Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
bygg og bu
Sjå over huset utvendig før vinteren
Huset ditt kan venta seg hard medfart når det skal stå ute i vind og regn, snø og kulde gjennom vinteren. Difor er det viktig å ta ein sjekk no for å sjå at alt er på stell. Det kan førebyggja kostbare overraskingar seinare.
Informasjonskontoret for farge og interiør (IFI) har utarbeidd ei sjekkliste som kan vera til hjelp når du skal klargjera eigedommen din for vinteren. Denne lista ser slik ut:
Sjekk taket
Taket blir utsett for stor belastning når det blir utsett for regn og vind, snø og is. Skader på takstein, shingel og beslag kan føra til inntrenging av vatn. Det er ikkje sikkert du oppdagar lekkasjen med ein gong, og om det frys på kan det oppstå frostsrenging som gjer skadene større.
Om du alt no får tatt ein kikk på taket, kan du samstundes børsta vekk mose. Og har du snøfangarar kan du sjekka at dess sit godt der dei skal.
Vegg og fasade
Vatn er som skadedyr for veggen, og det blir raskt eit problem om du har skader på malingfilmen. Synlege problem som blæring, flassing, avskaling av maling og oppsprekking kan tyda på at det er fare på ferde.
Finn du skadene på eit avgrensa område kan du utbetra dei flekkvis. Rekk du ikkje å mala før vinteren kjem, kan du påføra impregneringsolje på sprekkene. Det er ikkje ein fullverdig reparasjon, men beskyttar vesentleg betre enn å la det stå ubehandla.
Takrenner og nedløp
Dersom takrennene er tette av lauv og skit, renn korkje regn eller smeltevatn vekk. Takrennene vil flomma over eller frysa sund. I begge tilfelle fører det til at vatnet renn mot husveggen i staden for vekk i nedløpsrøyret. Vatn i slike mengder på eit konsentrert område på fasaden kan gi store fukt- og frostskader på veggen, forklarar teknisk rådgjevar hos ifi.no, Chera Westman.
Har du tid og sjanse til det, kan du også vurdera å utbetra skader på sjølve takrennene og nedløpsrøyra. Det er ikkje uvanleg at dei har litt hard medfart der folk og køyretøy ferdast. Heldigvis kan både renner og røyr malast.
Dører og vindauge
Når me har kontroll på at vegger og tak held tett, er det viktig å dobbeltsjekka at ytterdører og vindauge held same standard.
Opplever du mykje trekk, kan du vurdera å setja på ei tetningslist eller rett og slett byta ut den gamle døra eller vindauget. Å ta i bruk den gamle skikken med vintergardiner, altså tjukkare og fôrte gardiner, kan vera til god hjelp innandørs om vindauga trekkjer og er dårleg isolerte.
Utekran
Steng utekranen og tøm han for vatn.
Utemøblar og grill
Hagemøblar som ikkje skal brukast før neste vår, bør vaskast, tørkast og gjerne overflatebehandlast. Det gjeld både tre- og plastmøblar. Maling, olje eller annan impregnering vil syta for at møblane er klare til bruk neste år. Grillen bør reinskast for fett og salt.
Har du ikkje plass i bod eller garasje kan møblane stå ute, men då må dei dekkast av presenning som er meint for slik bruk. Det er kanskje praktisk å stabla møblane inn mot husveggen, men då kan snø og is fangast tett på veggen bak presenningen og føra til vasskader når det smeltar. Det kan også vera aktuelt å sikra møblane mot at vinden dreg av garde med dei.
Impregnering av naturstein
Har du steinheller eller andre hageelement av naturstein, kan det vera ein fordel å få impregnert desse no. Sjølv om steinen er hard, har mange steintypar ei porøs overflate som det kan trengja fukt inn i. Er du uheldig kan du få frostsprenging.
Markiser og parasollar
Dette er også eit godt tidspunkt å vaska og impregnera solskjerminga. Gode markiser er ei investering, og dei må vedlikehaldast for å halda i mange år. Reingjer med eit eige vaskemiddel og lat det tørka godt. No er eit godt tidspunkt å impregnera tekstilet før du rulllar inn eller pakkar bort.
Rydd i boda
Til slutt bør du ta ein ekstra kikk inn i boda eller garasjen, når du der inne stablar grill og utemøblar som skal vinterlagrast. Ser du flasker med kjemikalier eller malingspann, er det ein fordel å få desse i romtemperatur om boda ikkje alt har dette. Sprekker i behaldarar med kjemikalier kan gi ei ubehageleg overrasking når mildveret kjem etter ein frostperiode.