Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
bygg og bu
Teak, messing og funkis-stil
På småbruket i Auklandshamn hadde det ikkje budd folk fast på 30 år då Anette Storstein (56) overtok sommaren 2015. No bur ho, ektemannen John Sigfred Stokke (65), Dina (17), to hestar, sju høner, ein hane, ein hund og fire kattar på garden. Jula 2024 stod eit flunkande nytt tilbygg på 105 kvadratmeter ferdig og klart til bruk.
Anette Storstein var i 2015 på leit etter ein stad å bu kor det var plass til å driva med hestar. Huset i Auklandshamn var lista som hytte i salsannonsa, men då Storstein tok kontakt med kommunen, viste det seg at det var, og alltid hadde vore, eit småbruk.
Det var ikkje veg heilt fram, ikkje kloakksystem og ikkje datanett. Attpåtil var huset frå 1938 fullt av gammalt rot og søppel. Det blei derfor mange turar med tunge bører fram og tilbake frå parkeringsplassen til huset på sølete underlag, men alle desse tinga blei det raskt ei ordning med.
– Når det regnar på Vestlandet, blir det sørpe overalt! Då eg møtte folk den første tida, sa dei gjerne: «Å, det er du som bur på Reksteren?», som var namnet på området tidlegare. Etter at eg hadde ordna med veg heilt fram til huset, introduserte eg meg som «ho med vegen». Då visste alle kven eg var, minnest Anette og ler.
Teikna planløysinga sjølv
Då John Sigfred flytta inn i 2022, fekk ønsket om større kjøkken, bad utan skråtak og golv som ikkje blir kalde om vinteren, bein å gå på. Dei innsåg raskt at dei ville behalda den gamle delen slik han var og heller bryta heilt med det gamle og reisa eit tilbygg i funkis-stil. Planløysinga teikna dei sjølv, og med god hjelp av arkitekt Bjørn Tore Færaas og byggmeistrane Geir Ove Stokke og Olav Andre Olsen var alt klart til oppstart av gravearbeid 2. januar 2024.
– Anette var optimist og tenkte først at alt var ferdig utpå våren, så til sommaren, så til hausten. Me spøkte med at me ikkje kom oss inn før til jul, men slik blei det, seier John Sigfred.
– Ting tek meir tid enn ein trur, supplerer Anette med eit smil.
Jula 2024 kunne dei altså ta i bruk funkis-delen av huset. Stramme, nymala flater venta på at Anette skulle setta sitt preg på dei.
Nytt og brukt
– Eg likar at ting er stilig, men det skal ikkje vera sterilt. Det må vera varme og kos, konstaterer Anette, som har samla teakmøblar og handla flittig på gjenbruksbutikkar i ei årrekke.
– Ho er ei kunstnarsjel og har fått utfolda seg med alt kva gjeld interiør, fargeval og møblar, seier John Sigfred.
Til dagleg er han energileiar ved Hydro Karmøy og likar at ting er på stell. Nybygget har vassboren varme i alle rom, avtrekksvarmepumpe, nye eldstader med stålpipe og bygd etter TEK17-standard.
– Eg må ha det skikkeleg. Likar ikkje å juksa, seier John Sigfred.
Inspirasjon
Anette abonnerer verken på interiørmagasin eller følger designbloggerar på Instagram. Ofte kan det vera ein enkelt ting som blir utgangspunktet for resten av interiøret i rommet. Paret er gode på gjenbruk og på å finna ting på sal. Då Bauhaus i Haugesund la ned, gjorde dei mange kupp, og det var der inspirasjonen til hovudsoverommet kom frå.
– Me var på Bauhaus og eg såg eit teppe høgt oppe på ei hylle. Då slo det meg, eg må ha teppe på soverommet, fortel Anette.
Det grønfarga teppet la malen for fargeval i resten av rommet, som inneheld både walk-in-closet og vedfyrt varmeomn. Store vindauge sørger for ei fantastisk utsikt mot aust. Frå soverommet er det også utgang til ein stor, solrik terrasse. Fargar, mønstertapet, møblar og dekor gir rommet ei lun og god atmosfære.
Lysekrone og malarpensel
Mykje av det som blei handla på Bauhaus, stod på lager i fleire månadar fram til det skulle nyttast. Då dei svarte baderomsplatene skulle monterast på badet i andre etasje, fekk dei seg eit aldri så lite sjokk. Dei trudde fugene var mørkegrå, men dei viste seg å vera kvite. Løysinga blei å mala dei.
– Eg fann ein liten, tynn malarpensel og sette i gong. Det tok mange timar, men resultatet blei bra! Når ein merkar noko ein vil ha annleis, så må ein ordna det med ein gong, eller så kjem du til å trega, råder Anette.
Lysekrona på badet oppe sette tonen for resten av interiøret. Ein over 100 år gammal kommode kjøpt på auksjon i Sauda for mange år sidan blei pussa, malt svart og ombygd så det blei plass til ein vask. Mosaikkfliser blei klipt til og ordna, men det var noko som mangla.
– Her må eg til med noko, tenkte eg. Når eg har kome på ein idé, så må det skje. Eg prøvde først med gullmaling, men nei, det blei ikkje rett. Bladgull frå Søstrene Grene derimot var akkurat det som skulle til for å gi kommoden rett utsjånad, seier Anette.
Ferdig?
Anette og John Sigfred er begge frå Karmøy, men trivst godt på småbruket i Sveio og dei er godt nøgde med resultatet av utbygginga. Det er likevel ikkje snakk om å ta ein pause.
– Nei, nei, nei, nei, pause?!? seier Anette, ristar på hovudet og ramsar opp fleire ting som står på planen.
Det gamle kjøkkenet skal gjerast om til inngangsparti, eldhuset setjast i stand og uteområdet få hagedammar. Til garden høyrer også eit sjøhus som dei har lyst å setja i stand.
Paret delar meir enn gleda med å bygga og fiksa. Dei er begge musikarar. På tomta har dei bygd seg eit studio kor Anette Storstein med band øver ein gong i veka. I 2023 ga Anette ut plata «Veien».
Utanfor studioet er ein stor terrasse, mest som ei utescene og du skal ikkje sjå vekk frå at det ein gong blir arrangert konsert på «Reksteren», hos «dei med vegen».