Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Floke sette spor
Dersom stein og haug kunne fortelja historia om alt som har hendt i Straumen dei siste 1200 åra, ville det neppe blitt ein kjedeleg tv-film, snarare ein Oscar-nominasjon.Saka var på trykk i Sommarvind 2015.
Ved innløpet til Viksefjorden budde vikingen Floke Vilgerdson, best kjent som Ramna-Floke som oppdaga Island. På garden Straumen reiste han to bautasteinar og heldt ein rituell offerfest til ære for dei norrøne gudane, før han for andre gong sette kurs for Island for å busetja seg der.
Me er i Straumen i det området Floke ein gong budde. Frisk sjøluft fyller lungene. Den store ekra mot sjøen er farga gul av løvetann. Frukttre blømer, den første staren har hakka seg ut av egget.
Her har jordeigarar kome og gått, dei har spadevendt jorda, sådd åker og hausta. I forfedrane sitt kulturlandskap er mykje gløymd og borte, men like fullt, også i dag kan fortida plutseleg dukka fram frå den svarte jorda.
Gamal gard
Tanken slår oss: Ramna-Floke må også ha sett dei same berga og steinane. Korleis såg det ut her då? Korleis var han, vikingen og oppdagaren som levde i ei tid heilt annleis enn vår? Plassen han hadde funne seg var gull verdt; alltid isfritt for skip å leggja til, og like utanfor gjekk kystvegen Nordvegen.
Floke brukte Ryvarden som mellomstasjon når han skulle ut å sigla, der var det utsikt over havet.
– For vår familie er dette ein ny gard, men historisk sett er det eit gamalt bruk heilt tilbake til vikingtida, fortel Harald Straume. Han gifta seg til garden for 58 år sidan. I fjor haust blei han enkemann, og har no overlate garden til dottera og svigersonen i Bergen.
Fornminne funn
Svigerfaren, Kristoffer Sandvik, kjøpte garden i 1928. Han fann mange forskjellige gjenstandar då han dyrka. Det er registrert ei gravrøys, den var tømd, men det blei funne både pilspissar og økser. Funna er teke vare på ved Kunsthistorisk Museum i Bergen.
– Det som er litt pussig er at eg bur på garden Straumen og heiter Straume, men det har ingen binding mellom desse to namna slik mange trur, smiler 86-åringen.
Eit monument stikk opp på ekra, i sterk kontrast til det vårgrøne graset. Opphaveleg stod det to baustasteinar ved sida av kvarandre, men av ukjent årsak vart den eine brukt i løemurane.
Den ytre delen av Viksefjorden har innløp frå Sletta. På det smalaste ligg Straumen. Plassen ber namnet sitt med rette; den stride straumen, 6-7 knop på det sterkaste, gjer det vanskeleg å ro. Tvers over ligg Hagland. Viksefjorden som her er på det smalaste, er både kommune- og fylkesgrense.
«Steinen finst og historia har me»
– Er det spesielt å vita at du eig eit stykke vikinghistorie?
– Steinen finst og historia har me. Ramna-Floke hadde sete her før han drog til Island. Eg har saktens hatt vyane i bakhovudet, men i det praktiske tenkjer ein ikkje så mykje på det. Men både arkeologiske og historiske kjelder bekreftar at han har budd her, fortel Straume.
På 1970-talet var han ordførar i Sveio i ein periode før han blei tilsett i Kommunenes Sentralforbund. Han vekependla til Bergen i 18 år.
– Korleis var det å vera ordførar i Sveio på 1970-talet?
– Svært annleis enn i dag, kvardagen for oss var mest av praktisk karakter. No går det ut meir pengar til luksusbetonte ting. I mi tid hadde me ikkje råd til å tenkja på slikt, me måtte løysa det praktiske først. Det har vore ei rivande utvikling, stort sett til det betre. Sveio er ein bra kommune, lite problem eigentleg, og det var det i mi tid også. Den gongen var me ganske få i kommuneadministrasjonen. Eg hugsar ein gong eg blei oppringt på kontoret, det var ein opprørt sveibu som kom frå dusjen og sa at no måtte ordføraren gjera noko straks, vatnet var vekke.
Kulehaugen
Straume fortel at båttrafikken inn Viksefjorden har auka radikalt, båtane har blitt større og raskare. Før i tida var det vanleg å bada nede i Straumen og symja tvers over. Dette blir i dag sett på som risikosport.
Under andre verdskrigen var det stor aktivitet på andre sida av Straumen. Hagland festning blei bygd av tyskarane, under øvingar kunne prosjektilane fyka langt.
– Under ei slik øving blei svogeren min treft av eit tysk prosjektil som reiv av han lua. Plassen blei etterpå heitande Kulehaugen, ler Straume og peikar opp på haugen bak vånigshuset.