Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Då jula var ein kvart appelsin
Saka var på trykk i Vestavind 20. desember 2012.
Nå om dagen er det mykje prat og skriving om julastemning, ka nå det er for slags «fornemmelse»! Og kor er det så detta fenomenet opptrer, i bakhåve, under vesten, eller i magen? Kanskje ein kombinasjon?
Frå tidlig på hausten starta forretningstanden å annonsera julagaver og antrekk me ikkje kan klara oss utan, om me skal få ei fullverdig jul.
Og så hotell- og restaurantbransjen som arrangerer julabord, både med og utan underholdning. For ikkje å snakka om julakonsertar i alle slags variantar. I kyrkjer, aulaer, og på torg. Ein gong såg eg til og med annonsert ein garantert Jesusfri jula-konsert, ka nå de måtte gå ut på.
Alt for å setja oss i såkalla julastemning, og få oss til å kjøpa det dei har å by på.
For 74 år sidan gjekk eg i første klasse på folkeskulen. Siste timen, siste skuledagen før jul, trakk lærarinna solgardinene føre vinduene i skulestova.
Fekk me så kvar vårt farga talgalys som me tende og sette på pulten. Til alt overmål fekk me tildelt kvar får fjerde-part av ei appelsin.
Og så sang me julasongar som me hadde lært oss utanboks.
Det snøa då me var på heimveg. Med 5 km skuleveg, og som vanleg mykje heft undervegs, var landskapet kvitt då me var heima. Der kunne lukta inne fortelja at julabaksten var i gang.
Maken til den kjensla eg hadde inni meg den dagen, har eg ikkje hatt verken før eller sidan. Det kallar eg julastemning.
Odd Kåre Tveit
Odd Kåre Tveit gjekk bort i sommar.