bygg og bu
Store skattar til små summar
Gjenbruksbutikkar kan vera ei god løysing for dei som vil skifta ut møblar eller nye ting til heimen. Ofte kan ein finna mykje billig som treng litt eller ingen utbetring. Her er oversikta over mogelegheitene som ligg omring Sveio.
Sveio
Gjenbruksløa
Om du ikkje kjenner Gjenbruksløa, har du truleg køyrd forbi ho mange gonger. Her finn ein tre etasjar med møblar, kjøkenutstyr, treningapparat, bøker og mykje meir.
Byr også ofte på vaflar og kaffi.
Adresse: E39, FørdeOpningstid: fredag 14-18, laurdag 11-15.Her sel dei: møbler, kjøkenutstyr, treningsapparat, bøker, kler og meir.
SIM miljøstasjon Sveio
Sidan mai har dei eit eiga rom kor ein kan kjøpa, for symbolske summar, ting andre tenkjer kan gleda andre i staden for å kastast.
Adresse: Leitevegen 21Opningstid: måndag og torsdag 10-18Her sel dei: Møbler, barneleikar, kjøkenutstyr og meir.
Bømlo
NMS Gjenbruk Bømlo
Ein butikk i ei kjede som vert drive av Det Norske Misjonsselskap (NMS) som er ein frivillig organisasjon. Inntekta går til organisasjonen og deira prosjekt rundt i verda. NMS Bømlo er ein av to NMS-butikkar på kvar si side av Sveio.
Adresse: Bankbrekko 12, 5430, BremnesOpningstid: mandag – onsdag 10-16, torsdag 10-18, fredag 10-16 og laurdag 10-15.Her sel dei: møbler, kjøkenutstyr, treningapparat, bøker, kler og meir.
Haugesund
Norsk Folkehjelp Gjenbruksbutikk
Overskotet frå butikken går til den lokale foreininga på Haugalandet, som nyttar inntekta til aktivitetar for barn og eldre.
Adresse: Karmsundgata 52, 5531 HaugesundOpningstid: onsdag-torsdag 10-18, fredag 10-16, laurdag 11-15.Her sel dei: kvitevarer, møbler, kler, kjøkenutstyr og mykje meir.
Affi Bruktbutikk
I likskap med SIM har HIM eiga bruktbutikk kor folk kan levera saker i staden for å kasta dei.
Adresse: Årabrot miljøpark, 5514 HaugesundOpningstid: tysdag – fredag 10-15, onsdag 10-19 og laurdag 9-14.Her sel dei: Utvalet varierer naturlegvis, men ofte møblar, kjøkenutstyr og treningsutstyr.
NMS Gjenbruk Haugesund
Ein butikk i ei kjede som vert drive av Det Norske Misjonsselskap (NMS) som er ein frivillig organisasjon. Inntekta går til organisasjonen og deira prosjekt rundt i verda.
Adresse: Kirkegata 165, 5525 HaugesundOpningstid: tysdag og onsdag 11-15, torsdag 11-17, fredag og laurdag 11-15.Her sel dei: møbler, kjøkenutstyr, treningapparat, bøker, kler og meir.
Fretex
Fretex er butikkane til Frelsesarmeen, kor ein tek imot brukte klede og liknande og sel det til inntekt for arbeidet Frelsesarmeen gjer.
Adresse: Longhammarvegen 7, 5536 HaugesundOpningstid: måndag – fredag 10-17, laurdag 10-16Her sel dei: kler, bøker og møbler.
Det gule hus Haugesund
Ein konseptbutikk kor folk kan leiga hylleplass for å selja eigne ting.
Adresse: Raglamyrvegen 2Opningstid: måndag – fredag 10-20, laurdag 10-16.Her sel dei: Varierer, men ofte klede til vaksne og barn.
Stord
Det Gule Hus
Ein konseptbutikk kor folk kan leiga hylleplass for å selja eigne ting.
Adresse: Sæ 14, i LeirvikOpningstid: man-ons 10-16, torsdag 10-21, fredag 10-18 og laurdag 10-15Her sel dei: I hovudsak klede, men også mykje elektronikk, små møblar og kjøkenutstyr.
Gjenbruken Stord
Del av ei kjede bruktbutikkar i heile landet med til saman 1.800 frivillige. Inntekta går mellom anna til prosjekt rundtom i verda, og Noreg.
Adresse: Rundehaugen 33 på HeianeOpningstid: tirsdag – fredag 11-16, laurdag 11-15Her sel dei: møbler, kjøkenutstyr, klede, treningsapparat og meir
Karmøy
Gjenbruken Karmøy
Del av ei kjede bruktbutikkar i heile landet med til saman 1.800 frivillige. Inntekta går mellom anna til prosjekt rundtom i verda, og Noreg.
Adresse: Øygarden 2, Avaldsnes
Opningstid: tysdag – fredag 11-16, laurdag 11-15.
Her sel dei: møbler, kjøkenutstyr, klede, treningsapparat og meir
Tysvær
Galleri Normisjon Aksdal
Ein gjenbruksbutikk som reklamerer med variert utval, kor overskotet vert delt mellom Stemnestaden leirstad og eit sjukehus i Nepal.
Adresse: Aksdalsvegen 163 (Aksdal senter), 5570 Aksdal
Opningstid: tysdag og onsdag 11-15, torsdag 11-17, fredag og laurdag 11-15.
Her sel dei: Møbler, kjøkenutstyr, bøker, kunst og glasvarer
Vindafjord
Ølen Brukthandel
Ein bruktbutikk i nærleiken av hamna kor inntekta går til Ølen idrettslag og Kyrkjetunet.
Adresse: Sjoargata 59, 5580 Ølen
Opningstid: torsdag 13-17 og laurdag 11-15
Her sel dei: Kjøkenutstyr, møblar, glasvarer, kunst og fritidsutstyr som til dømes syklar.
Ta kontakt om store møblar
Og viss du ynskjer å kvitta deg med noko du trur andre kan lika, kjem gjenbrukstilsette med følgjande råd:
– Er det store møblar kan det vera greit å ta kontakt på førehand på telefon, og gjerne senda eit bilete, seier Gunnlag Bastesen Dale, regionsansvarleg Sør-Vest hjå det Norske Misjonsselskap.