Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
bygg og bu
Moderne bruk av gamle hytter og hus aukar risikoen for elektriske brannar
Gamle sikringsskap kan utgjere ein brannfare, særleg på hytter og hus med eldre elektriske anlegg.
Mange nye hytteeigarar har kjøpt eldre hytter med sikringsskap som ikkje taklar moderne bruk.
Stian Ekhougen, el-kontrollør og dagleg leiar hos Minel Drøbak Elektriske, åtvarar:
– Ikkje dimensjonert
– Når du tar i bruk eit elektrisk anlegg frå 60-talet med brukarvanane frå 2025, så er det ikkje dimensjonert for forbruket. Det er snakk om når og ikkje om det blir branntilløp.
Skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen frå Fremtind understrekar kor viktig det er med regelmessig kontroll:
– Hytta er ofte familien sin fristad med enormt mykje arbeid som er lagt ned, ofte gjennom generasjonar. Då er det verdt å ta ein grundig sjekk ein gong iblant og byte ut det du treng.
Oppstår brann på uventa stader
Ekspertar rår hytteeigarar til å sjekke sikringsskapet for teikn på overoppheting, som varme, misfarging, brent lukt eller knitring. Det er også viktig å kontrollere jordfeilbrytaren og overspenningsvernet regelmessig.
Ekhougen påpeikar at brannar ofte oppstår på uventa stader i eldre elektriske anlegg.