Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Gamle Lid skule
Denne artikkelen stod første gong på trykk i Vestavind i oktober 2013.
Ser ein på utviklinga dei siste 50 åra er det imponerande. Ta for eksempel skulen; det eine huset flottare enn det andre blir bygd. Eg er blitt gamal og har god tid til å tenka tilbake på «dei gode gamle dagar» som det heiter. Men dei var no ikkje så gode som dei vil ha det til.
Det er ikkje alt som har festa seg til minne, men noko gløymer ein aldri. Eg byrja på Lid gamle skule i 1933. Skulehuset stod der som Ekrene i dag har garasje, leikeplassen der det blir produsert ved. Så det var liten plass til aktivitet.
Skulehuset var delt i tre; skulestova, eit kammers til læraren, og ein gang der me kunne henga frå oss kler. Innreiinga var 25 pultar i fem raster, ei tavla, eit bord, ein stol og eit skap. Ein stor rund omn, ca to meter høg og ein kasse til å ha torv og ved i. Ein pult var malt grøn og stod i eit hjørne – skammekroken. Der blei me plassert dersom oppførselen ikkje var bra.
Skulestova hadde ikkje innlagt straum. Lyset var ei parafinlampa på bordet til læraren, så såg me han iallfall. Første året var det ikkje innlagt vatn. Me hadde ei bøtta med ei vassausa i. Ikkje akkurat hygienisk. Seinare blei det lagt inn vatn frå ein brønn til ei handpumpe. Vatnet blei pumpa opp i ein behaldar på veggen og røyr derifrå til ein drikkefontene. Det var stor framgang.
Uthuset var delt i tre rom; eitt til å ha ved og torv i, eitt til toalett til gutane og eitt til jentene. Toaletta var innreia med ein trebenk med runde hol i. Det var heilt ope under benken, så det var ikkje akkurat noko fornøyelse å gå der i austavinden. Dopapir var ikkje i handelen i Sveio i dei dagar, så me måtte klara oss med Haugesunds Avis.
Me hadde respekt for læraren. Han heitte Reidarson, budde på Åse og spaserte til og frå skulen kvar dag. Det var skule òg om lørdagen. Me gjekk anna kvar dag. Det var tre klassar. Dagen begynte alltid med song etterfølgd av kristendomsundervisning som var eit svært viktig fag den gongen. Me måtte læra katekismen, forklaring, dei ti Bud, Fadervår og salmevers. Og me måtte læra alfabetet og setja saman til ord. Me måtte også læra gangetabellen og leggja saman tal. Me hadde lesebok, reknehefte, geografi, soga, naturfag etter klassetrinn.
Ein gong i året kom doktoren på besøk. Han såg i håret etter lus, og tok tuberkulinprøvar. Doktoren fungerte òg som tannlege, fann han ein roten jeksel var han snar med tanga.
Alt gjekk føre seg inne i skulestova. Tannhelsa var ikkje så bra. Brødmaten bestod for det meste av fint brød og potetkaker i sirup. Og tannlege var det ingen som hadde råd til.
Eg hadde fire kilometer lang skuleveg. Skulebuss var ikkje oppfunn i dei dagar. Regnkler og støvlar var det dårleg med. Sykkel var noko me drøymde om å få når me blei store.
Ungane frå Kvalvågnes og Lervik hadde lengst veg av alle. Dei måtte gå to-tre kilometer i utmark før dei kom fram til veg. Sjølvsagt var dei ikkje alltid like tørre når dei kom fram til skulen. Likevel klaga dei aldri. Dei rekna med det skulle vera slik.
Hadde òg besøk av presten som forhøyrde oss i katekismen.
Mobbing var det rikeleg av. Det var iallfall oppfunne.
Me hadde og skuletur, men ikkje til Danmark eller Tyskland. Eg hugsar to; ein til Tveitali og ein til Åse. Det var fine fotturar.
Eg høyrde aldri at det var foreldremøte, så læraren blei ikkje plaga av sinte foreldre. Rettskrivinga blei det så som så med. Eg skifta språkform tre gonger på sju år. Det var riksmål, nynorsk og bokmål og sveio-mål, så det blei ei blanding.
Superelevar blei me vel ikkje, men me lærte såpass att me klarte oss gjennom livet. Ser i avisa at ungdom som sluttar etter ni år ikkje har lært å lesa. Eg høyrde aldri at nokon som gjekk på gamle Lid skule ikkje kunne lesa.
Dopapir var ikkje i handelen i Sveio i dei dagar, så me måtte klara oss med Haugesunds Avis.
Ser i avisa at ungdom som sluttar etter ni år ikkje har lært å lesa. Eg høyrde aldri at nokon som gjekk på gamle Lid skule ikkje kunne lesa.
Olav Bøe (1925-2009)