frå papirarkivet
Fekk dødsmeldinga først eit halvår etter at broren var død
Det er nå 80 år sidan krigen kom til Noreg. I Vestavind denne veka kan du lesa åtte små historier der eldre minnast ting dei opplevde under andre verdskrig. Historiene byggjer på lengre intervju, gjort i 2018 og 2019, i samband med vår faste spalte «Våre liv».
Anna Lilleskog (f. Rossehaug) var åtte år då tyske styrkar angreip Noreg. For sjøfolk innebar krigen at dei måtte leva i konstant fare, familien Rossehaug hadde to søner på havet, Kristian og Johan. I januar 1942 omkom Kristian, berre 23 år gamal, men meldinga om dødsfallet nådde ikkje familien før eit halvår seinare.
Kristian var først på ein Utsira-båt som gjekk på Kina og Japan, men då sjansen baud seg for at han kunne koma til Amerika mønstra han på D/S «Belize» som fyrbøtar. Utanfor St. Jones i Canada blei båten torpedert. Alle omkom.
– Det var kyrkjetenar Tobias Sveen som kom med dødsbodskapen, sendt av Olav Lauvås som var prest i Sveio på den tida. Det var St. Hans, og det hadde vore misjonsfest i Sveio. Då eg kom heim den kvelden blei eg fortald kva som hadde skjedd. Eg hugsar bror min Ingebrigt låg strekk ut på benken i stova då eg kom heim, det var hans måte å sørgja på, fortel Anna.
Ho er takksam for at Kristian og dei 11 andre krigsseglarane frå Sveio, fekk eit verdig minne etter seg. Minnestøtta ved Sveio kyrkje blei reist i 1946.