bygg og bu

Vinn kampen mot skjeggkre

Etter nokre års jakt har skadedyrforskarane funne ein effektiv måte å utradera skjeggkre på, der krypa også sjølv bidreg ved å ta livet av kvarandre.

Publisert Sist oppdatert

– Noreg er fremst i verda innan kamp mot skjeggkre, seier seniorforskar Bjørn Arne Rukke ved Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.

Han har vore med på å utvikla ein effektiv, rimeleg og trygg metode, som attpåtil har lang varigheit, for å bli kvitt skadedyret. I 2013 dukka skjeggkrea opp i Noreg og skapte nærast panikk, då dei spreidde seg ekstremt raskt.

– Spreiinga og medieoppslaga gav inntrykk av at desse krypa skulle bli eit stort skadedyrproblem i samfunnet, men sånn er det ikkje no, seier Rukke.

I samarbeid med skadedyrfirma og forsikringsselskap testa forskarane metodar og fann at det var forgifta åte som fungerer best.

Eksplosjon av førespurnader

– Først visste me ikkje kva me skulle bruka for å få bukt med dei. Då me byrja å leita etter svar, kunne me nærast telja på éi hand talet på vitskaplege artiklar om skjeggkre. Ingen handla om tiltak, seier Rukke.

– Samtidig kom det nesten ein eksplosjon av behov for tiltak. Me gjorde vitskaplege undersøkingar på laboratoriet og ute i felten, og fann ein god metode som no er teken i bruk. Den har i tillegg til å vera veldig effektiv, vist seg å vara lenger enn venta, seier Rukke.

Ved skadedyrnedkjemping er målet ofte å unngå bruk av gift. I dei tilfella der gift er ein del av løysinga, ønskjer ein sjølvsagt at bruken er minimal, både av omsyn til miljøet, fare for utvikling av resistens hos skadedyret og risiko for at menneske eller kjæledyr får i seg gift.

Et forgifta, døde artsfeller

Laboratoriestudiane til FHI er publiserte i anerkjende vitskaplege tidsskrift. Dei viste at spesielt åte med verkestoffet indoxacarb er effektivt mot skjeggkre.

– Me fann ut at det skal veldig lite til. Berre nokre svært små dropar spreidde utover på skjulte stader som under golvlister og dørterslar. Effekten av berre nokre milligram gift kan vara i årevis, seier Rukke.

Sekundærforgifting bidreg også til dette.

– Når skjeggkre døyr blir dei raskt etne av sine eigne. Dei som er drepne av åta, inneheld nok gift til å også ramme dei som et dei døde individa, seier han.

Eksempel på plassering av eit åtepunkt for giftig åte mot skjeggkre. Små giftdropar blir lagde langs lister gjerne i små sprekker, og kan bidra til ein god effekt frå behandlinga.

Sjekk først, overlat resten til proffane

Viss du ser eit skjeggkre eller mistenkjer at dei har komme seg inn hjå deg, er det viktig å komma tidleg på banen for å få ei raskare vellykka behandling av bustad, hytte eller andre bygg.

For å stadfeste at det faktisk er skjeggkre det handlar om, er det effektivt å plassere ut små limfeller, og sjekke dei etter eit par veker. Skjeggkre kan finnast i alle rom i bustaden.

Ofte er det litt fleire dyr på baderom, kjøkken og vaskerom, ifølgje FHI. Anders Wahl, pressekontakt i Clas Ohlson, opplyser i ein e-post til NTB at samla sal av skadedyrprodukt har vore omtrent lik dei siste åra, men salet av skjeggkrefeller aukar. I 2023 var auken rundt 30 prosent.

Når skjeggkre er påvist, er det sertifiserte skadedyrbekjemparar som må inn for å planlegga og setta ut åte. Skjeggkre, som er nattaktive, kan spreia seg raskt og klemma seg gjennom ørsmå opningar.

Heile bygget

Derfor bør ofte til dømes alle leilegheiter i eit bygg der skjeggkre er påvist, bli behandla. Støvsuging og tørrmopping vil elles gi betre effekt av forgifta åte, for reinhald fjernar potensielle alternative matkjelder som smular, støv og matrestar. Berre pass på at reingjeringa ikkje fjernar åta.

Mange vegrar seg kanskje for å kalla inn skadedyrbekjemparar, fordi dei fryktar ein dyr og langvarig prosess. Rukke seier at å setta ut mikrodropane med åte kan ta så lite som 15–20 minutt, og derfor ikkje treng å kosta mykje.

– Viss til dømes fleire i same blokk spleisar på tiltaket, vil kostnadene bli ytterlegare reduserte for kvar enkelte bustad.

Powered by Labrador CMS