bygg og bu

Leita etter gardsbruk, men kjøpte tre hytter

Det unge paret slo impulsivt til då tre utleigehytter nær Valevåg kom for sal. Omfattande oppussing er i gang, medan gjestene strøymer til frå 17 ulike land.

Publisert Sist oppdatert

Mellom velvaksne furutre og utsyn mot innseglinga til Valevåg ligg hyttetunet. Me er eit godt stykke unna allfarveg og har køyrt langs ein smal og svingete grusveg før reisemålet er nådd. Det ligg på toppen av ein bratt bakke like før brua over til Nappen ved Valevåg. Men hit finn mange turistar fram.

«Hotelldirektøren» for Nappahyttene, Tatsiana Kozel, tek imot oss på tunet og kan fortelja om særs godt turistbesøk denne sommaren. I den mest populære hytta var det knapt eit ledig døger gjennom månadene juli og august.

Hytta med flest besøk i sommar har lyst trepanel i taket og salong kjøpt brukt via Finn.no.

Flest utlendingar

– Dei fleste gjestene er utlendingar. Nokre kjem hit for å fiska i fjorden. Til desse gjestene kan me tilby tre ulike båtar med påhengsmotor. Andre vil berre slappa av i fredeleg natur, gå turar i nærmiljøet eller vitja turistattraksjonar og byar her på Vestlandet, seier Kozel. Ho legg til at hyttene ògså blir leigde ut til arbeidsfolk og besøkjande ved større industriverksemder i distriktet.

Dei tre hyttene kjøpte dagens eigarar for to år sidan. Hyttene har til saman 20 sengeplassar og blei bygde midt på 1990-talet. Dermed melder det seg trong for oppussing og vedlikehald. Sambuaren til Tatsiana, Håvard Jøsendal Fagerbakke, er ein nevenyttig kar og gjer det meste av snekkararbeidet på eiga hand, medan Tatsiana er blitt ein meister innan maling.

Hyttene ligg idyllisk til mellom velvaksne furutre.

Suksess med brukte møblar

I den nordlegaste av hyttene, Gunnarshytta – oppkalla etter morfaren til Håvard – blei mykje av malingsarbeidet unnagjort for snart to år sidan. I den romslege stova med kjøkkenkrok, er det høgt under taket med lys beis på trepanelet, heilt opp til limtredragaren i toppen.

Salongmøblar og spisebord med stolar er alt saman kjøpt fint brukt via Finn.no. Det same gjeld skinnsalongen i den midtre hytta. Nokre gjester blei så glade i salongen trekt i lysegrå tekstil at dei spurde om å få kjøpa han og få sendt han heim til Sveits.

Tatsiana fortel vidare at dei jamvel fekk tak i ein gratis lenestol i skinn med justerbar rygg og sete.
– Den stolen likar gjestane aller best å sitja i.

Denne lenestolen med trinnlaus regulering av sete og rygg har hytteeigarane fått gratis.

Malarkost og senebetennelse

Vertsparet måtte investera i eit aluminiumsstillas på hjul for å kunna arbeida nokonlunde effektivt og trygt i høgda. Tatsiana seier at med bruk av gjennomsiktig lys beis på furupanelet, må ein vera nøyaktig og dra penselstrøka langs eit panelbord om gongen for at det skal sjå fint og jamt ut.

Veggane har fått ein lys brun og gjennomsiktig farge på det liggjande panelet. Dører og karmar i denne hytta har fått påført ein grønfarge kalla «smoked green». Tatsiana fortel at det står att å måla vindaugskarmane i ei lys, nesten kvit farge.

I ein periode i 2023 blei det så mange og lange økter med maling og beising at det slo ut i senebetennelse hos Tatsiana. Ho har nå fått behandling og med fornuftig trening vonar ho å bli i stand til fleire rundar med malararbeid.

Ei av hyttene går gjennom omfattande rehabilitering.

Omfattande rehabilitering

I den sørlegaste hytta, som har fått namnet Jardarhytta – oppkalla etter far til Håvard – er eit større rehabiliteringsarbeid i gang. Halve taket i stova er utan panel. Men på den andre halvparten av taket er nytt panel komen på plass. Tatsiana har påført dette ein lys beis, som skal hindra at dagslyset gjer panelet gult over tid. Ho fortel at då dei byrja å riva ned gamle panelbord i taket, kom lekkasje-skadar til syne og isolasjonen måtte bytast. Dei fann òg eit par daude mus i den øydelagde Glava-matta.

I håp om å redusera fyringsutgiftene blir isolasjonen i den eine ytterveggen auka frå 10 til 15 cm. Utanpå isolasjonen er det lagt papplater med gullfarga bakside inn mot rommet. Desse skal kunna halda på og reflektera varme. Utanpå dei gullfarga skal veggane få montert fiberplater som skal målast.

Tatsiana har fargepaletten klar: Kastanjenøtt-farge skal påførast vindaugskarmar, golvlister og dører, medan veggane skal få ein svært lys gulfarge.

Nytt kjøkken er komen på plass, medan ei ny stillasvogn i aluminium er blitt viktig verktøy for å kunne jobba trygt og effektivt i høgda.

Varmepumpe eller golvvarme

Vedomnen har fått sin plass i det eine hjørnet av stova. Men ifølgje Tatsiana er det førebels ikkje avgjort om det blir varmepumpe eller golvvarme, som skal bli hovudvarmekjelda i Jardarhytta. Ny kjøkkeninnreiing er komen på plass. Det er også nye og større vindaugo i veggen med det beste utsynet. Målet er at hytta skal stå ferdig rehabilitert i løpet av inneverande år og dermed klar til ny utleigesesong.

– Me har alt fått «bookingar» for komande sommar, seier turistverten.

I den midtre hytta i Nappavegen 112, Mortenshytta, hastar det ifølge Tatsiana ikkje med oppussingsarbeidet. Men ho peikar på at taket blei av tidlegare hytteeigar måla i ein svært mørk, nærast svart farge, og at veggane er mørkebrune. Ambisjonen er etter kvart å gjera innsida av denne hytta lysare.

Utsyn frå frukostbordet i ei av hyttene.

Dramatisk endring i livet

For få år sidan verka det uventa og mest absurd at Tatsiana skulle vera hytteeigar og turistvert ved Valevåg. Ho er fødd og oppvaksen i Belarus (tidlegare Kviterussland), utdanna dansar og var profesjonell danselærar i heimlandet. Der møtte ho Håvard frå Haugesund medan han var på ferie for 11 år sidan.

Tatsiana har vore danselærar knytt til kulturskulen i Sveio og ved Kick Dansestudio i Haugesund. Håvard har vore offshorearbeidar. Etter kvart fekk dei lyst på eit gardsbruk med plass til drivhus, grønsakhage og bær. Men høvelege bruk var ikkje lett å finna. Brått kom dei over ei annonse for tre hytter ved Valevåg.

– Etter nokre dagar reiste me på vising. Då reiste me sjøvegen i eigen båt og kom hit til tunet langs stien frå båthamna og gjennom furuskogen. Ei veke seinare hadde me teikna under kjøpekontrakt, fortel Tatsiana.

Snart tre år seinare er Håvard framleis nordsjøarbeidar og står på heime i hyttene med oppussingsarbeid i friperiodane. Tatsiana snakkar flytande haugalandsk og har deltidsjobb som tolk i russisk. Ho leiger seg ut til tolkebyrå, som tilbyr tolketenester over heile landet, frå Finnmark i nord til Agder i sør. Til nokre tolkejobbar lyt ho reisa og vera fysisk til stades under tolkinga, men ofte kan tolking skje via telefon, Teams eller andre digitale plattformer.

Hyttegjestene får tilbod om å nytta badstova.

Planar om utviding

– Kanskje ein gong i framtida kan eg vera «hotelldirektør» på heiltid, seier Tatsiana med eit smil.

– Det er kjekt å driva med hytteutleige når ein møter så mange hyggelege og interessante menneske frå ulike land. Me lærer mykje av dette og blir godt kjende med fleire av gjestene. Nokre har til og med invitert oss på besøk, mellom anna til Tyskland.

Turistverten fortel vidare om ekspansjonsplanar for hyttetunet. Servicebygget skal endrast. Opphavleg var bygget reist med badstove og lagerplass for redningsvestar i den eine enden og eit rom med fryseboksar for mellombels lagring av gjestane sin fiskefangst i den andre enden.

Badstove-delen skal bestå som eit ekstra tilbod til gjestene. Men frysarrommet er i ferd med å bli bygd om til ei lita hybelleilegheit.

– Her vil me tilby korttidsutleige for to personar om gongen, seier Tatsiana.

Like ved servicebygget ligg ein liten jordbæråker, som har gjeve god avling denne sommaren. På motsett side av vegen er det mura opp eit litt større bed, som skal utviklast med ymse grønsaker og bærbuskar.

– Dette blir eit ekstra tilbod til gjestene. Her kan dei plukka bær og henta grønsaker til matlaging. Me ønskjer å gje gjestene det vesle ekstra, slik at dei trivst og får lyst til å koma attende til Nappahyttene, seier vertinna Tatsiana Kozel.

Powered by Labrador CMS