i Vestfold). Glette har skrive «Vestfolds litteraturhistorie».

Då han var ferdig med folkeskulen i 1957, hadde han aldri ofra framtida si ein tanke. Han skulle bli bakar, – ordet «karriere» og utdanningssamfunnet, eksisterte ikkje som førestillingar for folk flest den gongen. Dermed byrja han i bakeriet, men fann snart ut at han ikkje treivst med arbeidet. 

– Eg er så glad eg ikkje blei bakar! Det hadde ikkje gått heller, for like før eg skulle slutta fekk me besøk av ein representant for eit stort bakeri i Haugesund som ville kjøpa oss opp. På denne tida byrja dei store butikkane å kjøpa opp dei små, snart blei all bakeriverksemda industri.

Bergen blei heimstaden for Malene frå ho var 18 år. Ho er gift Steinnes, og er i dag pensjonert sjukepleiar.

– Eg har budd vekke lenge, men har alltid vore sveibu i hjarta mitt, seier ho. 

Barndomsheimen er seld, men både Malene og Kåre har landstad i Vikebygd, og er rett som det er tilbake på gamle tomtar i Sveio. Her formidlar dei litt av bakerihistoria til Vestavind.

Tuberkulose-sjuk

I 1949 fekk Martin Glette tuberkulose, noko som førte til stengt bakeri, og eit lengre opphald på sanatorium på Sand. Heldigvis vart han heilt frisk igjen, og då han kom heim reiv han den gamle dampbakeriomnen, og planla oppbygging av den nye omnen. Den hadde kapasitet på 24 plater.

Straum-magi

I 1951 var forventningane store, for då kom straumen. Kåre og Malene sat saman med foreldra sine og venta på straumen som var annonsert til eit bestemt tidpunkt, 19. januar klokka 15.00. Dette vart ein merkedag. 

  Eg hadde sett far min stått og elta deig, no fekk han elektrisk eltemaskin som tok digre deigar, og deretter var det berre å lempa dei opp på bordet. Det var heilt fantastisk, smiler Kåre.

«Eg hadde sett far min stått og elta deig, no fekk hanelektrisk eltemaskin som tok digre deigar»

Men bakardøra hadde vore stengt lenge, ville kundane venda tilbake? 

– Me hadde ikkje trengt å uroa oss, opningsdagen var det kø utanfor døra vår, minnast Malene. 

Barndomsminne

Hovudvegen nordover til Tittelsnes gjekk rett forbi det kombinerte bakeri/bustadhuset, men det var ikkje mange bilar på den tida. Vegane var dårlege, om våren i teleløysinga kunne vegane bli heilt stengde. 

Bakeriet var i første etasje, over budde bakaren og familien hans. Ei trapp på baksida førte ned til bakeriet. Det var også eit mjøllager, og eit grishus/uthus på eigedomen. Garasje blei bygd i 1938, då Martin Glette kjøpte sin første bil.

– I krigsåra hadde me høns, seinare byrja me også med griser, som blei fôra opp på brødskalkar, fortel Malene.

Kåre Glette med ny varebil, kjøpt i 1953.

I hagen vaks det frukttre og blomar, etterkvart grodde det til ein solid granhekk, slik at hagen vart godt skjerma. Losjehuset «Vigdar» låg få meter ifrå. Laurdagskveldane når det var dans, var Glette sitt kjøkenglas reine underhaldningskanalen.

I nabolaget låg også kommunehuset. Då Kåre og Malene vaks opp heldt Fjære sparebank til i grunnetasjen, i etasjen over låg heradstyresalen, og i ein av leilegheitane på toppen budde jordmor Gina Førsund. 

Malene kan ennå hugsa at på kommunehuset under krigen var der eit rom fullt av radioar som var leverte inn etter påbod frå tyskarane. Eit anna minne er frå konfirmasjonsselskapet hennar som blei halde i kommunestyresalen. Det var i 1954 då barndomsheimen var under ombygging.

Spennande brødlevering

Om sommaren når «fiffen» trekte ut på landet for å feriera på hyttene sine, hadde bakaren si hardaste arbeidstid. Arbeidsdagen starta gjerne klokka tre på natta.

Sommardag på Flaggstanghaugen. Frå venstre Kåre Glette, Marie Kristine Pedersen, Anne Konstanse (frå Bergen), Ellen Nilsen, Sigrun Stueland, Johanna Pedersen, Malene Glette. Dei fire borna lengst framme er f.v. Gerd-Lise Nilsen, Grethe Nilsen, Petry Pedersen og Svein Pedersen.

– Vekerytmen var slik at far hadde utkøyring av brød kvar tysdag og fredag. Mor mi, søster mi og eg, pakka brød i bakeriet. Me var innom dei fleste bygdene med varebilen vår; blant anna Vågedalen, Nordskog, Bjelland, Kvalvåg, Våga og Erve. Spesielt spennande var det å koma til bygdene ved Ålfjorden, der var det mange fine båtar, og mykje byfolk. Dei var litt annleis enn oss, minnast Kåre.

Fyr i brødbilen

Martin Glette sin første bil var ein 1936-modell varebil med kjenneteiknet R-363. På det beine strekket på Bjellandsmyrane, hende det av og til at bakarborna fekk styra bilen. 

– Det var spennande, men ein gong blei det nesten for spennande, fortel Kåre. Han var ute på ein køyretur med far sin då det oppstod ein situasjon som sette ein støkk i dei begge.

– Pappa sjå! Det brenn! Ungguten stira forskremd på flammen som stakk ut frå panseret.

– Då reagerte far min lynkjapt, han stoppa bilen, fekk opp panseret og reiv ut nokre leidningar. Det såg dramatisk ut, men heldigvis gjekk det godt. Etter kvart blei det mykje problem med den bilen, og i 1953 kjøpe far ein ny VW varebil.

Bakar med mange interesser

Martin Glette kunne meir enn å kna deig. Han hadde lidenskap for fotografering, lærte seg esperanto, spela mandolin, og var frimerkesamlar. 90 år gamal køyrde han bil utan å bruka briller. Han og kona Oline hadde god helse, og fekk oppleva mange gode pensjonistår saman. 

Malene siterer mor si Oline: – Me har aldri hatt det så godt som etter at me blei pensjonistar! 

I 1982 la Brødr. Ravn Ottesen ned bakeriet i Førde, etter meir enn 100 års drift. Same året stengte også Bjarne Hansen sitt bakeri på Tittelsnes. Det blei no bakeri i Haugesund, først og fremst Hauge & Lindaas, som forsynte sveibuen med bakarvarer.

I 1977 blei bakeriet og brødbutikklokala til Glette, leigd ut til filialkontor for Fjære sparebank nokre år, deretter til Sveio kyrkjekontor, og etter det nokre år til lokalavisa Vestavind.

«Kladdene»

Ei stor samling protokollar og dagbøker tilhøyrande Sveio dampbakeri, er tekne vare på. Her er kundane lista opp, kva dei kjøpte, kva varene kosta, og kva tid dei betalte. Ein av dei faste kundane var Sveio gamleheim. I juni 1952 blei det levert totalt 95 brød til heimen: 25 kneip. 34 kveite, 16 grove og 20 fine. I tillegg blei det kjøpt inn godsaker til kaffien; 40 jødekaker, 5 julebrød, 155 kanelstenger, 140 mandelsnitt, 10 wienerbrød, 24 heitevegg, og 10 rundstykke. I samla sum utgjorde dette 63 kroner og 67 øre. 

I april 1955 fekk bakar Glette bestilling på tre fløytekaker og ei kransekake til ein og same kunde. Den helga blei det feira stort bryllaup for Nora og Jon Liknes på Tveit.

Ein av «kladdene».
Powered by Labrador CMS