bygg og bu

– Me er på ville vegar

Axel Isdahl (68) prøver å lausriva seg frå å bruka kunstgjødsel, men får ikkje produsert nok kompost. På hytta står ein ombygd 1.000-liters dieseltank som brukar åtte-ti veker på å laga god kompostjord. Det er ikkje raskt nok for den ivrige hobbygartnaren.

Publisert Sist oppdatert

Lengst ute på Våganeset i Sveio ligg Hyttisen til Axel Isdahl med Ålfjorden som næraste nabo. Godt skjerma bak ein robust svartsurbærhekk er rader med grønsaker og prydplanter i skjønn foreining. Det var etter eit besøk og to på hageparadiset Flor og Fjære utanfor Stavanger at planane om å laga sin eigen blomsteroase sette fart.

Blomsterhav

For seks-sju år sidan var anleggsmaskinane i gang. Mangfaldige vogntog med jord og torv danna grunnlaget for hagedraumen rundt hytta. Med inspirasjon frå engelske og franske slottshagar planta han sommarblomster for meir enn 70.000 kroner første året. Resultatet blei eit blomsterhav av dimensjonar.

Tilfelle og nye kjennskap gjorde at han året etter fekk forkultivera planter i eit drivhus nord i Haugesund. Inghild Fludal planla utsjånaden og saman med ein dugnadsgjeng planta Isdahl 1.500 planter på tre timar det året. Hagelag, nysgjerrige og til og med parkavdelinga i Haugesund har vore på besøk hos Isdahl.

Den gode jord

Isdahl såg raskt behovet for å skaffa plantene sine nok og god næring. Med tusenvis av vekster som skal blomstra og gro, er det ikkje lite næring som må til. Kunstgjødsel vil han aller helst slutta å bruka.

– Me er på ville vegar. Kunstgjødsel er rik på komponentar som plantene likar, men det krev enormt med energi å framstilla. Det plantene ikkje rekk å bruka, renn ut i, og forureinar vassdrag og fjordar, fortel Isdahl. Gamle kulturar hadde ein betre praksis enn den me har i dag.

– Då dei grov ut gamle indianarplassar i Amazonas på 1960-talet, fann dei område med mørk humus-rik jord. Denne kalla dei Terra Preta, som er portugisisk for «svart jord» eller «den gode jord». Forskarar fann kolbitar frå leirbål, planterestar, matrestar og fiskeslo blanda i molda. Kolbitane spesielt sørga for at jorda då kunne halda på store mengder næring over tid. Det er ei slik næringsrik jord Isdahl lagar med å kompostera.

Amerikansk draum

Den roterande dieseltanken på 1.000 liter brukar åtte til ti veker på å omdanna matrestar og hageavfall til førsteklasses kompost, under oppsyn av Isdahl, så klart. Temperatur, fukt- og oksygennivå må vera rett om komposteringsprosessen skal starta og haldast i gong. Han tilset òg biokol som har millionar av små kammer. Når biokolet er «lada» kan det halda på næring i årevis. Isdahl held fram ei hand med det svarte stoffet.

– Hadde me bretta ut alle kammera i eitt av desse små korna, hadde det dekka ein heil fotballbane, seier han entusiastisk.

Sjølv med ein 1.000 liters tank får ikkje Isdahl nok kompost til sitt bruk og må spe på med kunstgjødsel. No har han fått tak i ein 800 liters biokomposttank frå eit burettslag i Bergen med eit litt anna patent. I den vil han kunna leggja inn varmekablar og på den måten få komposteringsprosessen til å gå mykje raskare. Oksygenstyring og fuktmålar skal òg på plass slik at han har full kontroll.

Draumen er likevel ein 5.000 liters tank frå USA.

Beredskapshage

Dei siste åra har Isdahl bytta ut mykje av blomane med grønsaker. Han er meir eller mindre sjølvforsynt med poteter, gulrøter, raudbete, kålrabi, blomkål og løk. Han oppmodar alle som har ein hageflekk til å dyrka eigne grønsaker.

– Det er ikkje store flekken som skal til. Ikkje er det vanskeleg heller, smiler han oppmuntrande.

I tillegg til tilførsel av store mengder næringsrik kompost, meiner Isdahl at å skifta på kva plante ein plantar i eit bed (vekstskifte) og å setta planter som gir kvarandre ein fordel i same bed (samplanting), er eit stort pluss om ein vil få til ei vellukka avling. Plantar du til dømes løk eller kvitløk saman med kål blir skadedyr på kål forvirra av lukta frå løken og held seg i større grad unna.

– Komposter heime

– Isoler ein firkanta kasse og ha eit lokk på. Innhaldet i komposten må ha varme, fukt og luft. Spa om i blant og pass på at det ikkje er for vått eller tørt, så lagar nedbrytarane varme, oppfordrar Isdahl mens han kikkar ut over hagen. Den utdanna kokken skifta karriereveg ei tid tilbake, frå kaféeigar på Markedet til maskinførar hos Vassbakk & Stol. Hage, jord og kompost er blitt ein lidenskap.

– Det er her eg trivst best. Sitta her med termosen og ei skive og nyta roen etter nokre timars arbeid i hagen.

Powered by Labrador CMS