bygg og bu

Treg start på prosjektet som har «alt»

Blink Hus Steinsbø i samarbeid med ECount Eiendom AS, har planar om å byggja sju prosjekterte einebustadar på sjølveigd tomt i Valevåg.

Publisert Sist oppdatert

Valevåg strandpark byr på kvalitetar som går langt utover normalen; bustader heilt i sjøkanten, sandstrender og båtplass. Men ifølgje tiltakshavarane har dei ikkje kome i gong med prosjektet enda, då dei manglar å selja ein til av dei store bustadane, eller to av dei små for å setja i gong med prosjektet.

– Ja, responsen kunne vore betre, medgir Sondre Natås Strand, huskonsulent i Blink Hus Steinsbø. Han trur den største utfordringa er at prisen som er sett på dei ulike einingane inkluderer både tomta og nøkkelferdig bustad.

Ei sak om pris

– Tomter i Valevåg og Tittelsnes med nærleik til sjø, blir seld i prisklassen 1-2 millionar kroner. Skal ein så byggja på desse tomtene blir totalprisen mest sannsynleg rundt dei prisane me har lagt ut bustadane våre til. Men betalar ein tomta først, og byggjer ei stund etter, følast det kanskje ikkje så dyrt sidan ein ikkje ser heile totalprisen med ein gong. Det er nok på grunn av prisen at responsen ikkje har vore heilt på topp, men prisane er altså korrekte, fastslår huskonsulenten.

– Eg meiner Valevåg ligg slik til at det skal vera fullt mogleg å lokka fleire stordabuar over fjorden. I staden for å bu på Stord, kan dei få sjå på Stord og «Manhatten» som me kallar Leirvik om kvelden med høge kranar og bygningar med lys i, seier Sondre Natås Strand, huskonsulent i Blink Hus Steinsbø.

– Hyttesalet har teke seg kraftig opp, medan bustadsalet/bygginga har stått nokså stille. Kan du sei noko om korleis de har opplevd dette?

– Det var nok ikkje berre fritidsbustadane som tok av etter pandemien, men også bustadsalet har gått unna. Folk vil bruka meir pengar på heim og fritid, dette inkluderer nye hus, hytter, tilbygg, oppussing, terrassar og hageområde. Det som var litt uheldig er situasjonen me har opplevd frå februar i år til nå, med skyhøge prisar på byggjevarer. Det er ingen som klarar å kopla dette direkte opp mot pandemien, men ein trur årsaka er ein kombinasjon av høg etterspurnad, som kan stamma frå at folk handlar meir byggevarer under pandemien, og nokre barkebillar i Canada, som gjorde at USA måtte handla materialar frå Europa, opplyser Natås Strand.

Utnytta og styrkja bygdene

– Kva har de lagt vekt på i dette prosjektet?

– For meg betyr nok dette prosjektet meir enn det ville gjort for andre utbyggjarar. Eg bur sjølv i Førde, og heiar på og ønskjer ein styrkja nordre del av Sveio. Der finst dei desidert flottaste tomtene, ein uslåeleg utsikt, og ein fantastisk lokalbefolkning og samfunn. For meg er det viktig at heile Sveio blir utnytta og bygdene blir styrka. Førde har opplevd god vekst i fleire år, mens det er litt meir kritisk i Auklandshamn og Valevåg/Tittelsnes, seier Natås Strand.

Lokasjonen er viktigast

Huskonsulenten trekkjer fram at det er lokasjonen som er viktigast i dette prosjektet, då det vil tilføra nye innbyggjarar til bygda og forhåpentligvis fleire skuleelevar.

Prosjektet skal byggjast på bnr. 4, gnr. 8 i Valevåg. Planen har heile tida vore å utvikla og byggja ut denne eigedomen. Det er Øyvind W. Lie v/ Ecount Eiendom som kjøpte eigedommen etter dialog med Natås Strand i Blink Hus Steinsbø.

Powered by Labrador CMS