Illustrasjonen av Hovdaneset er henta frå Bygdebok for Sveio, bind 2 (1987). Fotograf er Kari Erdalsdal.
Illustrasjonen av Hovdaneset er henta frå Bygdebok for Sveio, bind 2 (1987). Fotograf er Kari Erdalsdal.

frå papirarkivet

– Orkanen som herja 11. mars 1822

Den galne måndagen

Vårsildfisket gjekk mot slutten, og mange fiskarar var på veg heim. Utan forvarsel svartna himmelen, og det blåste opp til full orkan. Dei opne fiskebåtane blei kasta rundt, eller dei blei knuste mot land. Dei fleste av fiskarane som drukna, blei aldri funne att…Saka var på trykk i Vestavind 24. februar 2011.

Publisert Sist oppdatert

Så mange som 13 større fartøy forliste langs vestkysten av Sveio. Mange av dei blei knust til pinneved. På land blei ein 13 år gammal gut kvelt av den sterke vinden og det tette snødrevet. I vekene etter orkanen dreiv mengder av lik i land fleire stader. Det ekstreme uvêret fann stad måndag 11. mars 1822, og orkanen fekk i ettertid namnet den galne måndagen…

Tidenes verste uvêr

Folk langs vestkysten av Sveio har ofte opplevd dramatisk uvêr og voldsomme stormar. Strekninga mellom Slettå og Tjernagel er spesielt vêrhard og ugjestmild mot dei som ferdast på sjøen i uvêr. Heilt sidan vikingtida har denne vêrharde strekninga vore viktigaste ferdselsåre langs kysten.

Folk har måtta ferdast langs denne utsette sjøvegen i all slags vêr. Det har vore mange ulykker og dramatiske hendingar. Fleire små og store fartøy har forlist i bølgjene, eller dei har brutalt blitt knuste mot dei nakne bergknausane som pregar strekninga. Mange sjøfarande har enda sine dagar her. Dei fleste av desse har måtta ta til takke med havet som grav.

Det er særleg haust og vinterstormane som gjer det vanskeleg å ferdast langs Bømlafjorden. For nesten 200 år sidan opplevde ein eit uvêr på denne strekninga som fekk større konsekvensar enn noko anna uvêr me kjenner til på våre trakter.

Vinden var av orkan styrke, og på dei mest utsette stadene var vindstyrken meir enn 35 meter per sekund. Augnevitne fortalde at ingen i manns minne hadde opplevd ein like sterk orkan. Uvêret fann stad måndag 11. mars 1822, og det har fått tilnamnet den galne måndagen. Orkanen sine herjingar var grufulle og nådelause mot alle dei som var ute på sjøen denne dagen.

Uvêr heile vinteren

Heile Vestlandet var prega av stormar og uvêr vinteren 1822. Soknepresten i Kvinnherad, Peder Harboe Hertzberg, skreiv ned vêrobservasjonar gjennom heile året. Han skreiv dette om starten på året 1822:

«Januaris Naar undtages de første 9 Dage af Maaneden i hvilke lidt Frost med sagte Nordlig og østlig Vind herskede, rasede hele Maaneden igiennem afvæxlende Storm frå syd, sydvest, vest og nordvest, med Slud, Snee og Regnhagl. 25. Januar Orcan fra nordvest. I et og alt et overmaade fælt Veir. … Februar begyndte som Januar endte med fæl Storm og Flode og holdt ud hele Maaneden med samme rasende Storm fra syd til norsvest, ydderst usædvanligt Uvæir, især saa vedvarende, meget Tøe, 4 til 6 Grader Varme. Mangfoldig Skade er skeet paa Søen i dette Sildefiske.»

Soknepresten skreiv vidare at mars starta slik februar slutta. Den 9. mars snøa det kraftig, og midt på dagen blåste det sterk vind frå nordvest. Neste dag blåste det opp til storm frå sør, med mildvêr og kraftig regn. Om morgonen måndag 11. mars var vêret fint. Det var vindstille, og havet låg speilblankt, men det var eit sterkt drag i sjøen.

Temperaturen var høg, og det var ikkje ei sky å sjå på himmelen. Ingen kunne ane kva for ulykke og dramatikk denne dagen skulle bringe med seg, men ein gammal fiskar meinte han såg faretruande teikn i vêrsituasjonen. Han prøvde fånyttes å åtvare alle fiskarane som la i veg ut på sjøen denne morgonen.

Vårsildfisket gjekk mot slutten

Områda mellom Karmøy og Bømlo opplevde eit usedvanleg godt vårsildfiske i åra mellom 1810 og 1870. Vårsildfisket starta tidleg i januar og var som regel over midt i mars. Kvart år strøymde det fleire og fleire fiskarar til for å ta del i det eventyrlege fisket. I 1822 var det om lag 15.000 fiskarar som tok del i vårsildfisket. Fiskarane kom frå heile Vestlandet. Nærast i samla flokk følgde fiskarane sildestimane frå dei dukka opp ved Skudenes, og vidare nordover til Bømlo og Sveio.

Trass i det dårlege vêret, hadde vårsildfisket vore godt i 1822. Det blei fiska over 300 000 tønner vårsild denne vinteren. Dei første dagane av mars hadde fisket vore særleg godt i området mellom Mølstrevåg og Tjernagel. Fisket hadde og vore godt ved Espevær og Langevåg. Heile fiskeflåten søkte ly i hamnene i desse områda då stormane herja den 9. og 10. mars.

Det er lett å forstå at fiskarane var ivrige etter å kome seg ut på sjøen då dei vakna opp til godvêr om morgonen måndag 11. mars. Mange var nøgde med årets fangst. Andre var i ferd med å gå tomme for mat, og tenkte på heimturen av den grunn. Ein stor del av fiskarane pakka sakene og sette kursen heimover denne morgonen. Andre tenkte at dei måtte nytte det fine vêret til å sette sildegarna. Det var viktig å kome seg tidleg ut for å sikre seg dei beste plassane.

I tillegg til alle dei små fiskebåtane var det samla mange fartøy av typen jakt, slupp og skonnert i hamnene ved fiskefelta. Desse fartøya kjøpte opp sild frå fiskarane og frakta ho til salteria. Dei leverte og varer til landhandlarane og gjestgjevarane som forsynte fiskarane med proviant. Ingen ville høyre på åtvaringane til den gamle fiskaren. Tidleg på formiddagen hadde hundrevis av fiskebåtar og fleire større fartøy kasta loss og forlate dei trygge hamnene.

Plutseleg blei himmelen heilt svart

Dei materielle øydeleggingane på land var omfattande langs heile kysten frå Jæren til Sogn. Mange hus og bygningar raste saman, og mange miste livet i desse ulykkene. I Stavanger skal sjøhus til ein verdi av 20 000 spesidalarar ha blitt øydelagde. Det utgjer om lag 30 sjøhus. I hamna i Bergen sleit fleire store seglskip seg frå fortøyingane og raste inn i kvarandre.

På land gjekk uvêret hardast ut over barna. Mange barn blei på denne tida av året sendt ut for å sanke lyng eller tang og tare til husdyra som stod på bås. I Gulen i Sogn blei fire born, som var sendte ut til ein holme for å sanke lyng, berga av sjølvaste Gjest Bårdsen.

Han sat i arrest hos lensmannen, men sidan ingen andre ville sette livet på spel for å berge borna, blei Bårdsen sluppen fri frå arresten for å ta seg ut til holmen og berge dei hjelpelause borna. Han fann borna i elendig forfatning, og greidde å berge dei i siste liten. Verre gjekk det med 13 år gamle Ole Reiersen frå Bråtveit i Sveio. Han var og ute for å sanke lyng til husdyra denne formiddagen. I følgje presten si ministerialbok skal han ha blitt «qvalt paa Land af Sneekav».

300 mista livet

Verst gjekk orkanen likevel ut over dei ulykksalige som ferdast på sjøen då uvêret kom som lyn frå klar himmel. Dei færraste rakk å kome seg i trygg hamn i den sterke vinden og det tette snødrevet, før det var for seint. Ein stad mellom 40 og 50 små opne fiskebåtar blei kasta rundt av vinden og bølgjene, eller knuste i brenningane nær land. Dei fleste av desse fiskarane drukna og blei aldri funnen att.

Illustrasjonen av Hovdaneset er henta frå Bygdebok for Sveio, bind 2 (1987). Fotograf er Kari Erdalsdal.

Sokneprest Hertzberg skreiv om uvêret i kallsboka si. Ut frå opplysningar han hadde henta inn frå prestane i naboprestegjelda, og frå futar og amtmenn, kunne han gjere eit overslag som viste at heile 300 fiskarar og sjøfolk hadde mista livet på sjøen i uvêret denne galne måndagen.

Verst hadde det gått ut over fiskarane frå Os prestegjeld. Dei var på veg heimover frå vårsildfisket, sannsynlegvis ein stad nordover langs Bømlafjorden, då det blåste opp til orkan. I følgje Hertzberg, så mista om lag 100 av fiskarane frå Os livet i uvêret. Om lag 30 større fartøy skal ha forlist i orkanen, og nesten halvparten av desse skal ha gått ned langs vestkysten av Sveio. Hertzberg skreiv:

«13 deels Jægter deels Slupper strandede paa strøget frå Oukland (Økland) til Lyngholmen i Findaas Præstegjeld». Kvart av desse fartøya hadde eit mannskap på fire til seks mann, og fleire av desse drukna då fartøya forliste.

Mengder av lik dreiv i land

Me kan knapt sjå for oss i fantasien vår kva for dramatikk som utspela seg langs kysten vår denne måndagen i mars 1822. Det er lite informasjon å hente i kjeldene. Me finn mange av dei omkomne fiskarane og sjøfolka i prestane si ministerialbok, men mange av prestane skreiv ikkje ned dei omkomne som ikkje blei funne att.

I vekene etter uvêret dreiv det mengder av lik i land mange stader i Sunnhordland. Futen skreiv brev til lensmennene og bad dei om å sørgje for at lika blei gravlagde på næraste kyrkjegard. Dei skulle få dekka utgiftene til gravlegginga. Lika som dreiv i land blei ikkje identifiserte, og dei blei heller ikkje førte inn i presten si ministerialbok.

I Finnåspresten si ministerialbok er det skrive ned tre fiskarar frå Sveio som drukna under orkanen, i tillegg til 13 år gamle Ole Reiersen frå Bråtveit, som blei kvelt i snødrevet. Dei tre fiskarane som drukna var Torkel Olsen Bua (49 år), Halvar Gabrielsen Eltavåg (24 år) og Tollev Nielsen Aarstad (23 år). Alle desse blei funnen omkomne, og dei blei gravlagde på kyrkjegarden i Sveio den 31. mars.

I ministerialboka finn me opplysningar om fire menn frå Hardanger som blei gravlagde på kyrkjegarden i Sveio den 21. april. Det var Ole Olsen Daae (50 år), Arne Knutsen Opheim (55 år), Lars Tostensen Maakestad (36 år) og John Mathissen Staen (30 år). Alle desse var mannskap på ei jakt som forliste ved Lien, like nord for Tjernagel.

I Finnåspresten si ministerialbok finn me sju menn frå prestegjeldet som var sakna på sjøen etter orkanen. Seks av desse var fiskarar frå Bømlo, medan den siste, Christen Pedersen (29 år), kom frå Økland i Sveio.

Heile 30 seglskuter forliste i orkanen som herja den galne måndagen. Så mange som 13 av desse stranda på strekninga mellom Lyngholm og Økland. Dei fleste var fartøy av typen jakt og slupp. Dei fleste av dei kom frå Sørlandet eller Hardanger, og dei var her i samband med vårsildfisket. Illustrasjonen er frå 1800-talet

Fleire tusen fiskarar var samla i hamnene langs Sveio sin vestkyst i starten av mars 1822. Fisket hadde vore godt, men vêret var uvanleg dårleg denne vinteren. Etter fleire dagar med uvêr var det endeleg godt vêr om morgonen den 11. mars.

Knust mot land på Hovdaneset

Me finn opplysningar om Christen Pedersen Økland sin lagnad i andre kjelder. I tingbok 48 for Sunnhordland er rettsoppgjeret etter galeasen «Enigheden» frå Fedde ved Flekkefjord referert. Christen Pedersen gjekk om bord i «Enigheden» som los om morgonen den 11. mars. Han skulle hjelpe mannskapet på fem med å føre galeasen trygt sørover Bømlafjorden og over Slettå.

Mannskapet var dei fire brørne Anders Tønnesen (skipper), Christian Tønnesen (styrmann), Hans Tønnesen (matros) og Tobias Tønnesen (skipsjunge). I tillegg var Ole Olsen Lindland matros om bord. Rettsoppgjeret avslører at «Enigheden» blei knust mot land ved Hovdaneset då orkanen herja. Heile mannskapet og los hamna i sjøen og drukna. Ingen av dei blei nokon gong funnen att.

Det var Halvor Ingebrigtsen frå Hovda i Sveio som fann den havarerte galeasen. Saman med fleire hjelparar greidde han å slepe «Enigheden» til Eltravåg. Under denne redningsaksjonen skal gjenstandar og deler av lasta ha forsvunne. I rettsavhøret fortalte lensmannen i Fjære korleis redninga gjekk føre seg:

«Tredje Dagen efter at Galeasen var strandet kom Halvor Ingebrigtsen Hovde og anmeldte for Dep. Skibets Indstranding og at man var beskeftiget med sammes Bjergning. Dep. som var beskjeftiget i anledning af tvende andre forulykkede Fartøyer sendte Ordre tilbage med Halvor Hovde at man skulde bjerge saa meget som mueligt af Galeasen og dens Ladning, men at alt det Bjergede skulde tages under Bevaring og at intet maatte føres bort.»

I avhøra kom det fram at alt inventaret i kahytten, som skott, bord, køyer, dører og skap, var knust til pinneved. Dette fortel vel sitt om kor sterkt samanstøyten mot bergknausane på Hovdaneset må ha vore.

Teiknar: Ukjend

Gud bevare oss for 11. mars

Sjølv om me finn lite om den galne måndagen i dei skriftlege kjeldene, så sette det ekstreme uvêret sitt preg på alle dei bygdene som var råka. Mange hadde mista sine kjære på sjøen, og sorga og saknet var stort. Minna om dei tragiske forlisa og alle drukningane festa seg i dei som opplevde uvêret på nært hald, og dei dramatiske historiene om orkanen blei fortalt vidare til nye generasjonar. Mange stader kan eldre folk enno fortelje historier dei har høyrt om dramatiske hendingar som gjekk føre seg på den galne måndagen for snart 200 år sidan. På Utsira kan ein enno høyre uttrykket «Gud bevare oss for 11. mars».

Den voldsame orkanen sette sitt preg på folk langs kysten, men dramatiske drukningsulykker og forlis var noko folk måtte leve med i lange tider etter den galne måndagen. Sjøen var ferdselsåra, og båten var framkomstmiddelet. Folk måtte legge ut på sjøen i all slags vêr, enten for å kome til prest og kyrkje, eller for å gjere andre ærend. Mennene heldt fram med å legge ut på vårsildfiske. Kvart år var det mange som ikkje fekk vende heim til sine kjære. Folk i kystbygdene var tvungne til å leve med ein konstant frykt for å miste sine kjære. Havet gav, og havet tok.

Powered by Labrador CMS