bygg og bu

Pussa opp eller rydda ut? Her er nokre tips frå SIM

Oppussing er kort forklart når ein skal inn med det nye og ut med det gamle. Men kvar, og korleis, skal det gamle leverast og sorterast? Følg desse råda, spar pengar, og høyr om det merkelegaste folk har teke med til SIM.

Publisert Sist oppdatert

Dette kan du kasta gratis

  • El-avfall (tv, kvitevarer, batteri, lyspærer)
  • Farleg avfall (bilbatteri, kjemikaliar, sprayboksar)
  • Impregnert trevirke
  • Hageavfall
  • Dekk utan felg

Aimar Hansen og Gry Kristin Karlson jobbar begge på SIM sin gjenbrukstasjon i Sveio. Sidan dei tek imot alt avfallet, er dei mogelegvis dei to som veit best når det er sesong for oppussing.

– Høgsesongen er frå påske til slutten av august. Det byrjar å roa seg mot hausten, seier Karlson.

Forarbeid sparar deg for mykje

Oppussinga kan ta mange formar. Nokon riv ned gamalt og sett opp nye veggar, golv og liknande. Andre har overteke hus og skal rydda vekk mykje som står att. Det mange har til felles er ei rekke typiske feil under levering og sortering.

– Har du nokre råd om handtering av avfall?

– Spar tid og sorter avfallet ditt på førehand heima. Det er betre å gjera det der enn å springa att og fram her. Og bruk gjennomsiktige plastsekkar, seier Hansen.

– Då vert det mindre kø og betre flyt, seier Karlson.

– Og har du mykje av noko, så bør du levera det samtidig, seier Hansen.

Eit døme er trevirke. Er det impregnert og uimpregnert bør ein likevel sortera dei kvar for seg. Førstnemnde kan du kasta gratis, men kjem du med eit blanda lass av treverk må du betala. I det store biletet kan ein fort spara pengar og tid viss fleire av lassa vert gratis grunna riktig sortering.

– Kvifor er impregnert trevirke gratis å levera?

– Det inneheld giftstoff. Det har vorte betre, men er framleis farleg, seier Karlson.

Same feil går att

Oppussing og rydding kan by på ei brei mengde av avfall. Feila folk gjer går ofte att.

– Mange trur isolasjon skal i brennbart restavfall, men det skal det ikkje, seier Karlson.

– Og så sorterer folk feil. Små elektriske ting og batteri hamnar i brennbart restavfall. Det brenn nesten dagleg i norske anlegg grunna slikt. For ikkje lenge sidan brann det stort i Stavanger, seier Hansen.

Så ikkje putt alt i ein sekk, eller som ein slags pytt i panne på tilhengaren. Då vert det uoversiktleg for både kunde og SIM, samt at ein må springa rundt på heile anlegget for å kasta. Det er ikkje alt som er farleg å kasta feil, men det skaper likevel ekstraarbeid for dei tilsette, som dei heller kunne ha nytta til rettleiing av kundar.

– Ofte kastar folk ei tv-eske av papp, kor all isoporen framleis ligg oppi. Eller ein plastpose full av papp i papiravfallet. Det fiskar me opp nesten kvar gong me har ope, seier Karlson.

Konsekvensen er at viss det er for mykje av feil avfall, så vert den ikkje resirkulert, men sendt til brenning slik brennbart avfall vert.

– Det meste av desse feila kan du unngå, berre du spør oss, seier Hansen.

Høgsesongen over

Noko fint å høyra er kor flinke sveibuar er til å nytta stasjonen. Oppussing vart meir populært då pandemien stod på, men det veit dei ikkje riktig om hadde effekt i Sveio.

– Merka de ein auke i oppussing etter pandemien?

– Kan ikkje seia me merka nokre toppar. Me har jamn straum av kundar og boss. Det einaste var når prisane på impregnert treverk gjekk til himmels, då vart lite kasta, seie Hansen.

– Då var det jo plutseleg mange færre som reiv ned gamalt, legg Karlson til.

Sidan dei held ope to gonger i veka, er det ofte full fart frå morgon til kveld i høgsesong. Då er det litt fint at det kjem til å roa seg framover.

– Spør folk om de kan halda ope meir?

– Hadde folk bestemt, så hadde me vore ope alltid, seier Hansen.

– Heile døgnet, ler Karlson.

Fekk ei høne å plukka

Om du held på å rydda ut eller pussa opp, men ikkje kan levera måndag eller torsdag når dei har ope, så fortvil ikkje.

– Det er ikkje verre enn å køyra til SIM på Stord, der er det same pris for sveibuar, seier Hansen.

– Me må spørja, kva er det merkelegaste som har vorte kasta her?

– Ikkje så mykje merkelig, men du trur du har sett alt og så kjem det ein luring, seier Hansen.

Mellom anna har dei slutta å ta i mot eksplosiv. Karlson kjem på noko artig, sjølv om det enda med å (heldigvis) ikkje bli kasta.

– Det var ein gong ein kunde som fekk med ei høne ved eit uhell. Den hadde vandra opp på tilhengaren og vorte med. Den vart henta ut og teke med heim att, humrar ho.

Powered by Labrador CMS