Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
bygg og bu
– Me har fått gjort det me drøymte om
Torsdag 29. august dukka den første annonsen om garasjesal på Vestvik opp i Vestavind. Brita Flornes (76) og Øyvind Særsten (75) har selt draumeplassen i Auklandshamn og sel unna saker og ting for å minka på flyttelasset. Å flytta var eigentleg aldri i planane deira.
Seks år har gått sidan paret slo til og kjøpte småbruket i Sveio. Gardshuset frå 1600-talet med to tilhøyrande sjøtomter og 650 mål landbrukseigedom hadde stått til nedfalls i mange år. Likevel var dei ikkje i tvil då dei såg på plassen i 2018. Begge trakk pusten og tenkte:
– Ja takk! Her kan me vera.
Den omfattande restaureringa og ombygginga dei så sette i gong med, fekk merksemd i ein artikkel i Vestavind i mars 2022. Huset har no moderne fasilitetar og ei romløysing teikna av Brita sjølv.
– Det var ikkje buplikt her då me kjøpte, fortel Brita. Me budde i ei leilegheit i Leirvik og pendla att og fram mens renoveringa stod på som verst. På tunet hadde me ei campingvogn, ho fungerte som arbeidsbrakke.
Brita og Øyvind snakkar varmt om dei lokale handverkarane og hjelpa dei fekk frå kommunen i arbeidet med å gjera gardshuset råd å leva i. 14. august 2020 fekk dei ferdigattest på bustaden, og no er det buplikt på garden. Draumeplassen var klar. Her kunne dei vera.
Uventa vending
2022 hadde meir i vente for det nevenyttige paret enn eit besøk av lokalavisa. 22. juli brakk Brita lårbeinet to plassar etter eit fall, og i november fekk Øyvind diagnosen Alzheimer. Alzheimer er ein kronisk hjernesjukdom med symptom som hukommelsestap og vanskar med å finna dei rette orda.
– Den største utfordringa mi er nok at eg må gira ned litt. Heldigvis er Øyvind god på å gi meg beskjed og lar seg ikkje overkøyra. Han kan å seia stopp, konstaterer Brita.
Øyvind har starta på bremsemedisinar, og Brita opplev han som mykje friskare enn første året. Ting som har hendt for lenge sidan, er lettare å minnast enn nylege hendingar. Det å planlegga og sjå konsekvensar er vanskeleg.
– Han er framleis god på å finna løysingar, men er meir treneva no enn før, smiler ho.
– Du må seia kva eg skal gjera, supplerer Øyvind.
Ein dag om gongen
I starten av november set dei kursen mot ei leilegheit i sjøkanten i Kristiansand. Med Bredalsholmen Fartøyvernsenter og Bragdøya Kystlag som nærmaste naboar, blir det mykje å sjå og vera med på for dei båtinteresserte pensjonistane.
– Eg gler meg til å flytta. Det ser veldig fint ut, seier Øyvind.
Paret tar ein dag av gongen og vel å ikkje ta sorgene på førehand. Draumeplassen i Sveio overlét dei i dei beste hender.
– Me føler me har fått gjort det me ønskte. No greier me ikkje å ta vare på garden slik me gjerne helst vil. Då familien som har kjøpt garden, var på visning, tenkte dei det same som me gjorde då me såg Vestvik fyrste gongen. Ja takk, her kan me vera, seier Brita. Så me trur både garden og prosjektet vårt er i trygge hender.
Fantastiske menneske
Når Brita og Øyvind ser tilbake på tida i Sveio, er dei takksame for mottakinga dei fekk i bygda. Me har aldri budd ein stad der både kommunen og nærmiljøet har tatt så godt imot oss som her på Vestvik, meiner dei. Dei blei begge raskt medlem i Sveio Kystlag og fann seg godt til rette der. Og oppmøtet på garasjesalet var over all forventing.
– Folk kom og var fortvila over at me skal flytta, fortel Brita.
Ting som ikkje blir selt, vil gå vidare til Gjenbruksløa før Brita og Øyvind pakkar i bilen og set kursen mot Kristiansand der Brita har budd i 45 år tidlegare. På dagsenteret i Sveio hendte det at Øyvind trefte på tremenningar. Slik blir det nok ikkje i Kristiansand, men verken han eller Brita kvir seg av den grunn.
– Han er omgjengeleg, så det går nok heilt fint, smiler Brita.